Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Musikktilbod i juniorklubben

I Sagbakken juniorklubb har dei eit eige tilbod som heiter «Gøy med musikk og dans.» Dei disponerer musikkrommet på skulen. Målet med tilbodet er at barna skal få lære songar og dansar og øve opp evna til å syngje og spele.
Unge som driver med sang og musikk. Bilde
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kristin har hovudansvaret for dette tilbodet.

Det er 20 barn som har valt tilbodet, 11 gutar og 9 jenter. Det er 2 barn Kristin må ta spesielt omsyn til når ho planlegg.

  • Aaftab, som har budd i Noreg i fleire år, men som framleis slit med språket.
  • Sigrid, som er autist, og som har med seg støttekontakten sin.
  1. Lag eit informasjonsskriv til foreldra om tilbodet.
  2. Vis kva for nokre spesielle omsyn du vil ta når du skal gi foreldra til Aaftab informasjon.
  3. Lag ein plan for den første månaden.
  4. Korleis vil du leggje tilbodet til rette for Sigrid og Aaftab?
  5. Korleis kan Sigrid og Aaftab vere ressursar for gruppa?

Relatert innhald

Det er store forskjellar i barna si utvikling, og det som er typisk for eitt barn, treng ikkje å vere det for eit anna. Likevel har vi nokre forventningar til kva som skjer på dei ulike utviklingsområda og aldersnivåa. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du ha kunnskap om barna si utvikling og barna sitt funksjonsnivå. Dette er viktig for å kunne vere ein god omsorgsperson som kan støtte barnet i utviklinga.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Ungdomsklubben som arbeidsplass