Hopp til innhald

Fagstoff

Montasjefilm

Montasje betyr å føye ulike element saman til ein ny heilskap. Innanfor film blir omgrepet brukt om bilete eller lydar som blir sette saman for å oppnå ein bestemd effekt. Montasje som filmatisk verkemiddel vart utvikla i Sovjetunionen på 1920-talet.
Montasje av ulike teikna situasjonar. I forgrunnen ber ein mann eit skadd barn. Til venstre er det ei trapp der fleire menneske ligg skadde eller døydde. Øvst i trappa står det marinesoldatar med bajonettar. Til høgre fell ein mann over rekka av eit skip medan fleire sinte menn står på dekk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Montasje som filmatisk verkemiddel

Montasje handlar om å oppnå ein bestemd effekt igjennom å setje saman fleire element på ein bestemd måte. Samankoplinga formidlar då ein annan bodskap enn det enkeltelementa gjer kvar for seg.

Montasje blir brukt i alle medium, men innan film blir det spesielt knytt til teknikkar som vart utvikla av sovjetiske filmskaparar på 1920-talet. Nokre gonger snakkar ein derfor om sovjetisk montasjefilm. Det er viktig å understreke at dei same verkemidla vart brukte av andre, men dei sovjetiske filmskaparane var dei som sette dette i system.

Intellektuell montasje og rask klipperytme

Tre biletmontasjar som alle er sette saman av to svart-kvitt-fotografi. I alle dei tre montasjane er bilete nummer to eit nærbilete av ein mann som ser i kameraet. Den øvste montasjen har teksten "Sult?", og det første fotografiet viser ein suppetallerken på eit bord. Den midtarste montasjen har teksten "Sorg?", og det første fotografiet viser ei jente som ligg i ei open kiste. Den nedste montasjen har teksten "Begjær?", og det første fotografiet viser ei dame som ligg på ein divan.

Intellektuell montasje inneber at bileta blir nytta for å uttrykke abstrakte idéar, eit konsept som er kjernen i Eisensteins filmteori. Idéen var at ei samansetning av to bilete skulle føre til at tilskodaren kunne tolke seg fram til ei meining som ikkje var representert i nokre av dei to opphavlege bileta.

I filmen Oktober (1927) tek Eisenstein skrittet fullt ut og eksperimenterer med intellektuell montasje og rask klipperytme. Vi må heilt fram til musikkvideoestetikken i dag for å finne døme med like kjapp klipping eller like mange ulike takingar per minutt. Filmen er òg det fremste dømet på Eisensteins montasjeteoriar. Oktober vart sett på som starten på filmkunsten i framtida, men samtidig kritisert for å vere for abstrakt til at vanlege folk kunne forstå han.

Montasje mellom ulike lydar (då særleg effektlyd og musikk) og bilete er òg mykje brukt i film. Tenk berre på korleis lydeffektar blir brukte for å skape ei spesiell stemning i spenningsfilmar.

Jakten – ein norsk montasjefilm frå 1959

Erik Løchens Jakten frå 1959 er eit dristig eksperiment med forma på filmforteljinga. Filmen vart nominert i klassen spelefilm i Cannes, og lydarbeidet vart spesielt framheva som nyskapande. I Jakten vender dei tre hovudkarakterane seg nokre gonger direkte til kameraet, og dei svarer på det kommentarstemma seier.

Jakten bruker ein subjektiv innfallsvinkel, og publikum blir gjorde merksame på at dei blir fortalde ein versjon av ei historie. Dette forteljegrepet minner om nokre av verkemidla vi kan sjå i refleksive dokumentarfilmar, men slike grep er lite brukte i spelefilmar, som gjerne følger eit klassisk skjema.

Sjå eit filmklipp frå Jakten hos Filmarkivet.

Kva forteljegrep er brukte her? Kva er klassiske verkemiddel? Kva verkemiddel er nyskapande?

Fjellet – ein nyare norsk montasjefilm (2011)

Filmen Fjellet er eit litt uvanleg filmprosjekt, fordi regissør og manusforfattar Ole Giæver bestemte seg for å produsere filmen på eiga hand. I slike tilfelle ligg det i korta at budsjettet blir stramt, og at filmskaparen må utnytte dei fordelane ein enkel produksjon gir. Giæver leitte derfor medvitent etter ein idé som let seg realisere med låge kostnader, og enda opp med berre to skodespelarar og ei handling som går føre seg ute (for då er det lite behov for kunstig lys). Du kan sjå traileren til Fjellet hos Filmweb.

Kjelder

Bordwell, D. Thompson, K. & Smith, J. (2016). Film Art: An Introduction. Mcgraw-Hill Education.

Svendsen, T. O. (2023, 22. januar). Jakten. I Store norske leksikon. https://snl.no/./1760732https://snl.no/./1760732

CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 16.06.2017

Læringsressursar

Filmhistoriske epoker