Rettleiing

Biologisk mangfald

Publisert: 28.04.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Vårflue

Hovudområdet biologisk mangfald byggjer på "Berekraftig utvikling" i naturfaget, men går meir grundig inn på kva ein art er, og korleis ein kan sortere artar for å få oversikt. Det blir lagt vekt på at ein skal sjå samanhengen mellom miljø og artsutval og forstå kor viktig variasjon og bevaring av biologisk mangfald er.

Image showing the thumbnail for content named \"Frå Big bang til no\"Frå Big bang til no.      

 

Image showing the thumbnail for content named \"Genetisk variasjon\"Genetisk variasjon.       

 

 

 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • forklare kva omgrepet biologisk mangfald omfattar, og drøfte spørsmål kring ansvaret for å ta vare på biologisk mangfald lokalt og globalt
  • forklare korleis ein art blir definert, og korleis det biologiske mangfaldet blir organisert i taksonomiske system
  • gje døme på variasjon innanfor og mellom populasjonar av same art, og forklare kva denne variasjonen har å seie
  • forklare korleis biologisk mangfald heng saman med variasjon i habitat og nisjar i økosystema

Omtale av hovedområdet

Hovudområdet handlar om det biologiske mangfaldet lokalt og globalt og om at trugsmål mot mangfaldet er ei av dei store utfordringane menneska står overfor. Klassifisering av artar og verdien av variasjon innanfor og mellom populasjonar er ein del av hovudområdet, i tillegg til samanhengen mellom mangfald, habitat og nisjar.

Oppgåver

Generelt