Rettleiing

Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

Publisert: 15.06.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Fotografering med mobiltelefon

Utviklinga av mobiltelefonteknologien opnar for mange nye grunnar til å bruke mobiltelefonar i naturfagundervisninga. Vi ser at det i mobiltelefonane er smelta saman teknologiar som tidlegare var åtskilde i ulike einingar. Talet på nyttige program (apps) til telefonen er høgt og stadig aukande.

 

 

 

En hand som holder mobilen mot okularet til en lupe.Fotografering gjennom binokularlupe.
Fotograf: Alex Strømme
 

Avføring fra bjørn med tydelige spor av multer.Geotagging av ekskrement frå bjørn kan vere nyttig.
Fotograf: Kristin Bøhle
   

Spor i snø vist sammen med skjematisk jervespor.Spor frå jerv – artsbestemte og redigerte på mobiltelefonen.
Fotograf: Alex Strømme
  

Kantarell og mose.Kantarell fotografert med mobiltelefon. Viss du geotaggar biletet, kan du lettare finne igjen kantarellstaden seinare.
Fotograf: Alex Strømme
   

Brunt insekt med et hvitt mindre insekt på ryggen.Veggedyr – insekt fotografert med mobiltelefon.
Fotograf: Alex Strømme
    

Mikroskopbilde av vev som er hvitt og lilla.Tverrsnitt av tjukk hud frå ein finger hos eit menneske – fotografert med mobiltelefon gjennom mikroskop.
Fotograf: Alex Strømme

 

Mange moglegheiter med mobil

Mange telefonar har GPS, akselerometer og gyroskopGyroskop.Eit gyroskop (kortform: ein gyro) er ei innretning som demonstrerer prinsippet om bevaring av rørslemengd innanfor fysikken. Det består av eit balansert hjul på ein aksel som er opphengd slik at han fritt kan røre seg i alle retningar. Når hjulet roterer, prøver akselen å halde på retninga si og gjer motstand mot retningsendringar., som saman med tilgang til Internett gir moglegheiter til å kartleggje retning, rørsler og geografiske posisjonar. Fleire telefonar tillèt òg tilkopling til eksternt utstyr, som skjermar, høgtalarar og sensorar (for eksempel pulsmålarar og alkometer). Mobiltelefonane kan òg innehalde lydfiler med fuglesong og kan ta opp lyd. Avspeling av fuglesongane kan vere nyttig for å identifisere fuglar i felt, gjerne supplert av bilete og feltkjenneteikn frå program på telefonen. Det er mogleg å finne relevant informasjon på Internett direkte frå telefonen, anten vi er ute i naturen eller på skulen.

Kamera og geotagging
– dokumentasjon i felt og på lab

Digitale kamera er mykje brukte til å dokumentere resultat frå felt- eller laboratoriearbeid. Sidan kvaliteten på mobilkameraa har blitt stadig betre og mobiltelefonen oftast er tilgjengeleg, blir dei mykje brukte til dette formålet. I feltarbeid kan vi saman med mobilkameraet bruke mobil-GPS-en til geotagging av bileta. Kvart bilete blir då merkt med eksakt posisjon som kan brukast i arbeidet med bileta og rapporteringa etter ein tur.

Kvalitet les mer

Kvaliteten til eit bilete eller ein film avheng i grove trekk av tre element: optikken til kameraet (”linsa”), lagringsmediet til kameraet (”filmen”) og etterbehandlinga av biletet (”framkallinga”). Jo betre kvalitet det er på optikken og lagringsmediet som mobilen har, dess betre bilete. Kamera med god optikk (for eksempel frå Carls Zeiss) og 8 megapikslar oppløysing kan gi svært gode bilete frå felt og til labbruk. skjul

 

Feltarbeid

Snøsporet som det er teke bilete av, er eit fotavtrykk frå eit pattedyr, men kva dyr har sett avtrykket? Det minste sporbiletet er behandla i fotoredigeringsprogrammet til kameraet for å endre kontrast og eksponering, slik at detaljane blir tydelegare. Det er då lettare å telje talet på tær og plasseringa av dei. På telefonen finst det eit program med nøkkel til å artsbestemme fotavtrykk. Samanlikning med biletet og nøkkelen stadfester at avtrykket er frå ein jerv! Bestemminga er gjord i felt, berre med telefonen som hjelpemiddel.

Interaktive feltdagbøker

Biletet av kantarellane er òg teke i felt, med naturleg lys og telefonblitsen. Då biletet blei teke, registrerte telefon-GPS-en den eksakte posisjonen i naturen. I etterkant er biletet redigert noko, og posisjonen er lagd inn i Google Maps. Dette er ei gratis teneste (maps.google.no) der brukarar (f.eks. enkelpersonar eller grupper) kan lage eigne kart der spor, bilete og kommentarar kan koplast til område på kartet. Bilete og feltobservasjonar kan på denne måten bli til interaktive feltdagbøker som du kan velje å dele.

Forstørringar, prosjektør og teleopptak

Det er ikkje vanleg med optisk zoom på mobilkamera fordi det vil auke dei fysiske måla på telefonane. På enkelt vis kan vi likevel utvide brennvidda til mobilkameraet. Ved å setje ei lupe mellom linsa og objektet kan vi ta gode nærbilete som insektbiletet. Kameraet kan òg setjast direkte på okularet til ei stereolupe eller eit mikroskop. Bileta kan bli svært gode, og mobilkameraet kan erstatte dyrt og spesiallaga fotoutstyr (sjå vevsbiletet).

Mange telefonar kan koplast direkte til ein prosjektør eller skjerm, slik at vi kan vise andre kva som ligg under mikroskopet. Viss telefonen har denne moglegheita, treng vi berre eit enkelt stativ, for eksempel klipt til av ein dorullkjerne, for å halde telefonen på plass og i riktig avstand frå okularet.
I felt kan vi på same måten setje ein kikkert framfor kameraet og på den måten ta teleopptak.

Redigering og publisering

Bilete og film frå felt eller lab kan redigerast på pc, men det er òg mogleg å gjere svært mykje av etterarbeidet, inkludert publisering, direkte på telefonen. Filmen Forstørrelse via mobiltelefon viser korleis mobilkameraet er brukt til å dokumentere sporar frå kråkefot. Bileta og filmsnuttane er tekne med ein iPhone, sette saman og redigerte på telefonen i programmet iMovie og publiserte direkte i YouTube frå telefonen via ein eigen applikasjon. Prosessen (fotografering, redigering og publisering) er altså gjort i heilskap på ein mobiltelefon.

Lær deg å kjenne din eigen telefon og dei moglegheitene som ligg i han til å dokumentere og rapportere frå ekskursjonar og forsøk. Utvid moglegheitene til digitale presentasjonar, både i undervisning og som rapportmedium!

Oppgåver

Praktisk stoff

Relatert innhald