Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis beskrive ein nettstad?

Skal du beskrive ein nettstad, må du sjå på kven som produserer og eig innhaldet, kva som er føremålet med nettstaden, og kva målgruppe han er meint for.
Designet av en nettside på en datamaskin i vinklet perspektiv. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksempel 1: Trondheim kommune

Nettstaden til Trondheim kommune illustrerer kva som kan skje dersom ein freistar å fortelje mykje på ei enkelt nettside. Det er innbyggjarane i kommunen som først og fremst bruker denne nettstaden. For dei er det viktig at dei raskt finn den informasjonen eller tenesta dei er på jakt etter. All vekt er lagt på funksjonalitet og det å vere brukarvenleg. Det er lagt lite vekt på det estetiske.

Eksempel 2: Vålerenga fotball

Ingen som besøker nettsida til Vålerenga fotballklubb skal vere i tvil om kva den sida handlar om. Både fargebruk, logoar og bilete er i samsvar med det brukarane kan vente å finne, og både design og innhald spelar uhemma på brukarane sine kjensler. Nettsida har ei klårt definert målgruppe, og inneheld informasjon og tenester som vert etterspurt av supporterar. Dette er også den einaste av dei tre nettsidene som har tatt i bruk levande bilete i form av eige web-tv. Ein annan effekt er teljaren som tel ned minutt og sekund til neste fotballkamp.

Kven produserer innhaldet?

  • Innhaldet kan vere produsert av privatpersonar, av offentlege institusjonar eller av bedrifter.
  • Innhaldet kan vere produsert av enkeltpersonar, eller av mange enkeltpersonar som dannar eit kollektiv (fellesskap). Mange nettstader har også profesjonelle redaksjonar med journalistar, fotografar, web-designarar og så bortetter.

Kven eig nettstaden og innhaldet?

  • Dei som eig ein nettstad, kan produsere innhaldet sjølve, eller dei kan tilsetje eller invitere andre til å bidra med innhald.

Kva er føremålet med nettstaden?

Vi skil mellom kommersielle og ikkje-kommersielle nettstader.

  • Føremålet med dei kommersielle er å marknadsføre eit produkt eller ei teneste som kunden betaler for. Ikkje-kommersielle nettstader, derimot, tek ikkje betalt for bruk av innhaldet. Mange nettstader tilbyr brukarane gratis tenester som blir finansierte gjennom reklame på nettsidene. Denne typen nettstader kan vi kalle delvis kommersielle.
  • Nokre nettstader skal først og fremst formidle informasjon, til dømes ulike typar leksikon og nettstader drivne av offentlege institusjonar.
  • Det finst nettstader som har nettkunst som føremål.
  • Nokre nettstader dekkjer framfor alt sosiale behov hos brukarane.
  • Portalar og søkjemotorar samlar innhald frå ei rekkje andre nettstader med ulike eigenskapar og føremål.

Kven er målgruppa?

Nokre nettstader har klart avgrensa og nokså smale målgrupper, medan andre vender seg til store brukargrupper.

CC BY-SASkrive av Jon Hoem.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2018

Læringsressursar

Brukaroppleving og produksjon for nett