Hopp til innhald

Fagstoff

Fordjuping i subjektiv og objektiv journalistikk

All journalistikk har eit snev av subjektivitet. Det er likevel vanleg å skilje mellom objektiv og subjektiv journalistikk. Ein objektiv tekst bygger på etterprøvbare faktum. Subjektiv journalistikk kallar vi også for meiningsjournalistikk.
Manipulert foto der fire versjonar av den same unge mannen er sette saman til eit gruppebilete av eit nyheitsteam. Han skal illustrere fire yrke: kameramann, nyheitsanker i dress, journalist med skriveblokk og lydmann.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Journalistiske sjangrar

Når journalisten har henta inn informasjon frå ulike kjelder, er tida kommen for å utforme avisteksten eller skrive nyheitsmeldingar og ‑blokkar. Journalistiske sjangrar skil seg frå andre medietekstar ved at dei bygger på etterprøvbare faktum og fortel om hendingar som verkeleg har funne stad.

Objektivitet kontra subjektivitet

Sjølv om fri, uavhengig, objektiv og kritisk journalistikk er eit ideal for dei fleste journalistar, betyr ikkje det at alle journalistiske sjangrar er objektive. Nokre sjangrar er prega av meiningane til journalisten eller redaktøren. Slike sjangrar kallar vi iblant for meiningsjournalistikk eller subjektiv journalistikk.

Synet på objektiv og subjektiv journalistikk speglar grunnleggande verdiar i det norske politiske systemet og ideologiske straumdrag i samtida. Det norske pressesystemet legg vekt på sosialt ansvarleg journalistikk. Dette er nedfelt i Ver Varsam-plakaten. Mange journalistar går derfor langt i å fremme og støtte synspunkt frå menneske som føler seg overkøyrde av storsamfunnet.

Omgrepet agendastyrt journalistikk blir brukt om journalistikk som har til føremål å forandre forhold i samfunnet, til dømes når det gjeld likestilling eller ruspolitikk. I det siste har vi også sett døme på journalistikk som prøver å forandre utfallet i straffesaker. Agendajournalistikken vart eit ideal på 1970-talet, men har seinare blitt kritisert for misbruk av mediemakt.

I ei tid der vi nærast druknar i nyheitsmeldingar, kan det vere behov for meir forklarande journalistikk som tilbyr ei tolking av det som skjer, til dømes i form av kommentarar. Men alle slike tolkingar vil til sjuande og sist vere baserte på dei subjektive vurderingane til journalisten.

Nettjournalistikk kan også vri journalistikken i subjektiv retning, sidan lesarar som får nyheitene formidla via sosiale medium, reagerer meir på kjensler enn på faktum.

"Objektive" sjangrar

Objektiv journalistikk bygger på etterprøvbare faktum og blir elles kjenneteikna ved at han

  • lar fleire partar komme til orde
  • dokumenterer påstandar
  • ikkje gir uttrykk for eigne meiningar

Nyheitsartiklar er den vanlegaste avissjangeren. Nyheitsartikkelen fortel fakta om noko som har hendt, og belyser ofte hendinga frå ulike sider. Teksten blir som oftast utforma slik at det viktigaste kjem først, og han gir svar på spørsmåla kven, kva, kvar, når, kvifor og korleis. Dersom saka er lita nok, blir nyheita presentert som ein notis. Notisen er ei kort nyheitsmelding, vanlegvis mellom 10 og 20 linjer.

I radio og fjernsyn bruker vi nemninga nyheitsmelding. Ei nyheitsmelding er gjerne kort og blir utfylt med intervju og blokkar. Ein blokk er eit samandrag av informasjon som journalisten har fått frå ulike kjelder, og som blir brukt til å binde nyheitsinnslaget saman.

Nyheitsinnslag på NRK P3

0:00
-0:00

Bakgrunnsartikkelen fortel om bakgrunnen for det som har hendt. Det kan vere historiske hendingar, vitskaplege teoriar eller politiske avgjerder som er viktige for å forstå dei dagsaktuelle hendingane. Sjangeren finn vi også igjen i aktualitetsprogram i radio og TV, til dømes Urix på NRK1, eller Kort fortalt, som er retta mot unge.

I dag ser vi ei arbeidsdeling der nettavisene i stor grad overtek den raske nyheitsformidlinga, medan dei tradisjonelle nyheitsmedia legg meir vekt på å formidle bakgrunnsstoff og kommentarar.

Intervjuet er både ein arbeidsreiskap og ein journalistisk sjanger. Intervjuet kan utformast som ein rein nyheitssjanger eller ha form av eit portrettintervju der journalisten prøver å teikne eit bilete av kven ein person er.

Sjangrar med personleg vri

Reportasjen er ein vanleg mediesjanger i aviser, blad, radio og på TV. Utgangspunktet for reportasjen er gjerne ei nyheitssak eller eit aktuelt tema. Felles for alle slags reportasjar er at journalisten eller fotografen sjølv dreg ut for å undersøke kva som skjer, og for å snakke med aktuelle personar. Reportasjen blir derfor prega av opplevingane og dei kjenslemessige reaksjonane til journalisten.

Feature er ein mellomting mellom ein journalistisk og ein litterær tekst. Journalisten bruker litterære verkemiddel for å gi lesaren eller lyttaren både ei intellektuell og ei kjenslemessig oppleving. Sjangeren er vanlegast i helgebilaga til avisene og krev at journalisten har god tid og ei spesiell evne til å formulere seg. Featurejournalistikk blir derfor omtalt som journalistikkens Rolls-Royce.

Foto av Siv Jensen som står omgitt av journalistar i vandrehallen på Stortinget.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Subjektive" sjangrar

Ein kommentar gir uttrykk for oppfatningane ein journalist eller ein utanforståande ekspert har om ei sak, gjerne basert på utfyllande bakgrunnskunnskap. Tidlegare var det nærast tabu at same person skreiv både nyheitsartiklar, bakgrunnsartiklar og kommentarar. I dag er skiljet mellom objektiv og subjektiv journalistikk ikkje lenger så tydeleg i nyheitsredaksjonane. Derimot er det viktig at den som kommenterer ei hending, har tilstrekkeleg kunnskap og innsikt.

Leiaren har ofte ein fast plass i avisa og er ein kommentar som gir uttrykk for det offisielle synet til avisa i bestemde saker. Leiaren kan vere skriven av redaktøren eller andre med leiarposisjonar i ei avis. Avispetitar og radiokåseri er medietekstar med skråblikk på verkelegheita, utforma i ein personleg, uformell og humoristisk stil, men gjerne med ein alvorleg undertone.

Pressefoto

Pressefoto er også ein journalistisk sjanger. Eit reportasjebilete kan fortelje meir enn mange ord. Eit pressefoto kan vere reint beskrivande, men fotografen kan også velje ein vinkel eller eit utsnitt som fyller biletet med meining på bakgrunn av oppfatninga fotografen har om det ho eller han tek bilete av.

Foto som viser eit nærbilete av ei mørkhuda lita jente med raudfarga og fletta hår. Ho har på ein rosa bluse med kvit krage. I bakgrunnen er ein raud himmel over eit mørklagt landskap.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fotografi kan også manipulerast eller takast ut av den samanhengen dei høyrer heime i. Men då har pressefotografen brote med presseetiske retningslinjer.

Til fordjuping

Det er viktig at meiningane til journalisten ikkje øydelegg truverdet i ein reportasje. Journalistar skal informere, opplyse, avdekke og avsløre. Men er det mogleg å vere journalist utan å engasjere seg og ta stilling til alle sakene ein møter?

I dette innslaget frå radioprogrammet Ekko i 2014 diskuterer kommentator og journalist Sven Egil Omdal frå Stavanger Aftenblad og generalsekretær Kjersti Løken Stavrum frå Norsk Presseforbund om journalistar bør ønske nøytralitet i alle samanhengar – og om det er mogleg å vere nøytral.

Tekstversjon av Kan journalistar vere nøytrale?

Programleiar: Tenk deg, kjære lyttar, at neste veke her i Ekko, så skal vi diskutere privatskular, om det er greitt at kronprinsparet tek dotter si ut av den offentlege skulen for å gå på ein engelskspråkleg internasjonal skule. Kva om eg då fortel på lufta kva eg meiner? Til dømes at eg ikkje synest noko om privatskular, at eg er kritisk til valet dei har teke. Ville du synast at det var bra for debatten i studio, at eg, programleiaren, fortalde den private meininga mi? Eller ville det ha forstyrra og irritert deg såpass mykje at eg fekk ei solid skrape i den journalistiske integritetslakken min? Ja, om journalistar er eller bør ønske å vere nøytrale og objektive, det skal vi snakke om her dei næraste minutta. Og Sven Egil Omdal, du har vore kommentator og journalist i Stavanger Aftenblad. Kva hadde du tenkt om du høyrde meg, eller ein annan programleiar her i P2, ta stilling i ei aktuell sak, som til dømes då privatskuledebatten som har gått?

Sven Egil Omdal: Eg hadde jo tenkt at det var uvanleg å gjere det så opent. Men eg ville jo òg tenkt at det er jo det du eigentleg gjer heile tida. Det er berre er meir tildekt. Du, du gjer det allereie når du bestemmer deg for at dette er eit problem som bør debatterast, at du vil diskutere valet kronprinsparet gjer. Du gjer det når du vel ut kva personar du vil invitere i studio, og du gjer det sjølvsagt i måten du stiller spørsmål på, kva spørsmål du stiller. Sånn at haldningane dine, og haldningane til redaksjonen din, til dette spørsmålet, dei vil alltid ligge til grunn for eit slikt innslag.

Programleiar: Takk, men det du seier no, betyr det at eg like gjerne kunne sagt det?

Sven Egil Omdal: Dette har jo mykje med form å gjere. Eg meiner jo at journalistar generelt skal vere litt tydelegare med kvar vi står, at vi ikkje skal vere så redd for å flagge at vi skriv og snakkar ut frå ein spesiell kontekst. Men det er veldig forskjell på å jobbe i NRK og jobbe i ei avis som ofte har ein politisk ståstad. Du er underlagd andre krav til balanse og mangfald enn folk som jobbar i private medieorganisasjonar.

Programleiar: Så du har litt meir fridom enn meg, med andre ord?

Sven Egil Omdal: Å ja, eg har endå meir fordi eg er kommentator og er tilsett for å fremme meiningar, og ikkje berre skrive "på den eine og på den andre sida".

Programleiar: Kjersti Løken Stavrum, du er også med oss i Ekko i dag, generalsekretær i Norsk Presseforbund. Ja, kva hadde du tenkt om eg eller ein annan journalist flagga den personlege meininga mi før eg starta debatten på lufta?

Kjersti Løken Stavrum: Då hadde eg tenkt at no gjer du det vanskeleg for deg sjølv, både i denne sendinga og vidare framover. Eg er veldig einig med Omdal i at journalistar sjølvsagt har eit utgangspunkt, ein ståstad, ein innfallsvinkel og ei forståing i den augneblinken dei går i gang med ei sak. Det trur eg er viktig at journalisten aksepterer og bruker litt tid på å reflektere over. Men at det er ein uønskt veg å gå frå å vere medviten sine eigne, kanskje fordommar og meiningar, då, til å seie det høgt. Og det er det mange grunnar til. Dersom eg skal ta den absolutt viktigaste, så meiner eg, til liks med heile ideen om journalistikk, at oppgåva til journalisten er å bidra til ein opplyst og informert samfunnsdebatt. Og i den augneblinken du flaggar meininga di, så trur eg det er djupt menneskeleg at ein då begynner å leite etter bevis på at eg har rett, og at du då ikkje lenger er så open for andre synspunkt og andre argument. Og då snevrar du inn horisonten din ytterlegare, og du gjer det vanskelegare for publikum, som du jo faktisk er sett til å gjere ei teneste for. Det gjer det vanskelegare for dei å bli opplyste og informerte sånn at dei eventuelt kan gjere seg opp ei meining om kva som er rett og gale.

Programleiar: Og så sa du at det blir vanskeleg for meg også som journalist. Kva ville det gjort med måten eg skulle jobbe på vidare, dersom eg flagga standpunkta mine?

Kjersti Løken Stavrum: For det første så håper eg jo at du framleis vil vere open for at du kanskje kunne teke feil. Og sett at du i morgon, etter denne debatten, tenkte at "no har eg forandra meining" – skal du då gå ut og fortelje det?

Programleiar: Eg synest er kjempefint med privatskule, til dømes.

Kjersti Løken Stavrum: Å ja, i dag meiner eg noko heilt anna. Det trur eg ikkje. Og så trur eg også at dersom, i ein annan samanheng, så ville det komme nokre i studio til deg som ville diskutert kanskje noko som ligg i grenseland opp mot privatskular. Dei ville då ikkje forhalde seg til deg som ein som stiller opne spørsmål og som gjerne ville ha svar, men dei ville sett på deg som ein motdebattant.

Programleiar: Sven Egil Omdal, for ei tid tilbake skreiv du under overskrifta "Nøytral journalistikk og andre livsløgner" at stadig fleire journalistar rister av seg den klamme objektiviteten og står ope fram som tendensiøse. Altså, det høyrest veldig morosamt ut, men kva er det du meiner med det?

Sven Egil Omdal: Eg begynte eigentleg å gå i rette med den skuldinga som ofte blir fremma mot journalistar: at vi ikkje er nøytrale, at vi ikkje er objektive. Det er veldig viktig å minne om at i den Ver Varsam-plakaten som Kjersti Løken Stavrum forvaltar på vegner av norsk presse, står det ikkje noko krav om at vi skal vere objektive. Det er eit krav om å vere reieleg. Det er eit krav om at ulike syn skal komme til orde, og at vi skal behandle kjeldene våre på riktig måte. Men det er ikkje noko krav om at journalistane skal vere eit slags meiningslaust vesen, noko heller ingen journalistar er. Det er ikkje mogleg å utøve dette yrket utan å ha ein ståstad.

Programleiar: Men det er veldig mange som møter journalistar med akkurat det, at de skal vere objektive.

Sven Egil Omdal: Ja, og det var det som var poenget med artikkelen min: å seie at nei, vi skal ikkje det. Det står ingen plass i dei etiske reglane våre at vi skal vere objektive. Vi skal vere, som sagt, reielege. Objektivitet er eit ord som på mange måtar forvanskar debatten om kva journalistikk er, fordi han skaper ein illusjon om at det ikkje blir gjort val på bakgrunn av haldningar i ein bestemd kontekst. Alle som ser journalistikken, anten det er journalistikken til lokalavisa, eller det er dei store spørsmåla i journalistikken, vil jo fort oppdage at dekninga også på reportasjeplass er prega av haldningar i redaksjonen, haldningar hos den enkelte journalisten.

Programleiar: Journalistisk integritet, Kjersti Løken Stavrum, kva er eigentleg det? De får jo klagar frå folk som meiner at vi journalistar ikkje aner kva vi driv på med. Vi tek parti, og vi blir skylda for å nettopp ikkje vere objektive. Korleis definerer du det, eller korleis skal vi forstå det i dag?

Kjersti Løken Stavrum: Den misnøya som du beskriv, handlar jo om at folk faktisk er veldig opptekne av å ikkje la seg lure av ein reporter ein kan anta at har eit standpunkt, men som skjuler det. Og det er jo heilt riktig at Ver Varsam-plakaten, som journalistar følger, oppmodar til at ein skal vere open om dei eventuelle meiningane eller bindingane sine, og sånn, dersom dei finst. Men denne diskusjonen vi har no, er jo eigentleg driven fram av eit anna bakteppe som handlar om: Er det bra å dyrke fram meiningar for ein journalist? Er det slik at det er ønskeleg at alle skal gå ut og flagge kva dei eigentleg meiner? Og det er der eg gjerne vil då slå eit slag for undring og uvisse, fordi eg meiner det har ein …

Programleiar: Ja, du vil rett og slett ikkje ha alle desse meiningane? At alle skal meine så mykje?

Kjersti Løken Stavrum: Ja, det kan du for så vidt seie, men eg meiner at det å ta vare på undring og uvisse har ein stor verdi i eit samfunn som i vår tid er prega av sterke meiningar, og der den sterke, klare meininga er sterkt ønskt på eit vis. Så synest eg likevel at ein skal vere open for at analysen har ein stor verdi, og at sjølv om det å meine ting kan rydde opp i eit komplisert felt, så trur eg at vegen mot utvikling, innovasjon, kanskje også mot fred og forsoning, like mykje går i å forstå den andre parten, den andre sida. Og det då å ikkje lukke saker ved å meine ting og dyrke fram meiningar, det ser eg ikkje på som eit stort ideal.

Programleiar: Så Sven Egil Omdal, journalistisk integritet, kva er det for deg?

Sven Egil Omdal: Hm, det er jo slik at integritet er noko som du sjølv rår over. Og det er jo at eg må ikkje inngå bindingar eller på den andre måten ta på meg oppdrag som gjer det umogleg for meg å utføre den rolla på ein uavhengig måte. Eg er einig med Kjersti i at den spørjande tilnærminga på ein måte er grunnmuren til journalistikken. Du må gå inn i alle saker du skal dekke, med ei spørjande haldning. Men så kjem du sjølvsagt til eit punkt der du har undersøkt og spurt, og då vil du velje kva vinkel du legg på det produktet som du skal lage, anten det er ein radioreportasje eller det er ein avisreportasje. Og då synest eg det er viktig å ikkje skape eit inntrykk av at denne er totalt verdilaus, at det på den eine eller den andre sida, fordi det ikkje ligg eit verdival til grunn for det utvalet som du gjer etter at du har spurt og undersøkt.

Programleiar: Meiner du at journalistrolla i dag i 2014 er veldig forskjellig frå kva ho var for nokre år tilbake?

Sven Egil Omdal: Det spørst veldig kvar du jobbar. Det er klart det er annleis på så mange måtar, men i partipressetida var det jo sjølvsagt mykje tydelegare at vinkelen i Arbeiderbladet vanlegvis var forskjellig enn vinkelen i Aftenposten til veldig mange av spørsmåla i samfunnet, og det visste folk, og det aksepterte lesarane langt på veg.

Programleiar: Er ikkje det litt greitt, då veit ein kva ein får frå kven?

Sven Egil Omdal: Eg hadde ikkje noko problem med det. Men problemet er at dersom du blir så einsidig at du gløymer å spørje, og gløyme å utfordre dine eigne haldningar eller faktaa til dei menneska som du i utgangspunktet er einig med, så blir jo det slik som Kjersti nemnde, at sjølve grunnoppdraget – å bidra til ein opplyst debatt – blir svekt. Det krev ei veldig sterk form for sjølvkritikk dersom du jobbar i medium som har teke stilling eller som representerer ei side i ei sak dei dekker.

Programleiar: Ja, kvar gong det er val, så dukkar debatten opp igjen om journalistar like godt kunne flagga den politiske ståstaden sin, altså kva parti dei stemmer på. Alle journalistar har jo også ei meining, men den skal vi altså helst ikkje flagge. Kjersti Løken Stavrum, kva synest du? Hadde det ikkje vore like greitt om eg sa kva eg stemde på?

Kjersti Løken Stavrum: Ja, men følg dette resonnementet her: For mange av oss er jo det å stemme på eit parti ikkje så veldig lett. Det å velje ei pakkeløysing er kunstig. Eg synest jo det også er veldig i strid med ideen til journalistikken at ein må velje ei pakkeløysing. Men gitt at det er sånn at eg i utgangspunktet har lide meg fram til eit val av parti, og så skal eg då flagge i etterkant at eg har stemt på det. Då vil det valet verke mykje meir medvite, mykje meir tydeleg, enn det kanskje eigentleg var. Og som vi var innom i starten, eg vil også bli konfrontert med det etterpå, at ja, men du er jo ein NN-veljar. Og viss eg då ved neste val har gjort om på det, så kjem eg jo i den same situasjonen at eg sikkert får eit behov for å fortelje kva dagens meining og val er. Eg synest ikkje det er nødvendig, men eg synest det er det som er så bra med det Omdal seier, er at ein må vere seg kanskje endå meir medviten om kva det er som formar tilnærminga mi til journalistikken. Kva er det som gjer at eg vel desse i studio? Kva er det som gjer at eg har valt denne innfallsvinkelen? Og kan det vere noko som er utanfor tankeboksen min som er riktigare, som er betre, som ikkje tilhøyrer i utgangspunktet det eg kan og veit noko om?

Programleiar: Vi skal over til sosiale medium. For det har vore ein debatt den siste tida om kva journalistar kan seie og ytre der når ein kanskje føler at ein er på privaten. Journalistar blir jo oppmoda av redaktørane sine til å vere aktive på sosiale medium. Vi må by på oss sjølve. Vi skal vere personlege. Men Sven Egil Omdal, kva utfordringar byr det på når ein både skal vere personleg og skal halde munn om kanskje det ein eigentleg meiner, til dømes i Gaza-konflikten?

Sven Egil Omdal: Eg trur det vanskelegaste problemet er at dersom du flaggar for mykje, dersom du er reporter og ikkje kommentator, dersom du er reporter og flaggar for mykje haldningar, så vil du i neste omgang få problem med kjelder og kjeldene når du skal dekke den same saka. Då vil dei vil anten føle at du er ein av dei, og dermed prøver å bruke deg, eller dei vil føle at du er ein motstandar og dermed lukkar seg for deg. Sånn at det er taktisk uklokt.

Programleiar: Ja, korleis skal ein vere på sosiale medium som journalist, då?

Sven Egil Omdal: Eg trur det går fint an å vere til stades og vere der. Det er som viss du høyrer NRKs korrespondentbrev. Det er jo ei form, der korrespondentane gir meir av opplevinga si av å leve i eit anna samfunn, utan at dei nødvendigvis tek stilling til om den eine eller andre presidenten bør styre det samfunnet dei bur i. Så eg meiner at det er svære felt av ein meir personleg stil som går an å utforske, utan at du treng då å spesifikt seie at eg støttar den eine eller andre sida i ein betent konflikt.

Programleiar: Ja, Kjersti Løken Stavrum, korleis synest du at norske journalistar ter seg på denne framleis litt nye arenaen, der vi ikkje heilt veit korleis vi skal opptre? Korleis? Kva er dommen?

Kjersti Løken Stavrum: Så vidt eg kan bedømme, og det blir jo veldig generelt. For her snakkar vi om mange menneske med døgnkontinuerleg publisering. Men eg meiner at det ser ut som om folk har hatt ei veldig sunn tilnærming til sosiale medium, at det har vore få som har falle i ei felle.

Programleiar: Ja, kva er fella?

Kjersti Løken Stavrum: Ja, fella vil jo vere at du til dømes blir teken til inntekt for noko som du eigentleg ikkje meiner, eller at du har gjort det sånn at du då vanskeleg kan dekke ei sak med eit truverd i etterkant. Og eg har også sett at nokon verkar å meine at det er vanskeleg å vere på sosiale medium utan å måtte flagge meiningar. Det meiner eg er heilt feil. Det er masse ein kan gjere og mykje glede ein kan ha av og i sosiale medium utan å nødvendigvis starte med å skrive "Eg meiner".

Programleiar: Ja, i går gjekk svært mange av journalistane i landet i svart. Veldig mange forandra profilbiletet sitt til ein svart firkant i respekt for den amerikanske journalisten som vart drepen av IS. Og denne aksjonen er det jo få, om nokon, som reagerer negativt på. Sven Egil Omdal, kvifor er ei slik ytring, som det jo faktisk er, heilt uproblematisk?

Sven Egil Omdal: Det er eit politisk felt der det alltid har vore akseptert at journalistane har ei bestemd meining, og det er i kampen for ytringsfridom og pressefridom. Det er sjølve fundamentet, ikkje berre for verksemda vår, men for at resten av samfunnet skal fungere slik vi ønsker. Og dermed har det aldri vore problematisk at journalistar engasjerer seg i ytringsfridomsorganisasjonar eller kjempar for større ytringsfridom.

Programleiar: Men er det nokon andre typar saker som vi kunne, ja, der journalistar heilt ope kunne gått saman og sagt nei eller ja, eller vist den tydelege meininga si?

Sven Egil Omdal: Det skjer, det skjer jo heile vegen, men folk tenker ikkje over det. Etter store tragediar, etter 22. juli, etter 11. september, så var det ingen som kravde av journalistane at dei skulle dekke desse tragediane på den eine og på den andre sida, og gi angriparane og offera den same vektinga. Alle synest det var heilt rimeleg at vinkelen var frå offera si side. Problema oppstår sjølvsagt når det er strid om kven som er overgripar og kven som er offer. Men i desse sakene der det er ei unison, eller bortimot unison, semje, så er det ingen som angrip journalistane for at dei vel ein vinkel frå den eine sida.

Programleiar: Ja, altså, Gaza-konflikten er vi kanskje einige om at den kunne vi ikkje gått ut og hatt nokon felles front på. Kjersti Løken Stavrum, heilt til slutt på tampen her: Har du nokre gode råd til korleis ein skal opptre på sosiale medium for å framstå på ein truverdig måte, behalde integriteten sin?

Kjersti Løken Stavrum: Ryggmergsrefleksen min er alltid: Kunne dette blitt ei sak? Og dersom svaret er ja, og eg ønsker at det blir det, så postar eg det. Men dersom svaret er at det ville eg ikkje ønskt, så tenker eg at no må eg tenke meg om ein gong til.

Programleiar: Er det mykje som du kunne hatt lyst til å seie på sosiale medium som du lar vere?

Kjersti Løken Stavrum: Nei, eg har så lite fritid. Og elles er det ganske kjedeleg, så det er sjeldan at det blir eit påtrengande problem.

Programleiar: Takk for at de var med i Ekko i dag, Kjersti Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund, og Sven Egil Omdal, kommentator og journalist i Stavanger Aftenblad.

Relatert innhald

17 år gamle Anne har vore sakna frå heimen i Ålandsbygda i to veker. No kallar politiet inn til pressekonferanse, og det er du som er journalisten!

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2021

Læringsressursar

Mediesjangrar