Hopp til innhald

Fagstoff

Skulefritidsordninga – SFO

I stortingsmeldinga «Vi smaa, en Alen lange» blir det drøfta konsekvensar for skuleløpet når seksåringar blir inkluderte i skulen, og SFO blir sett på som ein naturlig konsekvens av dette.
Bilde av leikeplass
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samarbeid skule - heim

I stortingsmeldinga blir det også understreka at skulefritidsordninga skal bidra til heilskap og samanheng for barna ved at ein samarbeider med skule, heim og dessutan kultur- og fritidstiltak i lokalmiljøet.

For barn som har vanskelege levekår, bør SFO inngå i det førebyggjande arbeidet ved å ha eit sosialpedagogisk perspektiv på innhald og organisering.

SFO skal vere ein arena for leik og fysisk aktivitet og samtidig vere ein aktiv kulturformidlar, lære barna gode matvanar, initiere samarbeid og samvær mellom barna innanfor ordninga og eldre elevar og skal dessutan bidra til å inkludere barn med annan kulturbakgrunn og barn med særlege behov.

Intensjonane og måla for kva SFO skal vere og bidra til, er dermed relativt omfattande. I stortingsmeldinga «Om skolefritidsordningen» vegrar ein seg frå statleg hald for å setje vilkår for innhaldet utover målsetjinga og dei føringane som er gidde i den tidlegare nemnde stortingsmeldinga. Det blir til dømes ikkje stilt krav til kompetanse og bemanningsnorm – sjølv om det blir understreka at kompetansen til leiaren har mykje å seie for kvaliteten på tilbodet.

Kvalitet

Det blir opna for ein stor lokal fridom for korleis ein vel å utforme SFO, og dermed er det ofte også stor variasjon i kvaliteten på det tilbodet som blir gitt. Dette kan ein sjå på som positivt ved at mindre styring fra statleg hald gir større lokal fridom i utforming av innhaldet.

Frå statleg hald er det ikkje stilt formelle krav for tilsetjing i SFO, men eit ønske om variert bakgrunn og erfaring hos dei tilsette: Pensjonistar, snikkarar, kunstnarar og andre interesserte vaksne har ei anna rolle og ei anna form for kompetanse som kan gjere kvardagen til barna meir innhaldsrik og verdifull. Det blir likevel nemnt at leiaren av SFO gjerne kan ha formell kompetanse. Dette gjer SFO unik samanlikna med skule og barnehage, der krava til formalkompetanse er tydeleg formulerte.

Utfordringar til deg

Yrke: Barne- og ungdomsarbeidar på SFO

Utfordringar til deg

  1. Kva for verdi meiner barne- og ungdomsarbeidaren du møter her, at utdanning har?
  2. Ho seier at barn treng å lære å løyse konfliktar. Diskuter korleis dette kan gjerast.
  3. På kva måte kan barn lære empati?
  4. Korleis bør ein møte barn som er i sorg?
  5. Korleis kan barne- og ungdomsarbeidaren gi barna tryggleik?
  6. Barne- og ungdomsarbeidaren i filmen fortel om observasjon. Kva er det?
    Lag ei teikning eller ein collage som viser kva du trur det er viktig å observere.
  7. Ho fortel at det er viktig å reflektere over det ein gjer. Kva betyr det?
  8. Korleis bør vaksne oppføre seg mot barn? Kva seier barne- og ungdomsarbeidaren i filmen, og kva meiner du?
  9. Diskuter kva for fordelar ein kan ha av at det er arbeidstakarar med ulik kulturbakgrunn på ein arbeidsplass.
  10. Ofte møter barne- og ungdomsarbeidaren barn frå ulike kulturar. Kva for omsyn må ein ta da?
Oppgåver til lydfila «Historien til SFO»
  1. Kva er SFO?
  2. Kan du finne nettverket for SFO på Internett?
  3. Kvifor blei SFO oppretta?
  4. Når kom dei første SFO-tilboda?
  5. Når blei det lovfesta å ha SFO?
  6. Kvifor er det store skilnader i korleis SFO blir drive?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Guri Bente Hårberg, Trine Merethe Paulsen, Gro Nedberg Grønlid, Lillian Brønseth og NAKU.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren