Hopp til innhald

Fagstoff

Tallerkenmodellen

Helsedirektoratet tilrår "tallerkenmodellen" som hjelpemiddel for å lage sunne måltid. Modellen viser korleis ein kan fordele dei ulike matvarene på ein tallerken.
Tallerken delt i tre like store delar. Ein del med grønnsaker, ein del med kjøtt og ein del med potetar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tallerkenen skal delast i tre like delar som ein fyller med

  • ein tredel grønsaker
  • ein tredel poteter/ris/pasta/korn
  • ein tredel fisk/kjøt/egg/belgvekstar

Modellen gjeld for alle grupper av friske menneske. Matvarene skal fordelast som på modellen, uansett om ein har behov for lite eller mykje mat. Slik blir det lettare å ete sunt og variert til alle hovudmåltida kvar dag.

Som du ser av modellen, inneheld han eit felt med karbohydratrike matvarer. Når du har lese om kva for næringsstoff maten består av, og korleis vi deler matvarene inn i grupper ut frå næringsinnhald og plassen vi ønskjer dei skal ha i kosten, skal vi sjå nærare på korleis vi set saman sunne måltid. Du hugsar nok også frå kostlæra at det ikkje er likegyldig kva slags karbohydrat vi et, så det gjeld å velje blant dei sunne! Det same gjeld for kjøt og fisk.

Middag med laks, potet og grønnsaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Desse tallerkenmodellane viser korleis du kan forsyne deg etter modellen. Storleiken på tallerkenen har ingenting å seie – her er det fordelinga som er viktig.

Tallerken med brød, skinke og salat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg. Rettshavar: Sylvi Skjelstad
Sist fagleg oppdatert 28.02.2018

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil