Fagstoff

Vurdering av informasjon frå Internett

Publisert: 20.06.2011, Oppdatert: 01.08.2017
Elever jobber intensivt med pc

Vurdering av informasjon som du finn på Internett, er i prinsippet det same som å vurdere det du finn i ein artikkel i eit fagblad eller i ei bok. I praksis er det likevel vanskelegare fordi innpakninga er så forskjellig frå papirbasert informasjon, og fordi det ikkje alltid er så lett å finne ut kven som har laga nettsider.

Adressa seier mykje om avsendaren

Domenenamnet, før siste punktum og første skråstrek i ei nettadresse, er ei kjelde du bør undersøkje. Merk at lenkjer kan leie til ein heilt annet stad enn lenkjeteksten du klikkar på. Finn ut kor denne leier: domenenavn.no/forvirrande/lenkje 

Prøv deg: Kva er aldersdatering med C 14-metoden?

Tabellen nedanfor inneheld skjermdumpar frå fire ulike kjelder som seier noko om korleis ein kan finne alderen på gjenstandar ved bruk av C14-metoden. Dersom du klikkar på bileta, kjem du direkte til kjeldene.

Ta deg god tid og sjå gjennom alle fire informasjonskjeldene, og ta notat undervegs. Deretter prøver du å svare på spørsmåla nedanfor tabellen, men kikk gjerne på spørsmåla før du startar gjennomgangen..

Nettstaden kreasjonisme.com

Blå side med tekst.Artikkel på nettstaden kreasjonisme.com. 

Nettstaden viten.no

 

Nettstaden Youtube.com

Avspilling av en video, bilde av årringer.Video frå YouTube – The Age Of The World Made Easy. 

Nettstaden snl.no

Ei side med en artikkel i midten.Artikkel frå SNL – aldersbestemming. 

Spørsmål til ettertanke

Kva er kjeldene? Finn ut så mykje som mogleg om kva personar og/eller institusjonar som er ansvarlege for informasjonen. ("YouTube.com" er for eksempel ikkje godt nok.)

  • Sjå på nettadressene, ta dei frå kvarandre.
  • Sjå etter annan informasjon om avsendarane på sida. Finn ut om informasjonen kan verifiserast.
  • Finn ut kva som er målet til avsendarane.
  • Sjå kva fakta som blir presenterte.
  • Vurder argument og verkemiddel som blir nytta.
  • Finn ut om informasjonen er eigna for deg.

Vil du seie at avsendarane er

  • truverdige?
  • objektive?
  • nøyaktige?