Rettleiing

Cellebiologi

Publisert: 03.06.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Salmonella

Celler er dei minste levande einingane som kan fungere aleine, men dei kan òg kommunisere og samarbeide med andre celler. I dette hovudområdet skal vi få innsyn i mange av dei fascinerande og livsviktige prosessane som skjer inne i cellene. Innhaldet byggjer på kunnskapar frå "Ernæring og helse" og "Bioteknologi" i naturfag. Cellebiologi gir bakgrunnskunnskap som er nyttig før du skal jobbe med "Fysiologien til mennesket" og "Funksjon og tilpassing".

Image showing the thumbnail for content named \"Eukaryote celler\"Forelesing om eukaryote celler.    

 

Simulering – samanlikn størrelsar.Simulering: samanlikn storleiken til celler, bakteriar og virus.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for oppbygginga av eukaryote celler og forklare kva for funksjonar ulike delar i cellene har
  • forklare transport gjennom cellemembranen ved å bruke kunnskap om passive og aktive transportmekanismar
  • gjere greie for oppbygginga og formeiringa til bakteriar og virus, og relatere det til prosessar i natur, industri og helsefagleg samanheng

Omtale av hovudområdet

Hovudområdet handlar om den indre bygnaden i eukaryote celler, korleis dei ulike delane fungerer, og transport av stoff ut og inn av celler. Området omfattar i tillegg oppbygginga og formeiringa til bakteriar og virus.

Oppgåver

Praktisk stoff