Oppgåve

Modul 1: Kva er sannsyn?

Publisert: 19.05.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Med hjelpemidler, liten

Oppgåver til Modul 1: Kva er sannsyn?

1.1Terning

Du skal no gjere eit forsøk saman med ein annan elev. De skal kaste ein terning 50 gonger kvar. Det kan vere lurt at ein av dykk kastar, medan den andre noterer resultatet. Resultata skal førast inn i ein tabell som vist nedanfor.

Ta deg tid og ver nøyaktig.Tabell

 Ser dere nokre mønster for dei relative frekvensane?

1.2

Du skal no bruke resultata du fann i førre oppgåve.


a) Legg saman resultata du fekk i dei to tabellane i førre oppgåve i ein tabell med 100 kast. Kva kan du seie om dei ralative frekvensane?
Dersom du ikkje har to tabellar, bruker du tala i dømet som den eine tabellen.

100 kast med terning:
100 kast med terning tabell  

b) Gå inn på Simuleringar i sannsyn. Vel simulering nr. 1 «Terningkast». (Ein feil gjer at du må bla opp og ned igjen i høgre hjørne) Gjer forsøk med 10, 50 og 100 kast.

c) Kva kan du seie om den relative frekvensen for kvart av utfalla?

d) Gjer forsøk med 500 og 1000 kast.

e) Gjer forsøk med 5000 og 10 000 og 50 000 kast (100 000 kast om du orkar). Kva kan du nå seie om den relative frekvensen til kvart av utfalla?

Du kastar ein terning ein gong.

f) Kor stort sannsyn trur du det er for å få ein seksar?

 

1.3

Å kaste ein teiknestift er også eit tilfeldig forsøk. Det er to utfall av forsøket. Teiknestiften kan lande med spissen opp eller med spissen ned.

Tegnestifter Du skal no gjere eit forsøk med ein teiknestift og finne ut kva sannsynet er for at teiknestiften du bruker skal lande med spissen opp, eller med spissen ned, når du kastar den.
a) Kor mange utfall har du?

b) Kast ein teiknestift 50 gonger og presenter resultatet i ein sannsynsmodell.

c) Samanlikn din modell med ein annan elev. Er modellane like? Kva kan ein eventuell skilnad skuldast?

 

1.4

Gå inn på Simuleringar i sannsyn. Vel simulering nr. 7,kast av teiknestift. Gjer oppgåvene i simuleringa og finn sannsynet for dei ulike utfalla.

 

1.5

Ved kast av to pengestykke er det tre moglege utfall, to krone, to mynt eller ein krone og ein mynt.

a) mynt og kron. foto.  Skriv ned kva for ei fordeling du trur det blir mellom desse tre utfalla.

b) Kast to pengestykke 50 gonger og rekn ut den relative frekvensen for kvart av dei tre utfalla.

c) Ta dine resultat og legg desse saman med sidemannen sine resultat.

d) Finn den relative frekvensen no.

e) Presenter resultatet i ein sannsynsmodell.

f) Vart resultatet som du hadde venta?

 

1.6

Gå inn på Simuleringar i sannsyn. Vel simulering nr. 2, Spel med myntar. Kva for ei hending vil det lønne seg å satse på? (Sjå på gevinstane for dei enkelte hendingane).

 

1.7

a) Kor mange utfall har du når du kastar ein vanleg terning?

b) Kor mange utfall har du dersom du kastar to terningar og summerer talet på auge?

c) Kor mange utfall har du dersom du kastar ein mynt og ein terning?

d) Kor mange utfall har du i ein vanleg kortstokk på 52 kort når du skal trekkje eitt kort?