Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er mediemakt?

Den som har makt, kan få folk til å gjere noko dei elles ikkje ville ha gjort. Mediene kan utøve makt i form av viljemakt, definisjonsmakt og strukturell makt.

Kva er makt?

Dei fleste av oss har ei oppfatning av kva vi meiner når vi seier at nokon har makt. Stortinget har makt fordi dei lagar lovene som gjeld i Noreg. Rektor har makt fordi han eller ho kan utvise ein elev som har brote skulereglementet. Den kulaste i gjengen har makt til å definere kva som er "in" akkurat no.

Når vi bruker ordet makt i fagleg samanheng, må vi vere tydelege på kva vi legg i omgrepet.

Sosiologen Max Weber (1864–1920) definerte makt slik:

Makt betegner enhver sjanse til å gjennomføre sin vilje innenfor en sosial relasjon, også på tross av motstand, uansett hva denne sjansen beror på.

Store norske leksikon viser òg til ein enklare definisjon av statsvitaren Robert A. Dahl (1915–2014). Ifølgje han er makt "å få noen til å gjøre noe de ellers ikke ville ha gjort". Det kan vi oppnå gjennom å true med negative sanksjonar dersom ein person ikkje gjer det vi ønskjer. Vi kan òg få innverknad gjennom å påskjønne positiv åtferd.

Mediemakt

Viljemakt

Makta til media kjem til uttrykk på fleire måtar. Ei avis kan bestemme seg for å fokusere på forholda i eldreomsorga. Avisa lagar ein reportasje om ein gammal og sjuk mann som blir send heim til ei kald leilegheit utan tilsyn. Samtidig skriv redaktøren ein leiar om mangel på sjukeheimsplassar. Formålet er då å setje saka på den politiske dagsordenen. Resultatet kan bli at politikarane vedtek å byggje ein ny sjukeheim. Ei slik maktutøving kallar vi viljemakt.

Ein person held opp papirutgåva av VG frå 17. august 2017. Framsida har eit stort nærbilete av ansiktet til Donald Trump. Tittelen "Denne kjeften splittar USA" er plassert som ein firkant mellom nasen og munnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjonsmakt

Media har òg definisjonsmakt. Dei gir oss dagleg eit nyheitsbilete som ikkje berre fortel kva som har skjedd, men der hendingane òg blir sette i ein kontekst som hjelper oss å forstå det vi les, ser og høyrer. Det ligg mykje makt i denne forma for fortolking av røynda.

Gjennom faktatekstar og fiksjonstekstar i media får vi dessutan teikna opp eit bilete av korleis menneske lever liva sine, og kva verdiar som gjeld.

Skildringane i media av menneske som høyrer til ulike kulturar og religionar, er med på å forme biletet vårt av dei, særleg dersom vi ikkje har kjennskap til desse miljøa basert på eigne erfaringar.

Strukturell makt

Strukturell makt er maktutøving som baserer seg på grunnleggjande strukturar i samfunnet. Døme er måten staten er organisert på, politiske system, pressesystem, eigarforhold, økonomi, lover, normer og rutinar.

NRK og TV 2 har stor makt i kraft av at dei er allmennkringkastarar. Allmennkringkastarar har eit spesielt ansvar for den opplyste samtalen i det norske demokratiet, mellom anna i form av eit allsidig programtilbod og brei dekning av nyheiter og politisk debatt. Andre kommersielle TV-kanalar kan sjølv avgjere kor stor del av sendeflata som skal brukast til nyheitsformidling, og kor mykje tid som skal brukast til underhaldning.

Distributørar av medieinnhald har òg stor makt. Dei bestemmer til dømes kven som skal få tilgang til innhald på nettet, som krev breibandstilgang. Multinasjonale teknologiselskap, som Apple, har fått kritikk for å sensurere innhaldet på distribusjonsplattformene sine.

Sosiale medium, som Facebook, Twitter og YouTube, utøver makt når dei stengjer ute avsendarar av kontroversielle bodskapar, slik dei gjorde i samband med den amerikanske valkampen i 2020.

Viktige omgrep

Kjelde

Engelstad, F. (2019, 20. juni). Makt. I Store norske leksikon. https://snl.no/makt

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn