Hopp til innhald

Fagstoff

Montering UHF-antenne

For å ta imot signal frå det digitale bakkenettet, må du ta utgangspunkt i kundeadressa og deretter gå inn på heimesida til Norges Televisjon eller Riksnett.
Mann står med ei antenne i kvar hand som han held opp mot himmelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Signalstyrke

Hos Norges Televisjon eller Riksnett vil du finne ein peikar til dekkingskart. Ved å klikke deg inn på denne vil du få opplysningar om kva sendar som gir best signal hos kunden din. Eit godt tips er å leggje merke til antenneretninga hos nabohus med UHF-antenne.

Kontroller signalstyrken hos kunden din på sidene til Norges televisjon, ntv.no

I det digitale bakkenettet kan vi bruke UHF-antennene frå det gamle analoge TV-nettet til å ta imot kringkastingssignala.

Dette er mogleg fordi TV-sendarane i det digitale nettet sender i same frekvensområde som det gamle. UHF er ei forkorting for "Ultra High Frequency" eller på norsk: ultrahøge frekvensar. UHF dekkjer eit frekvensområde som strekkjer seg frå 300 MHz til 3,0 GHz. Sendarar i det digitale bakkenettet opererer i frekvensområdet 470 MHz–862 MHz.

Typar antenner

Det finst mange typar UHF-antenner. Ei av dei vanlegaste er Yagi-antenna som du ser på biletet over. Mottakselementet blir kalla ein dipol. Dei elektromagnetiske berebølgjene som blir sende ut av TV-sendaren, blir fokuserte inn mot mottakselementet (dipol) av direktorane. Dess fleire direktorar, dess sterkare signal kjem inn, men samtidig blir antenna meir retningsfølsam. Reflektoren skal sørgje for at eventuelle signal bakfrå ikkje kjem inn og dempar eller forstyrrar dei ønskte signala frå TV-sendaren.

Dei innkomande berebølgjene induserer ei ørlita spenning i mottakselementet som via coaxkabelen overfører dette til tuneren. Tuneren demodulerer det mottekne signalet før han sender eit biletsignal ut til TV-apparatet via SCART- eller HDMI-kontakten.

Mottakingselement. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NTV er konsesjonsinnehavar og plattformoperatør av det digitale bakkenettet, og på heimesidene deira er det ei lenkje til gode råd for montering av antenne.

CC BY-SARettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Lyd og bilete