Oppgåve

Knut Hamsun: Sult

Publisert: 22.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Portrett av forfattaren Knut HamsunKnut Hamsun, ca. 1890 

Introduksjon

I 1890 gav Knut Hamsun (1859–1952) ut romanen Sult, som skulle bli den første norske – og europeiske – modernistiske romanen. I Sult bryt Hamsun med mange av sjangerkrava til den tradisjonelle romanen:

 

  • Romanen har ingen tydeleg kronologi og inga handlingsutvikling der lesaren blir lost fram til ei klar avslutning.
  • Den namnlause hovudkarakteren i romanen forlèt til slutt Kristiania, men lesaren får ikkje noko svar på korleis det går med han.
  • Hovudpersonen er ein mislykka forfattar som på grunn av sterk svolt ikkje klarer å skilje mellom draumar, fantasiar og røyndom. Dermed blir skiljet mellom ytre og indre røyndom uklart – både for hovudkarakteren og for lesaren.

 

Oppgåve 1

Knut Hamsun: Sult (1890)

Klikk deg inn på den språk- og litteraturhistoriske tidslinja  og finn boka om Knut Hamsun (Pan). I denne boka blir også romanen Sult presentert, med både fagtekst og eit videoklipp.

 

  • På kva måte tematiserer Sult korleis det er å leve i moderniteten?
  • Korleis skil Sult seg frå ein meir tradisjonell, realistisk roman?

 

Oppgåve 2

Arbeid med eit tekstutdrag frå Sult

Les side 5 til 14 i Knut Hamsuns roman Sult.

 

  • Kva skjer? Gi eit kort resymé av handlinga.
  • Kva er det som får størst plass i tekstutdraget, ytre handling eller eg-personens observasjonar og sinnsstemningar?
  • Kva for eit håp er det som held eg-personen oppe?
  • Gi tre eksempel på ulike sinnsstemningar hos eg-personen. Kva er det som utløyser dei?
  • Kvifor er det forståeleg at menneska som møter eg-personen på gata, synest han er merkeleg eller full?
  • Kvifor er det vanskeleg for lesaren å danne seg eit objektivt inntrykk av eg-personens karakter?
Relatert innhald