Hopp til innhald

Fagstoff

Bidragskalkyle – dekningsbidrag

Stine er salssjef og medeigar i ei lita IT-bedrift som sel datamaskinar til bedriftskundar. Stine bruker vanlegvis bidragskalkyle når ho skal berekne prisar.
Datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stine bruker bidragskalkyle

Vi skal no sjå på eit døme på korleis Stine bereknar utsalsprisane til IT-bedrifta. Kundane deira er bedrifter, og i bedriftsmarknaden er det vanleg å oppgi prisar utan meirverdiavgift når ein lagar tilbod og samanliknar prisar mellom ulike leverandørar. Når vi som privatkundar studerer vareutvalet i butikkhyllene, er det vanlegvis prisar med meirverdiavgift vi ser på.

No har Stine fått ein førespurnad frå ei nyetablert bedrift som ønskjer å kjøpe 30 PC-ar av ho. Dei har gitt ho nøyaktige spesifikasjonar og bede om eit pristilbod.

Stine må vurdere tre ting når ho skal fastsetje prisen:

  1. Kor mykje er marknaden villig til å betale for dette produktet?
  2. Kva pris tek konkurrentane for dette produktet?
  3. Kan eg oppnå forteneste ved sal av dette produktet?

Stine prøver først å undersøkje kor mykje bedrifta er villig til å betale. Deretter sjekkar ho kva konkurrentane sel tilsvarande PC-ar for. På bakgrunn av desse undersøkingane kjem ho fram til at 7 000 kroner kan vere ein grei pris. Det er litt under prisen til konkurrentane, og derfor trur ho at bedrifta blir fornøgd.

Men før ho skriv pristilbodet, må Stine sjekke om det er økonomisk forsvarleg å selje til denne prisen. Vil bedrifta hennar tene pengar på å selje PC-ane til 7 000 kroner stykket?

For å finne ut av det set Stine opp ein bidragskalkyle, som bereknar dekningsbidraget. Dekningsbidraget viser kor mykje bedrifta sit att med når dei variable kostnadene er trekte frå.

Variable kostnader

Stine må først finne dei variable kostnadene. Ho finn at innkjøpsprisen per PC levert i Oslo er 4 890 kroner. Frakt frå Oslo til Stine sitt lager kostar 4 200 kroner for heile partiet.

variable kostnader

Inntakskost

Innkjøpspris per PC

4 890 kr

+ frakt per PC, 4 200 kr : 30

140 kr

= inntakskost

5 030 kr

Variable kostnader er dei kostnadene som varierer etter kor mykje vi sel, salsvolumet. For ei handelsbedrift vil det vere inntakskosten for produkta.

Dekningsbidrag

Stine reknar seg deretter fram til at kvar PC vil gi ho eit dekningsbidrag på 1 970 kroner, som vil bidra til å dekkje dei faste kostnadene for bedrifta og forteneste.

bidragskalkyle per eining

Dekningsbidrag

per eining

Salspris

7 000 kr

– variable kostnader

5 030 kr

= dekningsbidrag

1 970 kr

Stine set òg opp ein kalkyle for heile ordren på 30 PC-ar.

bidragskalkyle totalt

Dekningsbidrag

totalt

Total salspris, 7 000 kr · 30

210 000 kr

– variable kostnader, 5 030 kr · 30

150 900 kr

= totalt dekningsbidrag

59 100 kr

Dekningsgrad

Salsinntekta til bedrifta er talet på selde produkt gonga med salsprisen. For å finne ut kor stor del av salsinntekta som vil bidra til å dekkje dei faste kostnadene og forteneste, bereknar Stine det som blir kalla for dekningsgrad:

dekningsbidragsalsinntekt·100% =dekningsgrad

Dekningsgrada er kor mange prosent dekningsbidraget er av salsinntekta utan meirverdiavgift.

Prøv sjølv!

Set opp reknestykket for dekningsgrada i dette dømet.

Løysing

kr 1 970kr 7 000  100% = 28,14

Vanlegvis tenkjer Stine at ho bør ha ei dekningsgrad på minst 30 prosent. Dekningsgrada her er litt lågare. Ho bestemmer seg likevel for å levere eit tilbod til bedrifta, sidan det er viktig å få nye kundar.

Diskusjonsoppgåve

Finn likskapar og forskjellar mellom avanse, bruttoforteneste og dekningsbidrag.

Fagomgrep
Bidragskalkyle
er ein kalkyle der vi bruker kalkylar som bereknar dekningsbidraget for eit produkt.
Dekningsbidraget
er kor mange kroner av salsinntektene som er att til å dekkje faste kostnader og forteneste.
Dekningsgrada
er kor stor prosent av salsinntektene som er med på å dekkje faste kostnader og forteneste.
Faste kostnader
er kostnader i bedrifta som er uavhengige av salsvolumet, slik som husleige og løn.
Inntakskosten
er det det kostar å kjøpe inn eit produkt, til dømes innkjøpspris og fraktkostnad.
Variable kostnader
er kostnadene som varierer med salsvolumet, som inntakskosten for eit produkt.
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod