Fagstoff

Historia til systematikken

Publisert: 03.05.2011, Oppdatert: 04.08.2017
Carl von Linne

Mennesket har alltid hatt eit behov for å klassifisere verda rundt seg. Mennesket ønskjer å putte ting i boksar for å halde styr på omgivnadene. Dei første biologiske klassifikasjonssystema som oppstod, var veldig enkle, men etter kvart blei stadig fleire karakterar nytta til klassifisering i systematikken.

"Gud skapade, Linneaus ordnade."

(Linné2007)


Skulptur som viser Aristoteles. Foto.Aristoteles (384–322 f.Kr.) blir rekna som den første som gjorde vitskapleg arbeid innanfor systematikken. Nokre av verka hans var sentrale i den biologiske systematikken til langt ut på 1700-talet.
Opphavsmann: Giovanni Dall'Orto
 

Illustrasjon av skallet ibisGesner (1516–1565) beskreiv og illustrerte ei rekkje artar. Fuglen hvit hegre blei beskriven og illustrert av Gesner i Historiae animalium på 1500-talet. 

Portrett av Linne i folkedrakt fra LapplandPortrett av Carl von Linné (1707–1778) i folkedrakt frå Lappland. Linné utførte fleire ekspedisjonar, mellom anna til Lappland i 1732. Studiane han gjorde der, førte til botaniske avhandlingar, men òg reiseskildringar.
Fotograf: University of Amsterdam
Opphavsmann: Henrik Hollander
 

Illustrasjon av planters seksulasystemLinné delte plantane inn i klassar og ordenar på grunnlag av talet på plantar, lengd og posisjon på støvberarar og fruktemne.

Enkle, kunstige klassifikasjonssystem

Behovet for å forstå og systematisere livet rundt oss har alltid vore viktig. I tidlegare tider blei det skilt mellom for eksempel snille dyr versus farlege dyr og giftige versus ikkje-giftige plantar. Dette var kunstige klassifiseringar som ikkje sa noko om slektskap, men som grupperte organismar som hadde ein eller nokre få karakterar felles. I slike kunstige system får ein ikkje noko meir ut av ei gruppe enn det som er lagt inn. For eksempel kunne ein ikkje vite noko meir om ein plante i gruppa ”giftig” enn at han var giftig. Dette er likevel ei form for klassifisering sjølv om formålet var noko anna den gongen enn det er i dag.

System basert på bygningstrekk

Dei første systema som la meir vekt på morfologi, oppstod så tidleg som i cirka år 350 f.Kr. av den greske filosofen Aristoteles (384–322 f.Kr.) og eleven hans, Theofrastos (372–287 f.Kr.). Aristoteles og Theofrastos stod bak ei rekkje skrifter innanfor mellom anna anatomiske, fysiologiske og systematiske emne. Aristoteles’ Historia Plantarum og Historia Animalium var kanskje dei viktigaste skriftene. Nokre av desse skriftene var sentrale i den biologiske systematikken til langt ut på 1700-talet.

Naturlege klassifikasjonssystem

Dei første naturlege klassifikasjonssystema oppstod på 1500-talet. I slike system kan vi faktisk seie ganske mykje om eit objekt dersom vi for eksempel veit kva for ein plantefamilie det høyrer til. Viss vi veit at ein plante høyrer heime i erterblomsterfamilien, veit vi òg litt om mellom anna frukta og blomen. Den sveitsiske vitskapsmannen Conrad Gesner (1516–1565) var viktig i utarbeidinga av systematisk informasjon om dyr og plantar og var den som skilde artane inn i slekter i klassifikasjonen av plantar. Han gav mellom anna ut verka (nokre blei gitte ut etter at han var død) Opera Botanica, Historia Plantarum og Historia Animalium som alle har vore viktige tilskot i biologien og systematikken.

Den bristiske presten John Ray (1627–1705) er ein annan person som er verd å nemne. Han arbeidde med klassifisering innanfor alle naturdisiplinane. Ei av klassifiseringane han jobba med, var å finne eit naturleg system for klassifikasjon som skulle reflektere Guds skaparverk. Klassifiseringa hans av plantar i Historia Plantarum var eit viktig steg mot moderne taksonomi, og inndelingane hans var baserte på likskapar og forskjellar mellom organismane.

Carl von Linné

Mange personar har sett preg på oppbygginga og utviklinga av systematikken, og mange av desse inspirerte Carl von Linné og betydde mykje for arbeidet hans. Det er vel liten tvil om at Carl von Linné (1707–1778) er den personen som har betydd mest innanfor dette fagfeltet. Han blir rekna som eit av dei fremste genia i naturvitskapen, og han jobba både som botanikar, zoolog og lege. Han var lidenskapeleg oppteken av naturen og gjorde mange reiser der han registrerte og klassifiserte organismar (ca. 8000 plantar og 6000 dyr). Linné publiserte i 1735 den første utgåva av Systema Naturae, og med den presenterte han viktige prinsipp rundt beskriving, systematikk og nomenklatur.

Endringar i systematikken etter Darwin og DNA

Linné meinte i likskap med Ray at ein art var noko uforanderleg skapt av Gud. På slutten av 1700-talet var det fleire naturvitarar som tvilte på at artane var statiske slik Linné hadde gått ut frå. Etter at Darwin (1809–1882) og teorien hans om evolusjon som eit faktum blei akseptert på 1800-talet, la ein i større og større grad vekt på klassifisering ut frå slektskap heller enn berre ut frå likskap. Dette har prega systematikken sidan. Ny kunnskap innanfor molekylær biologi (og då særleg DNA-molekylet) og datateknologi dei siste tiåra har gjort at tilgangen på molekylære karakterar har auka og på den måten endra systematikken.

Relatert innhald