Fagstoff

Kosthald og livsstil

Publisert: 28.06.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Hugselappen

Som fagarbeider må du kunne setje samman eit kosthald som fremmer god helse. I tillegg må du kunne skape trivsel og gode rammer rundt måltidet.

Bilde av fornøyde gjester som inntar et måltid på restaurant

Fire halve brødskiver ligger på et matpapir sammen med en liter melk. FotoKva tilrådingar gir helsestyresmaktene gjennom kosthaldsråda? 

 

Et oppdekket langbord med lilla bord og høye blomsteroppsatser. Foto.Kva gjer ein servitør for at gjestene skal vere nøgde? 

 

Ansatte på bakeri. Foto.Kva kan dei tilsette på eit bakeri gjere for å tilfredsstille kundane?   

Mat er drivstoff for kroppen. Det gjeld likevel å ete rett, det vil seie mat som inneheld næringsstoff som kroppen treng. Rett kosthald handlar òg om kor ofte og kor mykje vi et og drikk. Dessutan er mat meir enn næring – det er kultur, og det er trivsel. Ramma rundt måltidet er viktig.

 

Nasjonens skjebne avhenger av måten de ernærer seg på. 

Jean Anthelme Brillat-Savarin / 
ordtak.no

 

Mandfolk er forfærdelig hyggelige naar de faar god mat. Jeg faar nok for alvor slaa mig på kokkeriet.

Hulda Garborg / ordtak.no

 

Tilfredsstille kundar – service og ernæring

Som yrkesutøvar i restaurant- og matfagbransjen vil du komme til å jobbe med kosthald i mange samanhengar. Du må derfor ha kunnskap om samansetjinga av maten og om kroppen sine behov for næringsstoff. For å hjelpe deg til å setje saman eit kosthald som er best mogleg, har styresmaktene komme med tilrådingar som byggjer på dei kunnskapane vi i dag har om kosthald og helse. Du må òg kunne lage og servere mat på ein måte som tilfredsstillar kundane.

Tenk over

Kosthald og livsstil handlar om ulike tema:

  • Kultur
  • Næringsstoff og matvaregrupper
  • Måltidet er meir enn mat
  • Tilrådingar og innverknad på helsa
  1. Lag eit tankekart for kvart av temaa. Kva har du lært om desse temaa på ungdomsskulen?
    Ta fram tankekarta når du er ferdig med å jobbe med temaa. Kva har du lært?
  2. Kva for kompetansemål i læreplanen seier at du skal lære noko om dette fagstoffet?
  3. Diskuter og lag ein plan for korleis du vil jobbe med desse temaa. Du kan lage ein plan saman med klassen eller ein eigen plan for deg sjølv.
  4. Lag ein tekst eller eit rollespel ut frå eitt eller fleire av bileta på sida.
  5. Diskuter kva sitata over tyder.

Kostsirkel. Foto.Kostsirkelen er et godt hjelpemiddel i kostplanleggingen.    

Oppgåver

Dekkast delvis av

Relatert innhald

Generelt