Fagstoff

Hjerneslag

Publisert: 27.06.2011, Oppdatert: 28.09.2017
Prestekragedame

Hjerneslag oppstår når blodsirkulasjonen til hjernen blir forstyrra. Dette fører til tap av kroppsfunksjonar. Hjerneslag er forårsaka av hjernebløding i 10–15 % av tilfella, medan blodpropp i blodårer i hjernen (trombose) er årsaka i 80–85 % av tilfella.

Bilde av hjernearteriarHjernearteriar 

 

 

 

Dei ulike områda i hjernen tek hand om ulike oppgåver, og symptoma som oppstår, vil derfor vere avhengige av kvar i hjernen blodproppen eller blødinga er.

 

Hjerneslag er ein alvorleg sjukdom. Det er fleire som overlever ved blodpropp enn ved bløding.

 

Drypp – TIA
TIA er eit lite hjerneslag der symptoma forsvinn innan 24 timar.

 

Livet etter eit hjerneslag – vanlege problem:

  • sosial isolasjon ved nedsett språkfunksjon
  • angst, uro eller depresjon

Omsorg og informasjon til dei pårørande er viktig.

FAST er ein hugseregel for symptom på hjerneslag. Dersom ein person har eitt eller fleire FAST-symptom, må vi ta kontakt med sjukehus eller lege. Det medisinske namnet på hjerneslag er apopleksi

Typisk for hjerneslag er at symptoma kjem raskt. 90 % av slagpasientane har eitt eller fleire FAST-symptom:

F: Fascialisparese – hjernelamming
(face tyder «ansikt», parese tyder «lamming»)

A: Armparese – lamming i arm

S: Språkforstyrring
(for eksempel at pasienten leitar etter ord)

T: Taleforstyrring
(talen blir utydeleg)

 

Årsaker til hjerneslag

Hjerneslag er vanlegvis eit resultat av ein blodpropp (hjerneinfarkt), eller ei bløding i eit av blodkara til hjernen. Dersom eit blodkar går tett eller sprekk, vil dei hjernecellene blodkaret normalt forsyner med blod, gå til grunne. Hjerneceller som døyr, blir berre i liten grad erstatta av nye celler. Det er òg avgrensa i kva grad andre celler kan overta oppgåvene til dei cellene som er døde. Dette er årsaka til at hjerneskadar i mange tilfelle fører til varige mein.

Faktorar som gir risiko for å utvikle hjerneslag:

  • høgt blodtrykk
  • tidlegare slag eller drypp
  • hjartesjukdom
  • diabetes type 1 og 2
  • aterosklerose

Video om hjerneslag 

Diagnose

Sjukehistoria er som regel nok til å stille diagnosen hjerneslag. Sjå FAST-symptoma over. Ei nevrologisk undersøking med vurdering av muskelaktivitet, refleksar med meir vil seie noko om kvar ein skade er, og kor alvorleg han er. Ved mistanke om, eller ved sikkert hjerneslag, blir det alltid anbefalt akutt innlegging på sjukehus. På sjukehuset vil dei utføre ei trommelundersøking, ein CT av hjernen, for å fastslå om det dreier seg om bløding eller blodpropp, eller eventuell annan sjukdom.

Behandling

Formålet med behandlinga er

  • å avgrense hjerneskaden
    • gi pasienten blodfortynnande medikament dersom hjerneslaget kjem av blodpropp
  • å avgrense funksjonsforstyrringa – å redusere risikoen for komplikasjonar
  • å minske risikoen for nye slag
    • få kontroll over sjukdommar som utløyste slaget
    • setje i verk tiltak som reduserer sjansen for seinare sjukdomsepisodar med hjarte- og karsjukdommar

Ein viktig del av behandlinga er å trene opp igjen tapte funksjonar, og dette blir starta opp tidleg. Rehabiliteringa skjer gjerne over lang tid.

Kontroll og behandling av vedvarande for høgt blodtrykk og kolesterol blir òg tilrådd.

Korleis er langtidsutsiktene?

Etter gjennomgått og overlevd hjerneslag er gjennomsnittleg overleving fem år. Mange får varig nedsett funksjonsevne. Mange pasientar vil ha behov for spesialisert rehabilitering og opptrening.

Relatert innhald

Aktuelt stoff for

Generelt