Hopp til innhald

Fagstoff

Lukkaren

Lukkaren er porten som opnar og stengjer for lyset og avgjer kor lenge lyset får sleppe inn. Lukkaren er alltid stengt og opnar seg berre når du trykkjer på utløysarknappen på kameraet.

Du kan styre lukkaren manuelt eller la lysmålaren i kameraet avgjere lukkartida. Er lyset sterkt, opnar lukkaren seg berre i brøkdelen av eit sekund, medan han i lite lys er open lenge.

Lukkartid

Lukkartida er tida kameraet bruker på å sleppe inn lys. Ho seier kor lenge eksponeringa skal vare. Ved å stille på lukkartida og trykkje ned på utløysaren på kameraet, gir ein det beskjed om kor lenge lukkargardina skal vere open og tillate lyset å treffe biletsensoren. Når det er lite lys tilgjengeleg, kan lukkaren vere open fleire sekund fram til biletsensoren har fått nok lys til å eksponere motivet rett. Er det mykje lys tilgjengeleg, må lukkartida vere kortare. Då opnar og lukkar lukkargardinet seg fortare, og ein unngår at motivet blir overeksponert.

Kollasj som viser forskjellen fra lang til kort lukkertid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lukkarskalaen

Lukkartida blir oppgitt i ein brøkdel av eit sekund eller i hundredels sekund (125 = 1/125). Når du doblar lukkartida, slepp du inn dobbelt så mykje lys. Når du halverer lukkartida, halverer du mengda lys som treff CCD-brikka.

Lukkartidsskalaen demonstrerer dette:

Lukkarskalen med trinn fra mørkt til lyst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lukkartidene blir oppgitte som tal:
1 – 2 – 4 – 8 – 15 – 30 – 60 – 125 – 250 – 500 – 1 000
Dette er eigentleg brøkar. 250 tyder 1/250 sekund.

1 000 er altså ei veldig kort lukkartid (1/1 000 sekund), mens 1 er eit heilt sekund.

Den kreative effekten av lukkartid

Ved å bruke lukkartida kan du «stoppe tid» og framheve fart. Vel du kort lukkartid, kan du fryse eit motiv som er i rørsle, og vise det vi elles ikkje ville sett med berre auga, for eksempel ein drope som fell. Kort lukkartid blir mykje brukt ved fotografering av sportsutøvarar.

Ved å bruke lang lukkartid kan du framheve fart og rørsler som slør eller uskarpe konturar. Du kan få rennande vatn til å sjå ut som et silkelaken. Ei slik uskarpheit i biletet gir uttrykk for stemning, kjensler og energi.

To bilder som viser effekten av ulik lukkertid. Kolasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Tren på rett eksponering. Lag gjerne små grupper i klassen og konkurrer om kven som får flest rette svar.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen og Christina Listanco Einmo.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Kamerateknikk