Hopp til innhald

Fagstoff

Barnehagen som arbeidsplass

Her finn du fagstoff om barnehagen som arbeidsplass.
barn i sandkassen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag går ein stor del av barna i barnehage, og barnehagen er ein viktig sosialiseringsarena for barna. I barnehagen vil barna møte vaksne som er utdanna for å gi omsorg, tilsyn og utviklings- og aktivitetsmoglegheiter som er tilpassa alderen og føresetnadene til barna. Om du vel å utdanne deg til barne- og ungdomsarbeidar, er barnehagen ein aktuell arbeidsplass for deg.

I Noreg finst det mange ulike barnehagar

Barnehagar kan drivast av kommunen eller av private. Private barnehagar kan drivast av bedrifter, trussamfunn, foreldregrupper eller andre. Barnehagar kan ha ulik opningstid og ulike satsningsområde, men dei same lovane gjeld for alle barnehagar.

Det er viktig å merke seg at det er foreldra som kvar tid har hovudansvaret for barnet.

(Kjelde: utdrag frå NDLA Vg1 Helse- og oppvekstfag)

Sjølv om staten gir en del retningslinjer, kan det vere store forskjellar i kva dei ulike barnehagane har å tilby av læring, aktivitetar og utstyr. Mykje kjem an på kvar barnehagen ligg i landet, og på økonomien i kommunen. Nokon barnehagar har valt å spesialisere seg. I dag finst det derfor ein rik flora av ulike typar barnehagar: barnehagar med velværetilbod (til dømes badebasseng og massasje), naturbarnehagar (med vekt på friluftsliv), musikkbarnehagar, kosthaldsbarnehagar, maritime barnehagar, gardsbarnehagar og mange fleire.

(Kjelde: Einar Gjærevold)

Kven jobbar i barnehagen?

Dei vanlegaste yrkesgruppene i barnehagar er førskulelærarar, spesialpedagogar, barne- og ungdomsarbeidarar og ufaglærte. I tillegg tek mange barnehagar imot studentar, lærlingar og elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular.

Styrer: Barnehageloven § 16 stiller krav til at kvar barnehage skal ha ein styrar som har den daglege leiinga av verksemda. Med dagleg leiing meiner ein både pedagogisk og administrativ leiing. Den viktigaste oppgåva til styraren er å vere den pedagogisk ansvarlege for innhaldet i barnehagen. Loven krev derfor at styraren skal ha utdanning som førskulelærar. Dess større barnehagen er, dess meir tid vil kunne gå med til administrative oppgåver. (Kjelde: barnehageloven)

Styresmaktene, ved Kunnskaps-departementet, har sett ein del vilkår og rammer for korleis barnehagar skal drivast, og kva slags pedagogisk innhald dei skal ha. Føresegnene er samla i barnehageloven. I tillegg til loven følgjer barnehagane dei vedtektene som kommunen har fastsett for drifta og verkeområdet til barnehagane. Det er kommunestyret som har det lokale ansvaret for barnehagane, men denne fullmakta blir vanlegvis delegert til den lokale helsetenesta. Det er då helsetenesta som skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket. (Kjelde: Einar Gjærevold)

Utfordringar til deg

  1. Finn ut kven som eig dei ulike barnehagane i din kommune eller bydel.
  2. Finn ut kva for yrkesgrupper som jobbar i barnehagane i din kommune eller bydel.
  3. Bruk nettsidene til Statistisk sentralbyrå til å finne ut kor mange barn som går i barnehage i Noreg.
  4. Teikn eit organisasjonskart for ein barnehage.
  5. Les teksten som handlar om barn med fortrinnsrett i barnehagen. Kva handlar teksten om?
  6. Gjer deg kjend med barnehageloven.
  7. Finn temahefta til rammeplanen og finn ut kva følgjande hefte handlar om:
    – Om barn med nedsatt funksjonsevne i barnehagen
    – Om antall, rom og form i barnehagen
  8. Korleis vil du beskrive barne- og ungdomsarbeidaren si rolle i barnehagen?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren