Fagstoff

Forsking

Publisert: 02.05.2011, Oppdatert: 30.08.2017
Forskning på modell

Kunnskap er nøkkelen til fornuftige handlingar. Gjennom kunnskap og forståing kan politikarar og leiarar ta riktige avgjerder til beste for samfunnet og enkeltmennesket. Kunnskap om verda og forståing av naturvitskaplege samanhengar har menneska tileigna seg gjennom fleire hundre år med forsking.

 

 

 

 

Image showing the thumbnail for content named \"Verdsbiletet gjennom tidene\"Verdsbildet gjennom tidene. Klikk på biletet og sjå kva for syn på verda som har rådd til ulike tider. 

 

Bilde av jordkoloden som endres.Animasjon av kontinentaldrift. 

 

Sjå fleire animasjonar av kontinentaldrift.

 

 

To forskere studerer resultater fra forskning.Kreftforskarar ved Radiumhospitalet. 

 

Utvikling av internett er eit døme på grunnforsking der ein serie forskingsresultat har gitt mulegheit for snøgt å kunne kommunisere effektivt over store avstandar.

Forsking gir ny kunnskap

Frå den forsiktige starten på 1500-talet og fram til i dag har forskinga gitt oss mykje ny kunnskap. Framleis er det mykje vi ikkje veit. På den andre sida er det slik at mykje kunnskap som vi no tek for gitt, var ukjend for ikkje lenge sidan.

Kontinentaldrifta er eit godt eksempel på dette. Lenge trudde ein at kontinenta låg i ro, mens vi i dag veit heilt sikkert at dei beveger seg sakte, men samtidig raskt nok til at utsjånaden til jorda forandrar seg over lang tid. Det var den tyske geofysikaren Alfred Wegener som først sette fram hypotesen om kontinentaldrift i 1912. Motstanden mot hypotesane til Wegener var stor, og på ein kongress i USA i 1928 blei han beskriven som "ein forskar av 'den fotlause typen' som i rekonstruksjonen sin av jordoverflata tok seg altfor store fridommar med moder jord”.

Kontinentaldrifta forklarer mykje

Kart over Pangea.Pangea. Slik låg kontinenta i forhold til kvarandre før kontinentaldrifta flytte dei frå kvarandre.I dag veit vi at Wegener hadde rett. Forståing for kontinentaldrifta er svært viktig for å forklare korleis artar har utvikla seg gjennom isolasjon.

Les meir

Faunaen i Australia i dag har opphav i Gondwanaland då Australia, Antarktis, India og Sør-Amerika hang saman i eit sørleg superkontinent for cirka 160 millionar år sidan. Då Gondwanaland blei splitta og kontinenta dreiv frå kvarandre, blei Australia isolert og har vore slik i om lag 100 millionar år. Floraen og faunaen her har utvikla seg utan å vere i kontakt med populasjonar av dyr og plantar frå andre kontinent. Dette har resultert i særeigne plante- og dyreartar i Australia og ein flora og fauna som er unik samanlikna med i dei andre restane av Gondwanaland, slik som for eksempel i Sør-Amerika. Slektskapen mellom artar på ulike kontinent kan no førast tilbake til den tida då kontinenta hang saman. Kontinentaldrift har ført til isolasjon av populasjonar, fråvær av genutveksling og dermed utvikling av unike artar.

skjul

 

Mange forskingsområde

Gjennom forsking har vi fått kunnskap om kontinentaldrift og ei forståing av korleis jorda endrar utsjånad over lang tid.
Ordet ”forsking” er av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) definert slik:

Forskning og utviklingsarbeid (FoU) er skapende arbeid på systematisk grunnlag med henblikk på å øke den vitenskapelige og tekniske viten, herunder viten vedrørende mennesker, kultur og samfunn - samt utnyttelse av den eksisterende viten til å anvise nye praktiske anvendelser.


I dag blir forsking drive av millionar av forskarar i alle land. Det blir forska på alle fagfelt: biologi, klima, astronomi, samfunnsfag, medisin, politikk, språk – vi kunne ha halde fram med lista nesten i det uendelege. Forskarar arbeider på universitet, høgskular, i offentlege og private bedrifter, i regi av ideelle organisasjonar og ikkje minst i statlege institusjonar. Dei jobbar åleine, i større eller mindre grupper eller deltek i store nasjonale og internasjonale prosjekt. Forskinga er mangfaldig.

Forskingstypar

Vi skil ofte mellom grunnforsking og bruksretta forsking. Forskarar som arbeider med grunnforsking, vil arbeide for å auke kunnskapen om grunnleggjande variablar. Dei legg grunnlaget for vidare forsking (bruksretta forsking) som på lang sikt skal kunne utnyttast til noko nyttig og til praktisk bruk i samfunnet.

Oppgåver

Praktisk stoff

Relatert innhald

Aktuelt stoff