Fagstoff

Modernismen og det moderne prosjektet

Publisert: 17.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Bilete av framsida på den store franske ensyklopedien. Foto.   

Med kunnskap som våpen

Å samle all kunnskap i verda og gjere han tilgjengeleg for alle:

 

Dette var ambisjonen bak den franske ensyklopedien, eit enormt leksikon skapt i samarbeid av over hundre framifrå vitskapsmenn, filosofar og forfattarar i perioden frå 1750 til rundt 1780.

 

Les meir
Opplysningsfilosofen og forfattaren Denis Diderot (1713–1783) var redaktør og leiar for prosjektet, som møtte til dels sterk motstand, særleg frå den katolske kyrkja.

 

Men ensyklopedien blei ein enorm salssuksess, og enda verket blei offisielt forbode både i 1752 og i 1759, godtok styresmaktene i det stille at arbeidet heldt fram.

skjul

Det moderne prosjektet

Det er vanleg å omtale den vitskaplege, samfunnsmessige og kulturelle utviklinga i dei vestlege landa dei siste tre-fire hundre åra som det moderne prosjektet. Fridom, fornuft og framsteg – dei tre f-ane – er dei sentrale ideane som har prega denne utviklinga.

Opplysningsfilosofane på 1700-talet meinte at det var mogleg å forbetre samfunnet steg for steg og komme fram til ei ideell samfunnsform. Men dette målet kravde at borgarane måtte bli opplyste, slik at dei kunne ta ansvar for samfunnsutviklinga. I tillegg måtte ein prøve å bli herre over naturen og nytte ressursar og teknologi til beste for menneska.

All kunnskap skulle skaffast gjennom bruk av vitskaplege metodar. Tiltrua til fornufta og vitskapen var stor: Ein var sikker på at ein på denne måten kunne komme fram til sann og objektiv kunnskap om verda, menneska og samfunnet.

Framsteget har sin pris

Teknologisk utvikling og auka kunnskap om menneske og natur bidrog etter kvart til eit betre materielt liv for fleire, men dei tok også frå menneska mange av dei faste haldepunkta og tradisjonelle rammene som hadde sett livet deira inn i ein større samanheng og gitt det meining:

  • Allereie på 1800-talet utfordra naturforskaren Charles Darwin (1809–1882) og filosofen Friedrich Nietzsche (1844–1900), på kvar sitt vis, trua på at jorda og menneska er skapte av Gud. Eit stadig meir sekularisert samfunn kravde at menneska sjølv måtte finne moralsk og etisk retning i livet.
  • Sigmund Freud (1856–1939) avslørte korleis medvitne handlingar var styrte av umedvitne drifter og impulsar, og stilte spørsmålet om kva som eigentleg utgjer identiteten eller "eg-et". 
  • Ei stadig sterkare urbanisering førte til at mange menneske kjende seg rotlause. Dei miste både dei tette slektsbanda og bygdetilhøyrsla når dei flytte til byane.
  • Karl Marx (1818–1883) problematiserte den etablerte samfunnsordenen og framandgjeringa gjennom fabrikkarbeidet, som reduserte mennesket til eit lite hjul i eit stort maskineri. Arbeidaren miste på denne måten den tilfredsstillinga og meistringskjensla det gir å lage eit produkt frå a til å.

Modernismen: kritikk av det moderne prosjektet

Korleis skal ein orientere seg i ei verd der ingenting er som før? Der den første verdskrigen brutalt viser at teknologiske nyvinningar like mykje kan brukast mot menneska, og med katastrofale konsekvensar? Dersom framsteg er det same som maskingevær og sennepsgass – kvar ligg vinninga for menneska da?

Modernismen prøver å spegle også desse sidene ved samfunnet og skildre livet i moderniteten i alle sine fasettar. Framandgjering, verditap og meiningsløyse er derfor viktige tema i modernistisk litteratur og kunst, på linje med trua på fridom, fornuft og framsteg.