Fagstoff

Kva er ein art?

Publisert: 18.04.2011, Oppdatert: 04.08.2017
Hai og delfin

Arten blir rekna som den grunnleggjande eininga i systematikken, og alle har vi ein idé om kva ein art er. Men kva er eigentleg ein art? Har vi ein klar, udiskutabel vitskapleg definisjon av artsomgrepet?

”Det ligger imidlertid i sakens natur, ikke minst fordi arten er flyktig under evolusjonens og evighetens perspektiv, at noe endelig, allmenngyldig og objektivt artskriterium er utenfor rekkevidde.” (Dag O. Hessen, 2005)
 

Løvsanger i toppen av et treLauvsongar.
Opphavsmann: Aviceda
 

To songarar, ein lauvsongar (over) og ein gransongar (under), som er så vanskelege å skilje morfologisk frå kvarandre at det berre er ekspertar som greier det. 

Fuglen gransanger som sitter på en kvist.Gransongar.
Opphavsmann: Hans Hillewaert
 

Muldyr - hybrid mellom esel og hestMuldyr.
Fotograf: Einar Faanes
 

Muldyr er ein hybrid mellom eselhingst og hestehoppe. Muldyra er normalt ikkje forplantingsdyktige og blir ikkje definerte som ein eigen art. 

Illustrasjon av et forgreinet fylogenetisk treOver kan du sjå eit generelt eksempel på korleis fylogenetiske tre kan sjå ut. Fylogenetiske tre viser slektskap mellom artar eller grupper i systematikken.
Opphavsmann: Lode
 

To hunder med svært forskjellig størrelse.Desse hundane er temmeleg forskjellige, men dei høyrer til same art.
Opphavsmann: animalsZone
 

Arten – den grunnleggjande eininga

Arten er den grunnleggjande eininga i systematikk og klassifikasjon. Sjølve ordet art kjem frå latin og betyr ”å sjå på”. Carl von Linné (1707–1778), som blir rekna som systematikkens far, såg på arten som noko uforanderleg og skapt av Gud (eit typologisk artsomgrep). Dette synet blei etter kvart utfordra ikkje minst med bakgrunn i Charles Darwin (1809–1882) og boka hans On the origin of species (1859). Darwin meinte at alle artar har utvikla seg frå ein felles forfar.

Å definere omgrepet art

Dei fleste har ei intuitiv meining om kva ein art er. Det har likevel vist seg å vere svært vanskeleg å definere omgrepet art på ein einsarta måte som alle kan vere samde om. Det finst i dag fleire titals artsomgrep, og alle har ein eller annan veikskap ved seg. Somme fungerer bra for enkelte organismegrupper, men ikkje for andre, og somme er lette å bruke i praksis, mens andre er meir teoretiske. Kva artsomgrep ein bruker, vil derfor styrast både av kva organismegruppe og fagfelt ein jobbar med. Nokre av dei mest kjende og brukte artsomgrepa er:

Det morfologiske artsomgrepet

Det morfologiske artsomgrepet har opphavet sitt i det typologiske artsomgrepet til Linné som brukte morfologiskeMorfologi er læra om form, struktur og storleik hos plantar, dyr og mikroorganismar.  trekk, men som såg på arten som noko uforanderleg. Det morfologiske artsomgrepet definerer ein art som ei gruppe individ som liknar kvarandre, og som vil vere forskjellige frå andre grupper av individ. Dette artsomgrepet har inga teoretisk forankring, men i praksis er det ofte morfologi som blir brukt til å avgrense artar. Det er likevel ikkje sagt noko om kor stor variasjon ein skal tillate innanfor ein art. I tillegg skaper dette artsomgrepet, sett på spissen, problem for artar som endrar seg morfologisk i løpet av livet (f.eks. rumpetroll – frosk).

 

Det biologiske artsomgrepet

Det biologiske artsomgrepet blei lansert av zoologen Ernst Mayr i 1940-åra og er nok det mest kjende artsomgrepet. Ein art blir her definert som ei samling av individ som kan krysse seg med kvarandre og gi fertilt (fruktbart) avkom. Veikskapen med denne definisjonen er at han ikkje tek omsyn til artar som formeirar seg ukjønna (celledeling, knoppskyting, jomfrufødsel etc.), i tillegg til at han berre fungerer på individ i reproduktiv alder. Sjølv om dette artsomgrepet er svært viktig innanfor studiar av artsdanning, testar ein sjeldan ut om individ kan produsere fertilt avkom i praktisk artsbestemming.

 

Det evolusjonære artsomgrepet

Det evolusjonære artsomgrepet blei først foreslått i 1960-åra, og mange ulike variantar har seinare komme til. Dette er eit artsomgrep med stor teoretisk tyngd som definerer ein art som ei linje (ein serie avkom som går tilbake til eit felles opphav) som utviklar seg åtskild frå andre slike linjer. Dette artsomgrepet gir likevel ingen kriterium for korleis slike evolusjonære artar skal avgrensast i praksis. Ulike artsomgrep som er karakteriserte sos "fylogenetiske"Eit slektskapstre eller ein fylogeni er ei grafisk framstilling av slektskapsforhold mellom organismar. Nolevande organismar blir viste som endepunkt på treet, mens dei som ein går ut frå at er forfedrar, blir viste i forgreiningspunkta. kan sjåast på som ei vidareføring av det evolusjonære artsomgrepet der ulike kriterium (f.eks. monofyliAlle medlemmene i ei monofyletisk gruppe skal ha ein felles forfar, og alle etterkommarane etter denne forfaren skal vere med i gruppa.) blir gitte for korleis artar skal avgrensast i praksis. Desse artsomgrepa er gjerne nært kopla til slektskapsanalysar (fylogenetiske analysar) baserte på DNA- eller morfologikarakterar.

 

Det økologiske artsomgrepet

Det økologiske artsomgrepet blei introdusert i midten av 70-åra. Definisjonen av det økologiske artsomgrepet tek utgangspunkt i dei nisjane som individa utnyttar, og han seier at ein art er ei gruppe individ som okkuperer ein bestemt økologisk nisje. Felles økologi med påfølgjande likt seleksjonspress held medlemmene av kvar art saman. Teoretisk er dette eit interessant artsomgrep, men i praksis er ikkje dette eit enkelt artsomgrep å bruke.

Samanlikning av artsomgrep

Det er viktig å hugse på at det er forskjell på korleis ein kjenner igjen artar, og korleis omgrepet art blir definert. Samanlikning av somme av desse artsomgrepa blir derfor litt som å samanlikne eple og pærer. Det morfologiske artsomgrepet seier i grunnen berre at ein art er eit sett individ som liknar kvarandre, og ikkje noko meir. Morfologi blir ofte brukt (som reiskap) for å kjenne igjen ein art uavhengig av artsomgrep.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald

Fagstoff