Fagstoff

Arbeid i bio-laboratorium

Publisert: 15.06.2011, Oppdatert: 30.08.2017
Arbeid i sterilbenk - produktbeskyttelse.

Undersøkingar, eksperiment og observasjonar er grunnlaget for hypotesar og teoriar i biologi. Laboratoria, ved sidan av naturen sjølv, er staden der mykje av den systematiske leitinga etter kunnskap og samanhengar skjer. Det er spennande å arbeide i eit laboratorium, men det kan òg vere farleg. Med godt førearbeid blir du tryggare, arbeidet blir meir morosamt, og det faglege utbyttet blir større.

 

 

 

 

 

 

Faksimile av ordensreglerEksempel på ordensreglar.

 

 

Elev som jobber i sterilbenk.Arbeid i sterilbenk. Enkelte biologiforsøk, som dyrking av cellekulturar, krev høg grad av reinslegheit. Då kan slike sterilbenkar brukast for å gi godt vern av produktet.

 

 
En jente jobber med hendene inne i et glasskap.For å jobbe sikkert med organiske løysemiddel treng vi avtrekksskap eller punktavsug.

 

 

Kraftige hansker i armert gummi.Syrefaste hanskar vernar mot etsande væsker.

 

Laboratoriet – rom for forsking

Somme kjenner kor det kriblar av nysgjerrigheit når dei kjem inn i eit laboratorium, mens andre føler seg usikre fordi det er så mykje å setje seg inn i, strenge krav til å vere nøyaktig og mange farar som lurer. Når du blir kjend med utstyret og veit korleis det skal behandlast, er det både moro og interessant å jobbe på laboratoriet. I tillegg er det mange som opplever at lærestoffet blir lettare å forstå når dei får prøvd ut teoriar i praksis.
To gutter analyserer jordprøverJordprøvar blir analyserte etter feltarbeid.
Ein viktig del av den kunnskapsbygginga som skjer på laben, blir gjord ved å stadfeste resultat frå forsøk som andre har gjort tidlegare.


Før du set i gang forsøket

Uansett om du har ei ferdig beskriving av forsøket som skal gjerast, eller om det er eit ope forsøk  som du sjølv har planlagt, må du tenkje gjennom desse punkta før du startar prosedyren.

  • Har du det utstyret og dei kjemikalia som trengst?
  • Må du arbeide i avtrekksskap (produktvern) eller sterilbenk (produktvern)?
  • Set deg inn i bruken av utstyret viss du ikkje kan det frå før.
  • Les datablad for dei kjemikalia du skal bruke.
  • Tidsplan: Har du nok tid til å fullføre forsøket?
    • Viss ikkje må du finne ut etter kva trinn du kan stoppe, og kor lenge forsøket kan lagrast før du fullfører det.
    • Kvar kan du mellomlagre det uferdige forsøket ditt? Må du ta omsyn til lys og temperatur under lagringa?
  • Korleis vil du dokumentere resultata i rapporten?
    • Kanskje du skal setje måleresultata inn i tabellar og framstille grafar.
    • Du kan òg dokumentere metode og resultat med foto og film. Viss du skal fotografere gjennom okularet til ei lupe eller eit mikroskop, kan det vere lurt å gjere klar ei hylse (for eksempel ein dorull) som avstandshaldar og hjelp til stødig fokusering.

Laboratoriereglar

Kjennskap til tryggingsreglar, gode arbeidsrutinar og ordensreglar (sjå plakat) er ein føresetnad for å kunne arbeide i eit laboratorium. Spesielt gjeld dette på skolelaboratorium der det er mange brukarar i løpet av ei veke. Viss ordensreglane ikkje blir følgde, blir det veldig raskt ein rotete og upraktisk arbeidsplass.

For å kunne jobbe effektivt og få pålitelege resultat er det nødvendig at alt utstyr finst på den faste plassen sin, at kjemikalium er reine og riktig merkte, og at utstyret er godt reingjort og i orden.

eForelesingar

NDLA har utvikla tre eForelesingar som saman med skolereglane skal lære deg å

  • velje verneutstyr
  • førebyggje farlege situasjonar
  • bruke gode arbeidsrutinar
  • gjennomføre førstehjelp ved skadar
  • halde orden i laboratoriet

Tryggleik – generelle tryggingsreglar

Det er somme grunnreglar som er viktige å passe på for å unngå skadar:

  • Les datablad, og gjer deg kjend med eigenskapane til dei kjemiske stoffa som du skal jobbe med. Ver spesielt merksam på helseskade og brann- eller eksplosjonsfare!
  • Bruk avtrekk, vernebriller og hanskar når det er påkravd.
  • Ikkje tøm vatn i syre.
    “Vatn i syre er uhyre – syre i vatn går an”. (SIV)
  • Ver forsiktig når du handterer glasrøyr og korkar, for å unngå stikkskadar.
  • Unngå støytkoking, og ikkje peik reagensrøyr mot nokon når du koker.
  • Unngå eting og drikking på laboratoriet.
  • Gassar og kjemikalium må oppbevarast slik forskrifta krev (sjå datablada). Det vil seie at enkelte kjemikalium må oppbevarast separat, i eksplosjonssikre skap eller i skap med avtrekk.
Relatert innhald