Fagstoff

Balanse og luft

Publisert: 09.08.2009, Oppdatert: 03.03.2017

Balanse

Når du står rett opp og ned, er du i fullkommen balanse. Du risikerer ikkje å falle, men du kjem heller ikkje nokon veg. For å flytte på deg, må du gi slepp på litt av balansen. Å gå er eigentleg å falle framover, men ikkje meir enn at du heile tida kan kontrollere rørslene. Dess større ubalanse, dess større blir farta, heilt til du går over ende. På same måte er det når du lagar ein design.

Symmetrisk balanse

Når alle elementa står midtstilte under kvarandre, har vi ein symmetrisk balanse. Vi kan brette arket på midten, og dei to halvdelane vil vere (nesten) som spegelbilete av kvarandre.

Les meir

Symmetrisk balanse skaper ei kjensle av noko klassisk og litt høgtideleg. Men han verkar også statisk (stilleståande) og kan opplevast som keisam.

I elevprodukt blir han ofte brukt fordi han er lett å få til, men det er slett ikkje alltid at symmetrisk balanse passar til bodskapen. Vil du ha folk til å komme på ein rockekonsert, er det kanskje ikkje så lurt å la plakaten signalisere at det er noko kjedeleg og stilleståande som skal skje?

Eit godt råd er derfor: Ikkje bruk symmetrisk balanse utan at du er bevisst på at det er nettopp dette inntrykket du ønskjer å skape.

skjul
  • Mange menneske føler seg usikre når dei skal innreie ein bustad.
  • I denne annonsen har eleven brukt sym- metrisk balanse for å understreke kor trygg du kan føle deg når du ber interiørarkitekten om hjelp.

Bilde av en interiørreklame fra et oppholdsromAnnonse interiørdesign

 

Asymmetrisk balanse

Dei modernistiske stilretningane som oppstod etter første verdskrigen, brukte asymmetri (det som ikkje er symmetrisk) for å spegle farta i det moderne samfunnet.

Med asymmetrisk design kan du uttrykkje alt frå roleg harmoni til energi som sprengjer alle rammer. Når du skal lage denne typen design, bør du prøve deg fram ved å flytte på elementa og endre storleiken på dei til du føler at sida har ein balanse som passar til bodskapen.

  • Her har eleven skapt ein asymmetrisk balanse.
  • Elementa er ikke midtstilte, men vi har likevel ei kjensle av at dei balanserer.
  • Dette er klede for kvinner i farta!

Bilde av en motebrosjyre med ulike klesstilerReklame mote

 

Det gylne snitt. Illustrasjon.Det gylne snittet  

Det gylne snittet

Ei spesiell form for asymmetrisk balanse er det gylne snittet. Deler du opp ei side på denne måten, oppnår du ein verknad som menneske til alle tider og i dei fleste kulturane av ein eller annan grunn har opplevd som harmonisk.

Du vil finne tallrike døme på det gylne snittet i målarkunst og fotografi. Også grafiske designarar bruker ofte dette prinsippet når dei deler opp flater og plasserer element.

Del inn sida eller oppslaget i tre delar, både vassrett og loddrett. Da vil delelinjene liggje sånn omtrent i det gylne snittet. Sirklane markerer dei beste fokuspunkta på sida.

  • Dette oppslaget er delt inn sånn nokolunde etter det gylne snittet.
  • Ein tredel av sida er brukt til tekst, to tredelar til biletet.
  • Tittelen er også plassert omtrent ein tredel ned frå toppen.
  • I biletet er trådkorset plassert omtrent i eitt av fokuspunkta.

Et reportasjeeksempel som viser det gylne snittMagasinreportasje 

 

Luft

Begynner du å sjå på design rundt deg, vil du snart leggje merke til at sidene ofte inneheld relativt store felt utan verken bilete eller tekst. Desse tomme flatene blir kalla luft. Dei fungerer som eit slags pusterom, og framhevar dei andre elementa (kontrast). Ein liten tittel med mykje luft rundt seg er meir synleg enn ein stor tittel som er omgitt av konkurrerande element.

Dette kan du bruke i din eigen design: Spre ikkje elementa utover. Samle det som naturleg høyrer saman, slik at det blir ledige felt på sidene.

  • Her har eleven brukt luft som eit viktig verkemiddel.
  • Legg merke til korleis tekst og småbilete er samla til eitt element, dei er ikke spreidde utover for å fylle den ledige plassen.

 

Bilde av en reklame for en feriereiseReklame for feriereise 

Oppgåver