Oppgåve: Yrkessituasjon

Å lage etiske retningslinjer for klassen

Publisert: 24.06.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Omsorg

For at du skal kunne utvikle gode haldningar og utøve god praksis, må du vere medviten om dine eigne haldningar og verdiar. Du må tenkje over korleis haldningane dine kjem til uttrykk i møte med medelevar, tilsette på skulen og menneske du møter når du er i praksis.

De kan først løyse oppgåva individuelt. Deretter kan de saman lage felles retningslinjer for klassen som de evaluerer gjennom skuleåret.

Lag etiske retningslinjer for klassen som inkluderer følgjande relasjonar og situasjonar:

 

  • møtet ditt med medelevar
  • samarbeidet ditt med medelevar
  • møtet ditt med lærarar
  • samarbeidet ditt med lærarar
  • møtet ditt med alle tilsette på skulen
  • forholdet ditt til arbeidsgivar (som her er skulen)
  • den livslange læringa di
Oppgåver
Relatert innhald

Praktisk stoff