Fagstoff

Forsøksrapport

Publisert: 28.06.2011, Oppdatert: 01.08.2017
Laboratoriearbeid

I forsøksrapporten skal du publisere resultata frå forsøket til publikum. Rapporten skal innehalde det som er nødvendig for at lesaren skal forstå korleis forsøket er gjort, kva konklusjonar som er trekte, og på kva grunnlag dette har skjedd. Det skal vere mogleg å gjenskape forsøket og etterprøve resultata ut frå metodebeskrivinga.

Datalogging av pH-endring og lysstyrke i et fotosynteseforsøk. Foto.Datalogging av pH-endring og lysstyrke i eit fotosynteseforsøk.

Rapportskrivinga er siste delen av metoden og blir din måte å publisere på. Det er viktig at rapporten er ryddig og oversiktleg.

Reagensør med resultat etter eit fotosynteseforsøk. Foto.Resultat etter eit fotosynteseforsøk. 

Bilete av ein graf og ein tabell. Illustrasjon.Grafar og tabellar over forsøksresultat kan presenterast slik. 

6 ark med layout av innhold. Foto.Rapportane er enklare å lage og blir penare viss vi planlegg layouten. 

Eit lite program for utfyllingshjelp.Simulering: Slik kan du byggje opp ein forsøksrapport. 

Ført forsøk. Bilde.Døme på ført forsøk om fotosyntese og celleanding.

Å kommunisere resultata

I all forsking er det vesentleg at forskarane klarer å formidle resultatet av arbeidet sitt til andre forskarar og til publikum. Det er på eit slikt grunnlag at eksperimenta kan etterprøvast og viktige oppdagingar blir formidla i forskingsmiljøa.  I skulen skal du som elev formidle resultata av eit forsøk til dei andre elevane og til lærarane som skal vurdere arbeidet ditt. Du har moglegheita til å praktisere den vitskaplege arbeidsmetoden på ein enkel, men likevel seriøs måte.


Ein rapport inneheld vanlegvis desse punkta

 

Namn, klasse, dato og tittel

Her tek du med namna på alle i gruppa di som gjorde forsøket dersom du ikkje arbeidde aleine, og skriv ned datoen då forsøket blei gjort. Bruk den same tittelen som du brukte då forsøket blei presentert.

Hensikt (problembeskriving)

Her beskriv du kort kva problem som skal undersøkjast, og kva som er hensikta med forsøket.

Teori

Vanlegvis startar du rapporten med å vise til kjend bakgrunnsinformasjon som forsøket byggjer på. Dette skal gi lesarane ei forståinga av kvifor du ønskjer å undersøkje problemet.  For å finne bakgrunnsinformasjon kan du bruke bøker, artiklar og Internett, men hugs å ta med kjeldetilvisingar.

Hypotesar

Før du startar forsøket, lagar du ein eller fleire hypotesar. Desse presenterer du her akkurat slik du formulerte dei før forsøket starta.

Metodebeskriving og utstyr

MMetodebeskrivinga må vere nøyaktig og enkel, men likevel så detaljert at andre som vil etterprøve forsøket, lett kan forstå korleis du har arbeidde. Ta berre med viktig informasjon. Ofte kan det lønne seg å gi att metoden punktvis. Lag gjerne ei liste eller ein tekstboks over utstyret du har brukt, og ta med bilete som kan utfylle beskrivinga. Hugs å lage bilettekstar som kort seier kva bileta viser, og kven som er fotograf. Illustrasjonar bør plasserast der dei høyrer heime i rapporten.

Resultat og observasjonar

I dette punktet skal du presentere resultata på ein oversiktleg og nøyaktig måte. Det er no det er viktig å ha gode notat frå sjølve forsøket. Målingar kan godt presenterast i ein tabell og som ein graf. Observasjonar kan godt dokumenterast som bilete med tilhøyrande kommentarar. Alle tabellar eller figurar bør ha figurnummer og tilhøyrande forklarande tekst. Du bør òg ta med reaksjonslikningar for kjemiske reaksjonar. Dessutan skriv du ned eventuelle utrekningar du måtte gjere, under dette punktet.

Drøfting (tolkning av resultat og feilkjelder)

Her skal du forklare (drøfte) kva resultata fortel deg. Du må vere kritisk og vurdere om resultata er signifikante, altså om dei er til å stole på, og om du har eit resultatgrunnlag som er godt nok til å trekkje ein konklusjon. Du skal ta med drøftingar og forklaringar på det du har målt og observert. Beskriv alle moglege feilkjelder, og vurder om dei er store eller små. Kva kunne du eventuelt ha gjort annleis for å unngå feilkjeldene?

Konklusjon

I konklusjonen skal du vise til hensikta med forsøket og til hypotesane dine. Er hensikta oppnådd? Må hypotesane forkastast, eller kan dei verifiserast? Kanskje det er nødvendig med nye forsøk for å kunne trekkje ein konklusjon?

Kjeldeliste

Her gir du opp referansar til kjeldene du brukte då du gjorde forsøket, og då du skreiv rapporten. Du kan leggje lenkjer til nettsider direkte inn i teksten, eller du kan føre dei opp som fotnotar til slutt. Hugs at det er strenge reglar om opphavsrett for bruk av bilete som ikkje er dine eigne.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Relatert innhald