Fagstoff

Forstopping

Publisert: 13.06.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Frokost med musli og egg

Forstopping er ei utbreidd helseplage i industrialiserte land, men er sjeldan i u-land. Forstopping vert definert som treg, hard eller sjeldan avføring. Vi snakkar gjerne om forstopping når avføringa er fastare, kjem meir sjeldan enn vanleg og når vi har vanskar med å tøme tarmen. Ofte kan dette gi smerter og ei kjensle av å vere "stinn" i magen. Dette skjer når tarmrørslene som skuvar maten gjennom tarmsystemet vert hemma.

Bilde av vann som helles i ett glassRikelig væske er viktig 

 

Bilde av ett fullkornsbrødFullkornsbrød 

For ein del menneske kan forstopping vere svært plagsamt. Hard pressing for å få tømt tarmen kan gi smertefulle hemoroidar og rifter. Det er vanskeleg å gi tal på kor mange nordmenn som vert plaga av forstopping, mellom anna fordi det til ein viss grad er knyta tabu til temaet. 

For å førebyggje forstopping er det viktig at vi får i oss mykje væske i løpet av dagen, at maten inneheld mykje fiber og at vi er fysisk aktive. Gode avføringsvanar og at ein ikkje utset toalettbesøk, kan og førebyggje forstopping.  

Mat til personar med forstopping bør innehalde

  • mykje vatn som drikke, gjerne to liter per dag 
  • mykje fiberrik mat, som grove kornprodukt, grønsaker og frukt
  • sure mjølkeprodukt framfor søte

Du kan lese meir om forstopping på nettsida til Norsk Helseinformatikk: NHI - Forstoppelse

Kasse med grønsaker. Foto.Grønsaker   

Relatert innhald

Kjernestoff