Fagstoff

Hjarteinfarkt

Publisert: 27.06.2011, Oppdatert: 03.10.2017
Prestekragedame

Hjartet er ein sterk muskel som pumpar blod ut i blodårene, og som dermed syt for at blodet sirkulerer i kroppen. Hjartemuskelen sjølv får tilført næringsstoff og oksygen frå blodårer som ligg utanpå hjartet, dei såkalla kransarteriane eller koronararteriane. Eit hjarteinfarkt oppstår når ein slik arterie, eller ei sidegrein av han, blir blokkert av ein blodpropp. Blokkeringa fører til utilstrekkeleg blodforsyning og skade på ein del av hjartet.

Angina pectoris
Dersom det er mindre innsnevringar i kransarteriane, kan ein få hjartekrampe, angina pectoris. Dette gir smerter, men skadar ikkje hjartet.

Nitroglyserin lindrar smertene ved angina pectoris.

Personar med angina pectoris må unngå store fysiske påkjenningar, men det er likevel viktig med moderat fysisk aktivitet!

 

 

Hjerte. Illustrasjon.Årleg blir mellom 10 000 og 15 000 tilfelle av hjarteinfarkt registrerte i Noreg. Over 90 % overlever eit akutt hjarteinfarkt.  

Hender som holder et hjerte. Foto.Ta godt vare på hjartet – det er muskelen som held oss i live. 

Symptoma på eit hjarteinfarkt kjem brått og blir skildra som klemmande eller snørande smerter midt i brystet, ofte med strålingar ut mot venstre arm, hals eller underkjeve. Ein blir ofte tungpusta og kvalm, og det er vanleg å kaldsveitte. Smertene blir ikkje lindra om ein tek nitroglyserin.

Dette skjer når eit hjarteinfarkt oppstår:

  • Det oppstår ei rift i ei åreforkalking (aterosklerose).
  • Det dannar seg ein blodpropp (trombose) som fører til at kransarterien blir tetta igjen.
  • Muskelvevet som får blodforsyninga si frå denne blodåra, døyr og vil over dagar og veker bli til eit tynt vev.
  • Muskelvevet blir erstatta med bindevev, som i eit arr, og dette vevet manglar evna til å trekkje seg saman.

Etter eit hjarteinfarkt blir derfor hjartet varig svekka. Omfanget av svekkinga er avhengig av omfanget av tapt muskelvev.

Følgjande faktorar gir risiko for å utvikle hjarteinfarkt:

  • røyking, som er den viktigaste årsaka til sjukdommen
  • høgt kolesterol
  • mangel på mosjon
  • høgt blodtrykk
  • stress
  • menn er generelt meir utsette enn kvinner

Video om hjarteinfarkt 

Behandling

  • Akutt behandling
    Pasientar med akutt hjarteinfarkt blir lagde inn på sjukehus straks. Det kortsiktige målet med behandlinga er å gjere skaden på hjartet så liten som mogleg. På lang sikt forsøkjer legane å redusere faren for nye hjarteinfarkt. Pasienten får medikament som løyser opp blodproppen, og andre medisinar i den vidare behandlinga.
  • Eigenbehandling
    Det er fleire faktorar pasienten sjølv bør syte for:
    • Det aller viktigaste er å stumpe røyken.
    • Det er òg viktig å ha eit sunt kosthald med mindre feitt, meir fiber og grønsaker for å redusere kolesterolet.
    • Mosjon er viktig for hjartet og blodårene.
    • Pasienten bør unngå for mykje stress.

Eit hjarteinfarkt kan òg behandlast ved at eit kateter blir sett inn i arterien og utvidar han innanfrå. For at dette skal hindre at muskelvev døyr, og dermed avgrense skaden, må pasienten behandlast innan maksimum seks timar. Dessverre er det ikkje alle sjukehus som tilbyr denne behandlinga.

Korleis er langtidsutsiktene?

Hjarteinfarkt er ein svært alvorleg tilstand som utviklar seg raskt. Det er viktig å kome raskt til behandling på sjukehus, og dess yngre den ramma er, dess betre er sjansane for å bli frisk.

Med moderne behandling og endring av livsstil er det gode sjansar for å unngå nye infarkt. Ein farleg komplikasjon er rytmeforstyrring i hjartet. Dette skjer oftast i akuttfasen. Derfor blir pasienten nøye overvåka og behandla under sjukehusopphaldet.

Enkelte utviklar hjartesvikt etter eit infarkt. Det vil seie at hjartet ikkje pumpar godt nok til å oppretthalde ein tilfredsstillande blodsirkulasjon. Dette gir seg utslag i dårlegare fysisk prestasjonsevne og tung pust.

Relatert innhald

Generelt