Fagstoff

Modernisme

Publisert: 17.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Kva er modernisme?

Modernisme er eit samleomgrep for ei rekkje ulike retningar og stilartar innanfor kunst, arkitektur, litteratur og musikk som har prega vestleg kultur frå rundt år 1900 og framover. Sjølve ordet er avleidd av adjektivet moderne, som tyder "som høyrer til samtida" og "det nyaste på området sitt; tidsmessig, aktuell" (Nynorsk-ordboka).

Eiffeltårnet

– heilt nytt og moderne for 100 år sidan

 

Eiffeltårnet i Paris 

blei bygd i høve hundre-årsjubileet for den franske revolusjonen og  stod ferdig til verds-utstillinga i Paris i 1889. 

 

Les meir

Det 324 meter høge tårnet var verdas høgaste bygg fram til 1930, og eit prov på kor langt den teknologiske utviklinga hadde komme mot slutten av 1800-talet.

 

I Paris var folk først opprørte over tårnet. Dei såg på det som ein arkitektonisk skamplett, og det blei omtalt som ”tragisk gatelykt” og ”dyster fabrikkpipe”.

 

I dag derimot blir Eiffeltårnet rekna som eitt av dei flottaste bygga i verda. Kvart år kjem over fem millionar turistar for å besøkje tårnet.

skjul

Bilete av Eiffeltårnet, med fontener og park i framgrunnen   

Om vi tek utgangspunkt i tydinga vi finn i ordboka, kan vi hevde at det alltid har funnest moderne kunst. Barokkstilen var sjølvsagt moderne i den barokke perioden, og romantikkens sjangrar og uttrykksmåtar var "siste nytt" tidleg på 1800-talet.

Men det er ikkje tilfeldig at nettopp det moderne gav namn til ein eigen "isme", ein eigen periode, i første halvdel av 1900-talet. Rundt år 1900 skjer det nemleg så radikale endringar i både biletkunst, (klassisk) musikk og litteratur at vi snakkar om eit brott med sterke, fleire hundre år gamle tradisjonar.

Tradisjonelle trekk ved musikk, kunst og litteratur

Ulike stilartar og estetiske ideal har alltid avløyst kvarandre. Likevel er det slik at mange grunnleggjande komposisjonsprinsipp og verkemiddel i europeisk musikk, biletkunst og litteratur har vore uendra gjennom hundrevis av år. Vi nemner her kort nokre av dei.

Musikk

Heilt sidan barokken har komponistane brukt dur- og mollskalaer som utgangspunkt for melodiane og harmoniane sine. Vi kallar musikk som byggjer på desse skalaene også for tonal musikk. Dagens popmusikk, rock og jazz er framleis først og fremst tonal.

Les meir om tonal musikk

Dur- og mollskalaene har alle ein fast grunntone som dei er oppkalla etter. I C-dur for eksempel er grunntonen C. Grunntonen er den viktigaste tonen i skalaen fordi alle dei andre tonane står i forhold til han.

På same måten er treklangen eller akkorden som vi kan byggje på grunntonen, den viktigaste akkorden i eit musikkstykke. I C-dur er dette treklangen C-E-G. Tradisjonelle songar og instrumentalstykke begynner og sluttar gjerne med grunnakkorden, vi opplever da at melodien "fell til ro".

Grunntonen og grunnakkorden gir oss eit fast haldepunkt, dei utgjer eit tonalt sentrum. Tonal musikk er da i utgangspunktet musikk som har eit tonalt sentrum.

skjul

Biletknapp med lenkje til Galleri K&K
Lær meir om sentral-perspektiv og andre teknikkar for å skape romverknad i NDLAs Galleri K&K.

Biletkunst

I biletkunsten har ein tradisjonelt prøvd å etterlikne røyndommen. Kunsten har vore figurativ, det vil seie at kunstnarane har måla konkrete motiv. I tillegg har sentralperspektivet, oppfunne av Filippo Brunelleschi på 1400-talet, vore ein sentral teknikk for å skape ein illusjon av tredimensjonalitet i bilete.

Litteratur

Heilt sidan mellomalderen har enderim og fast rytme vore vanlege innslag i lyrikken i dei ulike europeiske folkespråka. Tradisjonelle forteljingar og drama har eit klart plott, hendingane som blir skildra heng logisk saman. Handlinga er dessutan bygd rundt ein ytre eller indre konflikt som tilspissar seg og som til slutt får ei løysing.

Kva er nytt?

I videoklippet nedanfor møter du Per Thomas Andersen, som er professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo. Han forklarer her nokre av endringane som skjer i kunst, litteratur, musikk og arkitektur rundt år 1900.

 

"Bruddets estetikk"

Estetikk

Estetikk er eit omgrep frå kunstteorien og tyder "læra om det vakre i kunsten".

 

Ordet kan også brukast om eit stilideal eller kunstsyn som er dominerande innanfor ein periode eller eit samfunn.

Dei modernistiske kunstnarane, komponistane og forfattarane kjende godt til tradisjonen, men dei vende medvite ryggen til dei gamle komposisjonsprinsippa. Dei var på leiting etter nye uttrykk fordi dei meinte at tida dei levde i, kravde ein ny kunst, ein ny musikk, ein ny litteratur og arkitektur.

I boka Modernisme. Tverrestetiske peilinger i musikk, billedkunst og litteratur (2009) kallar Per Thomas Andersen dette kunstsynet for ein "bruddets estetikk", det vil seie eit kunstsyn der brottet med gamle tradisjonar har ein sentral plass og gjerne blir sett på som eit ideal. Eksperimentering og sjangerfornying er derfor sentrale stikkord for all modernistisk kunst, og originalitet blir eit krav: Kunstverket skal faktisk bryte med det velkjende.

Nye krav til publikum

Dei modernistiske kunstnarane ønskte å endre måten publikum nærma seg kunsten på. Forfattarar og biletkunstnarar ville provosere og vekkje publikum framfor å behage og underhalde. Dei var opptekne av å markere avstand til massekulturen, som etter deira syn berre gav publikum "det dei ønskte", ei lettvint tilfredsstilling av eit behov for underhaldning.

Sentralt var også ønsket om å problematisere kva røyndom er: Finst det ein ytre, objektiv røyndom? Eller er vår indre, subjektive måte å oppleve verda på like verkeleg?

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald