Hopp til innhald

Fagstoff

Kringkasting i krigsåra

I perioden 1940 til 1945 var Noreg okkupert av Tyskland. Okkupasjonsmakta brukte alle medium som propagandareiskap, radioen òg. NRK hadde daglege sendingar på tysk.
Tekstversjon av talen til Vidkun Quisling

Mannsstemme: Vidkun Quisling, sjefen for den norske regjeringa, gir no ei erklæring til det norske folket.

Vidkun Quisling: Norske kvinner og norske menn! Eg skal gjenta den erklæringa som eg las opp klokka halv åtte.

Proklamasjon til det norske folket:

Etter at England hadde brote Noregs nøytralitet ved å legge ut minefelt i norsk territorialfarvatn, utan å møte annan motstand enn dei vanlege inkjeseiande protestane frå regjeringa Nygaardsvold, har den tyske regjeringa tilbode den norske regjeringa fredeleg hjelp, følgt av ei høgtideleg forsikring om å respektere den nasjonale suvereniteten vår og norsk liv og eigedom. Som svar på dette tilbodet, i ein for landet vårt vanskeleg situasjon, har regjeringa Nygaardsvold sett i verk alminneleg mobilisering og gitt den hensiktslause ordren til dei norske stridskreftene å motsetje seg den tyske hjelpa med væpna makt. Sjølv har regjeringa flykta, etter såleis lettsindig å ha sett lagnaden til landet og innbyggarane på spel.

Under desse omstenda har den nasjonale samlingsrørsla plikt og rett å overta regjeringsmakta for å verne om det livsinteressene til den norske folket og Noregs tryggleik og sjølvstende. Vi er dei einaste, som i kraft av forholda og dei nasjonale måla til rørsla vår, kan gjere dette, og med det redde landet ut av den desperate situasjonen som partipolitikarane har ført folket vårt opp i.

Regjeringa Nygaardsvold er trødd tilbake. Den nasjonale regjeringa har overteke regjeringsmakta med Vidkun Quisling som regjeringssjef og utanriksminister, og med følgande andre medlemmer: professor Birger Meidell, kyrkje- og undervisningsminister; politisjef Jonas Lie, justisminister; doktor Gulbrand Lunde, sosialminister; direktør Albert V. Hagelin, handels- og forsyningsminister; arkitekt Tormod Hustad, landbruksminister; professor R. Schanke, arbeidsminister; godseigar Frederik Prytz, finansminister; major R. Hvoslef, forsvarsminister.

Alle nordmenn blir oppmoda til å visa ro og sindigheit i denne, for landet vårt, så vanskelege situasjonen. Ved felles møde og godvilje skal vi berge Noreg fritt og frelst gjennom denne svære krisa.

Eg legg til, at slik som situasjonen har utvikla seg, er all fortsett motstand, ikkje berre nyttelaus, men direkte einstydande med kriminell øydelegging av liv og eigedom. Alle embetsmenn, og andre stats- og kommunale tenestemenn, og særleg alle offiserane våre i hær, marine, kystartilleri og luftvåpen, er forplikta til å lyde ordre utelukkande frå den nye nasjonale regjeringa. Alle avvik herfrå vil medføre det alvorlegaste personlege ansvaret for vedkommande. Elles vil det bli gått rettferdig og omsynsfullt fram mot alle landsmenn.

Mannsstemme: Det var Vidkun Quisling som talte.

Krig i Noreg

9. april 1940 gjekk den tyske krigsmakta til åtak på Noreg. I løpet av 24 timar var Narvik, Trondheim, Bergen, Stavanger, Egersund, Kristiansand, Arendal, Horten og Oslo hærsette av tyske troppar. Den norske regjeringa hadde sete saman sidan klokka halv to om natta. Dei hadde avvist den tyske sendemannen Curt Bräuers krav om overgiving og gjort vedtak om "alminneleg mobilisering". Denne opplysninga vart send ut gjennom NRK fleire gonger utover ettermiddagen 9. april. Etter at tyskarane hadde teke kontrollen i NRK sitt studio ved femtida, var sendinga frå Oslo stengd i nærare tre timar.

Statskupp på radio

I den forvirringa som rådde, gjekk Vidkun Quisling, leiaren av partiet Nasjonal Samling, som hadde fått minimal oppslutning ved fleire val, dei få stega frå rommet sitt på Hotel Continental og ned til NRK sitt studio. Der framførte han klokka 19.30 bodskapen sin til det norske folket. Han erklærte at den flyktande regjeringa Nygaardsvold hadde tredd tilbake til fordel for ei regjering utgått av "den nasjonale samlingsbevegelse" med han sjølv som statsminister, og at all mobilisering var stansa.

Dette har blitt kalla verdas første statskupp gjennom kringkasting, og det inngjekk ikkje i dei offisielle tyske planane for invasjonen i Noreg.

Les meir

Quisling hadde støtte frå dei nasjonalsosialistiske partifunksjonærane ved den tyske legasjonen i Oslo. Det var Hans Wilhelm Scheidt som gjekk til NRK og kravde overfor riksprogramsjef Olav Midttun at Quisling skulle få sleppe til med regjeringserklæringa si.

Krigshandlingane i Noreg vart avslutta då regjeringa og kongen forlét Tromsø med den britiske kryssaren "Devonshire" 7. juni. Tre dagar seinare underteikna general Otto Ruge avtalen med tyskarane om å overgi alle styrkar som framleis stod under våpen i Noreg. Vi var okkuperte av Tyskland. Men fleire medarbeidarar frå NRK følgde med konge og regjering og etablerte i samarbeid med BBC den såkalla "London Radio", som gjennom sendingane sine skulle få mykje å seie for stemninga i det okkuperte Noreg.

Hausten 1940 hadde tyskarane gitt opp tanken på å få etablert ei brei nasjonal samlingsregjering, slik dei hadde klart i Danmark. Den tyske rikskommissæren Josef Terboven forbaud derfor 25. september alle andre politiske parti enn Nasjonal Samling, og utnemnde 13 "kommissariske" statsrådar som skulle stå for styringa av landet. Som ein konsekvens av dette vart både NRKs direktør, Egil Sundt, og riksprogramsjef Olav Midttun avsette av Nasjonal Samling. Styret i Norsk rikskringkasting vart formelt "entlediget" 7. desember 1940. Men dei hadde ikkje vore innkalla til møte sidan nyordninga i slutten av september, då den kommissariske statsråden for kultur- og folkeopplysning, Gulbrand Lunde, gav Hamar-advokaten Wilhelm Frimann Koren Christie fullmakt til å omorganisere NRK med tittelen riksfullmektig.

Det oppstod til dels sterke personlege og politiske motsetningar mellom ulike fraksjonar av NS i NRK. Christie vart i 1941 etterfølgd av Kjetil Harnoll, NS-fylkesmann i Bergen og Hordaland. Og i 1942 vart Harnoll etterfølgd av professor Hans Skarphagen ved NTH. Hans Fredrik Dahl peiker på at fleire av "den nye tids folk" i NRK hadde vore pionerar på kringkastingsområdet i Noreg (Dahl, 1999, s. 301). Carl Bødtker, Edvard Sylou-Creutz og Gustav Berg-Jæger hadde alle vore knytte til Kringkastingsselskapet AS.

Tilman Hartenstein skriv i Radioteatrets historie at dei høgreorienterte høyrespelforfattarane "formidlet politiske og nasjonale klisjeer i en radiosæregen kombinasjon av heimstaddiktning, tilgjort folkelighet og opphøyd utopisk atmosfære. Radioteatret framsto som uttrykksform for den delen av norsk litteraturliv som passet godt i NS-ideologiens Blut-und-Boden" (Hartenstein, 2001, s. 10).

Kringkastinga som propagandaverktøy

Politisk vart kringkastinga prioritert høgt av dei nye politiske makthavarane i landet. Ei rullerande radioutstilling, "Kringreisa", vart sett i gang i Stavanger i desember 1940. Radioen vart sett på som eit viktig propagandainstrument for tyskarane og Nasjonal Samling, men med dei faste nyheitssendingane som hadde blitt etablerte frå Radio London kvar dag klokka 18.30, vart radioapparata eit tviegga sverd.

2. august 1941 kasta derfor nazistyresmaktene korta i propagandakrigen over eteren ved å kunngjere at alle radiomottakarar i visse delar av landet skulle innleverast til politiet. Det var berre ei eksklusiv gruppe NS-medlemmer som fekk behalde radioapparata sine. Tyskarane opplyste at 538 000 radioapparat vart leverte inn.

Les meir

Sjølv om det kunne straffast med inntil to års tukthus i Tyskland dersom det vart oppdaga at du framleis hadde eit radioapparat ulovleg, var det mange som beheldt dei. Og det var jo heller ikkje så lenge sidan mange radioamatørar hadde bygd sine eigne krystallapparat. På Norsk Hjemmefrontmuseum i Oslo kan vi sjå døme på kreative løysingar for korleis dei ulovlege radiomottakarane kunne gøymast. Og inndraginga resulterte i ei oppblomstring av eit anna nyheitsmedium – den illegale pressa. Mange av desse enkle, stensilerte blekkene inneheldt ikkje anna enn nyheitene frå London.

To menn lyttar til eit radioapparat ute i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er London

Sjølv om alle radioapparat vart inndregne av styresmaktene i 1941, lytta mange i smug til "stemma frå London". Den norske regjeringa i London hadde eigne sendingar med informasjon og propaganda på BBC.

Kontakten mellom NRK sin redaksjon i London og den norske eksilregjeringa var svært tett. Dei heldt begge til i det norske regjeringskontorbygget Kingston House ved Hyde Park.

Så sjølv om den redaksjonelle fridommen formelt vart halden i hevd, kunne "stemma frå London", Toralv Øksnevad, skrive til Kyrkje- og undervisningsminister Nils Hjelmtveit at "det er oss meget maktpåliggende å være i samsvar med våre civile og militære myndigheter" (Dahl, 1999, s. 200).

Hans Fredrik Dahl gir i boka Dette er London Øksnevad ein stor del av æra for den tilliten som vart etablert mellom regjeringa og NRK i London.

Stemma frå London

0:00
-0:00

Sendinga frå London inneheldt ein halv time med BBC-nyheiter med norsk tale tidleg om morgonen, ei hovudsending på ein halv time om kvelden med BBC-nyheiter og eit reint norskprodusert program, og til slutt ei sending på ti minutt rett over midnatt som for det meste tok for seg den militære situasjonen.

Nyheitsbulletinen frå BBC hadde forrang i sendingane. Nyheitene frå Noreg vart formidla frå pressekontoret ved den norske legasjonen i Stockholm. Og i tillegg kom talane til kongen og statsrådane og små kronikkar frå ulike NRK-medarbeidarar. Dette var nyheitskommentarar med ei personleg, delvis kåserande form, men med ein sterk moralsk appell.

Eit heilt spesielt tilbod frå London Radio var særmeldingane. Desse hadde verken BBC eller NRK nokon innverknad på. Heller ikkje norske styresmakter hadde ansvaret for desse kodemeldingane, som var retta mot agentar i det okkuperte Noreg. Det var det britiske forsvarsdepartementet som leverte meldingane direkte til hallomannen, ofte i siste liten under sjølve avviklinga av sendinga.

Særmeldingar

0:00
-0:00
Les meir

Etter kvart som motstandsrørsla i det okkuperte Noreg vart betre organisert, auka talet på særmeldingar. Dei understreka det konspirative sambandet mellom London Radio og motstandsrørsla, noko som sikkert gjorde sitt til å auke verdien av sendingane. Svært få forstod kva meldingane betydde, men folk oppfatta at for nokre få var dei svært viktige.

På eit bestemt område fekk okkupasjonstida ein avgjerande betydning for NRK. Heilt frå institusjonen hadde blitt vedteken oppretta av Stortinget, hadde det vore klart at lokala i den nedlagde Brødrene Hals’ pianofabrikk i Continental-kvartalet i Oslo sentrum var heilt utilfredsstillande for ein moderne kringkastar. I april 1940 stod nybygget på Marienlyst framleis ikkje klart. Men allereie då kom kravet frå okkupasjonsmakta om at bygget måtte utvidast. Dei ønskte faktisk ei fordobling av arealet med ein heilt ny "teknisk" fløy. Når så propagandakrigen i eteren vart innstilt hausten 1941, vart òg iveren etter å få nybygget ferdig mindre. Men byggekomiteen omgjekk ordren om stans i verksemda, og dei offensive byggeplanane blir fullførte nærast illegalt.

Tyske sendingar frå Marienlyst

Etter at radioapparata vart inndregne og dei norske lyttarane forsvann, vart òg sendetida redusert frå over ti timar dagleg til under åtte timar. Og det var dei rimelegaste sendingane, dei med grammofonmusikk, som auka samanlikna med dei meir kostbare programma. I 1944 utgjorde musikken omkring 65 prosent av den totale sendetida, mot noko under halvparten i 1940.

Ein stadig større del av kostnadene ved drifta av kringkastingsnettet i Noreg vart dekt av Reichskommissariat. Det var nærare 400 000 tyske soldatar i landet, og dei måtte naturlegvis få sitt eige radiotilbod. Det begynte allereie i 1940 med daglege sendingar som varte i to timar, men dette auka jamt utover i krigen, og i 1944 vart det dagleg sendt åtte og ein halv time radio på tysk.

Les meir

Dei andre tyske sendingane frå Oslo fortel mykje om kor viktig radioen er som propagandainstrument i ein krigssituasjon. Abteilung Rundfunk sine norske medarbeidarar laga nyheitssendingar med tanke på nordmenn ute. Desse vart sende på linje til Berlin og spreidde frå kraftige kortbølgjesendarar i Zeesen. Det vart òg laga eigne sjømannssendingar retta mot 40 000 norske sjøfolk som segla i utanriksfart under heile krigen. Kvar fjortande dag vart det laga ei nyheitssending med sikte på nordmenn i Sverige. Over grensen skulle nøytralisere tyskfiendtlege nyheitsoppslag i Sverige og oppfordra nordmenn til å vende tilbake.

Rettsoppgjeret internt i NRK vart lettare enn mange hadde frykta. Berre to av dei 51 funksjonærane som var tilsette 8. mai 1945, og som var medlemmer av Nasjonal Samling, hadde vore tilsette i NRK 9. april 1940. I tråd med prinsippet om at alle disposisjonar etter 28. september 1940 var å sjå på som illegitime, vart dei 56 funksjonærane som var tilsette av NS-regimet, men som sjølv ikkje var eller hadde vore medlemmer av partiet, formelt oppsagde. Men dei fleste av dei var klare til å rykkje inn i stillingane sine igjen så snart dei vart utlyste. Dei fleste var tilbake allereie hausten 1945.

Kjelder

Dahl, H. F. (1999). Dette er London. NRK i krig 19401945. J.W. Cappelens forlag AS.

Hartenstein, T. (2001). Det usynlige teatret. Radioteatrets historie 19262001. NRK Aktivum.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)