Rettleiing

Funksjon og tilpassing

Publisert: 03.06.2011, Oppdatert: 01.08.2017
Røyskatt

I dette hovudområdet skal vi sjå på korleis funksjon, åtferd, vekst og formeiring hos både plantar og dyr har tilpassa seg ulike levevilkår og utvikla seg gjennom tidene. Når du jobbar med "Funksjon og tilpassing", har du nytte av bakgrunnskunnskap frå ”Cellebiologi” og ”Fysiologien til mennesket”.

Plantespelet. Lenke til simulering. Bli med på ein spelrunde, og lær meir om plantene! 

Grenstruktur med klikkbare arter. Lenke til simulering. Tree of Life, norsk interaktivt evolusjonstre.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • samanlikne bygning og funksjon av organsystem hos ulike dyregrupper, med vekt på sirkulasjon, gassutveksling og utskiljing, sett i samanheng med tilpassing til ulike levevilkår
  • gjere greie for hovudtrekk i formeiringa av planter og dyr, sett i samanheng med utviklinga av livet på jorda
  • forklare korleis opptak og transport av vatn og oppløyste stoff skjer hos planter, og diskutere kva slag tilpassing planter kan ha til ulike levevilkår
  • drøfte korleis ytre faktorar påverkar vekst og utvikling hos planter
  • gje døme på og grunngje korleis åtferd som kjem av evolusjon, er ein del av tilpassinga til omgjevnadene

Omtale av hovudområdet

Hovudområdet handlar om at utviklinga av livet på jorda har ført til eit mangfald av organismar som viser mange former for tilpassing til ulike levevilkår. Utvalde trekk frå både bygnad, funksjonar, formeiring og åtferd hos organismar blir sette i samanheng med denne utviklinga.

 

 
Oppgåver

Aktuelt stoff

Relatert innhald