Rettleiing

Fysiologien til mennesket

Publisert: 03.06.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Torso – overkropp med indre organer synlige

I dette hovudområdet skal vi sjå på korleis organ i kroppen vår er oppbygde, og korleis dei sørgjer for opptak, utskiljing, transport, kommunikasjon og stabile forhold. Samtidig skal vi studere korleis ytre påverknad og sjukdom utfordrar organsystema, og korleis kroppen responderer. Bakgrunnsstoff til dette hovudområdet finn du i ”Cellebiologi” og i ”Ernæring og helse” og ”Bioteknologi” frå naturfaget.

Image showing the thumbnail for content named \"Respirasjon\"Respirasjon      

Animasjoner av menneskekroppen. Lenke.Menneskekroppen – animasjon.  

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for oppbygginga av og funksjonen til sentrale organsystem i kroppen, og drøfte årsaker til sjukdommar som har samanheng med livsstil
  • samanlikne hormonsystemet og nervesystemet og forklare korleis desse systema blir påverka av ulike stoff
  • gjere greie for korleis immunforsvaret og andre delar av infeksjonsforsvaret verkar
  • diskutere problemstillingar som gjeld organdonasjonar og medisinske kriterium for død

Omtale av hovudområdet

Hovudområdet handlar om ulike typar vev, organ og organsystem og korleis dei fungerer. Samspelet mellom ulike prosessar i kroppen og reguleringa av prosessane blir òg behandla. Hovudområdet tek i tillegg opp immunforsvaret i kroppen og problemstillingar som gjeld organdonasjon.

 

 
Relatert innhald