Fagstoff

Moderne systematikk

Publisert: 12.04.2011, Oppdatert: 04.08.2017
Fylogenetisk tre

Etter at evolusjon blei akseptert som eit faktum, ønskte ein at levande organismar skulle klassifiserast ut frå slektskap og ikkje berre likskap (sjølv om likskap ofte tyder på slektskap). Dette har ein i stor grad vore einig om sidan, men det har vore – og er – framleis mange syn på korleis vi best oppnår ein slik klassifikasjon.

DNA. Illustrasjon.Kunnskapen om DNA har gitt vitskapen ei rekkje nye moglegheiter mellom anna innan systematikken. 

Monofyletiske grupper

Illustrasjon av monofyletisk gruppeMonofyletisk gruppe – alle medlemmene i gruppa skal ha ein felles forfar, og alle etterkommarane etter denne forfaren skal vere med i gruppa. 

Parafyletiske grupper

Illustrasjon av parafyletisk gruppeParafyletisk gruppe – alle medlemmene i gruppa skal ha ein felles forfar, men ikkje alle etterkommarane etter denne er med. 

Polyfyletiske grupper

Illustrasjon av polyfyletisk gruppePolyfyletisk gruppe – grupper med medlemmer som har ulike forfedrar. 

Logoen til NorBOL. En DNA tråd rundt norgeskartet.NorBOL (Norwegian Barcode of Life) – visjonen er å lage eit referansebibliotek av artsspesifikke, standardiserte DNA-sekvensar (strekkodar) av artar i Noreg.

Slektskapstre (fylogeni)

Det finst berre eitt riktig slektskapstre (fylogeni)Eit slektskapstre eller ein fylogeni er ei grafisk framstilling av slektskapsforhold mellom organismar. Nolevande organismar blir viste som endepunkt på treet, mens dei som ein går ut frå at er forfedrar, blir viste i forgreiningspunkta., men vi kan jo ikkje vite sikkert korleis dette ser ut! Slektskapstrea vi lagar, er eigentleg hypoteserEin hypotese er ein påstand eller teori om verkelege forhold som kan testast. om den evolusjonære slektskapen mellom organismane. I ein studie blir alltid eit utval av data og ein valt analysemetode brukt, og andre val kan gi andre resultat. Ein fylogeni og ein klassifikasjon er ikkje nødvendigvis det same, og det er ikkje alltid opplagt korleis ein fylogeni best skal ”setjast om”. Mange systematikarar i dag jobbar ikkje med klassifikasjon, men nøyer seg med å lage slektskapstre til andre formål eller som eit mål i seg sjølv. Andre systematikarar bruker slektskapstre som eitt av fleire verktøy til å klassifisere organismar.

Monofyletiske grupper

Dei mest brukte metodane i dag er såkalla fylogenetiske metodar (kladistikk) som avdekkjer slektskap ved å sjå på likskap i éin bestemt type karakterEin karakter er eit kva som helst trekk eller ein eigenskap ved ein organisme; det kan vere alt frå ytre trekk, som farge og form, til ein DNA-base på ein gitt stad i eit gen., nemleg karakterar som representerer evolusjonære nyvinningar. Innanfor fylogenetisk klassifikasjon skal alle grupper, uansett nivå, vere det som blir kalla monofyletiske. Det betyr at alle medlemmene i gruppa skal ha ein felles forfar, og at alle etterkommarane etter denne forfaren skal vere med i gruppa.

Parafyletiske og polyfyletiske grupper

Ønsket om monofyletiske grupper har ført til store endringar sidan mange av gruppene som har vore anerkjende/godtekne tidlegare, har vist seg å vere parafyletiske. At ei gruppe er parafyletisk, betyr at alle medlemmene i gruppa har éin felles forfar, men at alle etterkommarane etter denne ikkje er med. Slike grupper har gjerne blitt klassifiserte som gruppe basert på at arten(e) hadde likskapar i tidlegare oppståtte karaktertrekk, men i dag har artane i gruppa eitt eller fleire nyoppståtte trekk som ikkje er like. Somme meiner at ein må kunne godta slike grupper i ein klassifikasjon fordi ein òg bør ta omsyn til kor store endringar som har skjedd innan dei ulike linjene.

Krypdyr (reptil) er eit eksempel på ein parafyletisk gruppe. les meir

Fuglane er nærare i slekt med (det vil seie at dei har ein felles forfar av nyare dato) krokodillene enn kva dei andre krypdyra er. Krypdyra er kjenneteikna ved at de har ei rekkje gamle karaktertrekk (mellom anna er dei vekselvarme og skjelkledde), og ved at dei manglar nokre oppståtte karaktertrekk (fjør, vengjer, hole knoklar og andre trekk knytte til tilpassing til eit liv i lufta). Tilhengjarane av rein fylogenetisk klassifikasjon godtek ikkje krypdyr som gruppe, men vil inkludere fuglane i tillegg. Tilhengjarane av det vi kallar evolusjonær klassifikasjon, meiner at ettersom fuglane har gjennomgått så store endringar, er det i orden at krypdyra utgjer ei gruppe sjølv om ho er parafyletisk. skjul

Såkalla polyfyletiske grupper, altså grupper med medlemmer som har ulike forfedrar, er alle einige om at er uønskte i ein biologisk klassifikasjon.

Datateknologi og molekylærbiologi: viktige faktorar til endringar innan systematikken

Det er spesielt to faktorar som har vore viktige for utviklinga innan systematikkfaget dei siste tiåra. Den eine faktoren er utviklinga av datateknologien, som har gjort det mogleg å analysere svært store datasett med delvis svært kompliserte modellar, og den andre er den auka tilgangen på molekylære karakterar. Tidlegare brukte ein stort sett morfologiskeMorfologi er læra om form, struktur og storleik hos plantar, dyr og mikroorganismar. karakterar, inkludert anatomiske. Dei siste tiåra har ein gjennom ulike molekylære metodar opna eit skattkammer med ei nærast uuttømmeleg mengd data, nemleg DNA. Det er likevel viktig å hugse at mange moderne analysemetodar like gjerne kan brukast på morfologiske som på molekylære karakterar, og at det òg finst fordelar og ulemper med begge.

Artsspesifikke "strekkodar"

Somme meiner at DNA er alt vi treng for å kjenne att (og beskrive) artar, og det blir jobba seriøst med å kartleggje ”strekkodar” for ulike artar baserte på genetiske kriterium. NorBOL (Norwegian Barcode of Life) er den norske representanten for det globale nettverket International Barcoding of Life, og visjonen deira er å lage eit referansebibliotek av artsspesifikke, standardiserte DNA-sekvensar (strekkodar) av artar i norsk fauna og flora.

Såkalla polyfyletiske grupper, altså grupper med medlemmer som har ulike forfedrar, er alle einige om at er uønskte i ein biologisk klassifikasjon
Oppgåver

Generelt

  • Taksonomi (Oppgåve: Interaktivt oppgåvesett)
Relatert innhald