Rettleiing

Den unge biologen

Publisert: 28.04.2011, Oppdatert: 12.09.2017
Smådyr i vannet

Den unge biologen handlar mest om arbeidsmetodar i felt og laboratorium og byggjer på hovudområda "Forskarspira" og "Berekraftig utvikling" frå naturfag. Her må du bruke fagleg kunnskap til å tolke informasjon, kartleggje, systematisere og dokumentere. Du må bruke systematikk, men det blir grundigare behandla i hovudområdet "Biologisk mangfald".

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • planleggje og gjennomføre undersøkingar i laboratorium frå alle hovudområda, rapportere frå arbeida med og utan digitale verktøy og peike på feilkjelder i undersøkingane
  • gjennomføre eit større feltarbeid og nytte biologiske metodar til å samle inn, kartleggje og utforske ulike typar organismar og leggje fram resultata frå undersøkingane
  • observere og namngje nokre vanlege artar frå ulike biotopar og samanlikne dei med omsyn til fellestrekk og variasjon ved å bruke kunnskapar frå systematikk
  • trekkje ut informasjon frå biologiske tekstar, brosjyrar, aviser, bøker og frå Internett, og vurdere korleis informasjonen er underbygd

Omtale av hovedumrådet:

Hovudområdet handlar om å bruke biologifaglege arbeidsmåtar i økologisk feltarbeid og i undersøkingar og forsøk i laboratoriet. Vidare dreiar hovudområdet seg om arbeid med ulike miljøutfordringar, og om vurdering av informasjon i media. Etiske sider ved problemstillingane inngår òg.

Oppgåver