Fagstoff

Hjarte- og karsjukdomar

Publisert: 27.06.2011, Oppdatert: 04.07.2011

Blodet er transportsystemet i kroppen. Hovudoppgåva er å føre næringsstoff og oksygen ut til alt vev og til alle celler i kroppen. Utan slik tilførsel vil ikkje cellene kunne leve. Sjukdomar i hjartet og blodårene vil kunne føre til at tilførselen av oksygen og næringsstoff til cellene blir redusert eller stoppar opp.

Koronar

Det som har med hjertet å gjøre. Hjertet heter cor på latin.

Den medisinske betegnelsen på sykdom i hjertet er koronar sykdom.

 

Bildet viser sirkulasjonssystemetSirkulasjonsystemet
Opphavsmann: Milestep

 

Aterosklerose er fettavleiringer på innsiden av arterieveggene.

Aterosklerose ble tidligere kalt åreforkalkning.

Høyt kolesterolnivå og høyt blodtrykk er tilstander som gir økt risiko for å utvikle hjerte- og karsykdommer.

 

Hjarte- og karsjukdomar omfattar ei heil rekkje sjukdomar som artar seg på ulike måtar. Nokre av dei vanlegaste er sjukdom i kransarteriane som leier blod til sjølve hjartemuskelen. Hjarteinfarkt er ein slik sjukdom. Hjerneslag og blodproppar andre stader i kroppen er også alvorlege sjukdomar.

Hjarte- og karsjukdomane kjem av at det dannar seg belegg på innsida av blodårene som gjer dei trongare. Dette heiter aterosklerose. Når blodårene blir trongare, blir blodgjennomstrøyminga hemma, og cellene får dårlegare tilførsel av oksygen og næringsstoff. Enkelte gonger losnar bitar av belegget i åra og følgjer med blodstraumen. Når blodet blir fordelt ut i tynnare årer i kapillæra, kan denne biten tette åra heilt. Da har vi ein blodpropp. Cellene som skulle fått blod frå akkurat denne kapillæråra, vil døy dersom blodforsyninga ikkje blir oppretta igjen.

Utviklinga av alvorleg hjarte- og karsjukdom heng saman med høgt blodtrykk og høgt innhald av feittstoffet kolesterol i blodet. Dersom ei legeundersøking avdekkjer desse symptoma, vil personen få beskjed om å vere på vakt. Vi veit at livsstil og kosthald påverkar blodtrykk og kolesterolnivå, og endringar i levesett vil derfor vere eit viktig førebyggjande tiltak.

Risikofaktorar

Hjarte- og karsjukdomar kan vere arvelege. Ein person som har nære slektningar med hjarte- og karsjukdomar, eller veit at nære slektningar har høgt kolesterol, bør søkje råd hos lege. Dette gjeld òg dersom ein sjølv har høgt blodtrykk eller sukkersjuke. Legen vil da kontrollere kolesterolnivået og måle blodtrykket.

Vi veit òg at måten vi lever på, kan gi auka risiko for å utvikle hjarte- og karsjukdomar. Viktige faktorar ved livsstilen vår er:

  • kosthald med mykje feitt og sukker
  • for mykje metta feitt og for lite umetta feitt
  • overvekt
  • lite fysisk aktivitet
  • stort alkoholinntak
  • røyking
  • stress

Gjennom eigenbehandling kan den enkelte sjølv påverke risikoen for å utvikle hjarte- og karsjukdomar. I nokre tilfelle trengst det likevel behandling med medikament i tillegg.

Utfordringar til deg

  1. Kva er hjarte- og karsjukdomar? Nemn eksempel på nokre slike sjukdomar.
  2. Kva er kolesterol, og kvifor måler vi kolesterolinnhaldet i blodet?
  3. Kva er aterosklerose, og kvifor er dette så farleg?
  4. Kva kan høgt blodtrykk vere eit symptom på?
  5. Kva for risikofaktorar knytte til livsstil aukar faren for at vi utviklar hjarte- og karsjukdomar?
  6. Kva kan eigenbehandling for å motverke høgt kolesterol og høgt blodtrykk gå ut på?