Hopp til innhald

Fagstoff

Etablering av ei statleg kringkasting

I 1933 gav Stortinget Norsk rikskringkasting einerett på kringkasting i Noreg. Den statlege kringkastaren skulle formidle samfunnsmessig nyttig og nasjonalt innhald, men fekk full redaksjonell fridom. På 1930-talet vart det sendt reklame i NRK, men det vart forbode i 1940.
Dåverande kronprins Olav sit ved eit bord i eit radiostudio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå privat til statleg kringkasting

Det var ei samansett rekkje av hendingar som førte til at Stortinget 22. juni 1933 vedtok at kringkastingsverksemda i Noreg frå 1. juli same året skulle organiserast gjennom eit statleg selskap: Norsk rikskringkasting (NRK) fekk monopol på kringkasting, ein einerett selskapet hadde fram til 1982.

Les meir

Ein kan godt seie at overgangen frå privat drift av kringkasting til eit statleg kringkastingsmonopol starta med ein krangel om kva kringkastinga skulle betale for å presentere tekstar av norske forfattarar. Den juridiske situasjonen rundt opphavsrettsspørsmålet var uklar. Kringkastingsselskapet heldt seg til gjeldande lov frå 1893 med revisjon av 1910, mens Forfatterforeningen hevda at forfattarane etter meir moderne prinsipp, som kom til uttrykk i den nye lova om opphavsrett til åndsverk som først vart gjort gjeldande frå 1931, hadde rett til å disponere verka sine og til å forhandle om vederlag for bruken av dei. Forfatterforeningen vann fram i byretten i 1928, mens overretten i ei splitta avgjerd gav Kringkastingsselskapet medhald i deira praksis.

Det var likevel internt i Kringkastingsselskapet sjølv at oppløysingstendensane fekk sitt mest tydelege uttrykk. Til generalforsamlinga i Kringkastingsselskapet AS 18. april 1929 hadde det møtt fram så mange taleføre personar at møtet måtte haldast over to dagar. Dels vart det retta kritikk mot styret for at enkelte styremedlemmer blanda sin posisjon med private økonomiske interesser, dels kom det fram kritikk av sjølve programverksemda. Saman med Telegrafverket sitt ønske om eit statleg kringkastingsselskap var det tilsynelatande det umoglege i å drive kulturmonopol som privat forretning som slo beina under den private kringkastingsverksemda.

Mens den private kringkastingsdrifta naturleg – til liks med Telegrafverket – hadde høyrt inn under Handelsdepartementet, vart NRK lagd under Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Verksemda til institusjonen var meir i samsvar med arbeidet i kyrkja og skulen enn avisarbeid og kinodrift, meinte ein. Og med Bondepartiregjeringa sitt fall våren 1933 kom det ein statsråd i dette departementet som hadde klare tankar om korleis Norsk rikskringkasting skulle organiserast. Knut Liestøl hadde vore medlem av programrådet i Kringkastingsselskapet sidan 1925, og han forstod at den nye institusjonen måtte ha ei frittståande stilling i forhold til forvaltninga.

I ettertid kan det synast litt underleg at det opphavleg ikkje var teikna inn nokon dagleg leiar i organisasjonskartet til NRK. Men i praksis fungerte styreleiaren, advokaten Arnold Ræstad, òg som dagleg leiar fram til Egil Sundt vart tilsett hausten 1939. Ein person som tydeleg markerte nyordninga, fekk NRK i den nye riksprogramsjefen. Filologen og nynorskmannen Olav Midttun vart under dissens tilsett av regjeringa hausten 1933, trass i at mange var skeptiske til korleis lyttarane ville reagere på den nynorske språkbruken hans.

Kringkastingsselskapet AS hadde allereie sommaren 1931 teke opp spørsmålet med Handelsdepartementet om bygging av eit eige kringkastingshus. Etter at NRK var etablert, vart dette ei hovudoppgåve for styret. Forholda i Brødrene Hals’ tidlegare pianofabrikk i Vika var kummerlege. Ein inspeksjon frå Arbeidstilsynet i 1938 avslørte at mangelen på ventilasjon gav ein "påfallende høi grad av sykelighet" blant det tekniske personalet. Betre var det for NRK sitt administrative personale, som hadde fått kontor i den nye Odd Fellow-bygningen på den andre sida av gata. Men då var det halde arkitektkonkurranse for eit nytt kringkastingshus som arkitekt Nils Holter hadde vunne. Det var valt ut tomt for bygget "på et bondejorde i Aker". Det var sett ned ein byggjekomité under leiing av murmeister Arthur Nordlie, og ferdigstilling av bygget var planlagd til våren 1941.

Overgangen frå privat til offentleg kringkasting skjedde nesten umerkeleg. Heile den faste staben i både Oslo og Bergen følgde med over i den nye institusjonen. Programavdelingane heldt fram med sine sjefar for musikk og teater. Sendetidene vart heller ikkje vesentleg endra, frå åtte timar og ti minuttar dagleg i 1933 til ni og ein halv time i 1938.

Endringar i programtilbodet

Ein skulle derfor tru at det òg for programtilbodet vart små endringar. Men her førte både tekniske nyvinningar og institusjonen si nye rolle som offentleg organ til merkbare endringar for lyttarane. Programma vart gjennomgåande kortare, slik at talet på program vart nærare dobla frå 1930 til 1940.

Historikar og medievitar Hans Fredrik Dahl nemner tre nye redaksjonelle prinsipp som gav programstoffet i radio ei dreiing:

  1. prinsippet om den samfunnsmessige nytten av radioprogrammet
  2. prinsippet om forrang for nasjonalt innhald
  3. prinsippet om NRK si eiga, sjølvstendige redigering av stoffet

Idealet for verksemda vart slik sett folkeopplysning gjennom norsk stoff, som var tilrettelagt for radio av NRK sjølv. Hos enkelte kritikarar vart nok desse prinsippa oppfatta som ei dreiing mot ein dødsens alvorleg "belæringsanstalt", som "synes fullstendig å ha glemt at de som betaler sin lytteravgift, ikke gjør det for på nytt å gå på skole …" (Dahl, 1999, s. 258).

Les meir

NRK førte vidare eit initiativ som dei frivillige folkeopplysningsorganisasjonane opphavleg hadde teke overfor Kringkastingsselskapet AS, nemleg etablering av studiegrupper som ved hjelp av ein studieplan kunne halde fram med å drøfte dei spørsmåla som vart tekne opp i radio. NRK trykte opp studieplanar som vart distribuerte gjennom studieorganisasjonane, og dette førte i løpet av åra 1934–1937 til oppretting av drygt 3 000 lyttargrupper. I kvar av desse var det i gjennomsnitt åtte deltakarar. Skulekringkastinga, med program direkte relaterte til undervisningssituasjonen, fekk òg eit stort oppsving. Mens det i 1931 var registrert 150 skular som følgde sendingane, hadde talet ved inngangen til 1940 stige til 1 500 skular.

Gunnar Neels-Hansson heldt fram som teatersjef, og ved sida av dei store dramaa vart det skrive ei rekkje småstykke spesielt med sikte på framføring i kringkastinga.

Dramaet Agnete av Amalie Skram (1937)

0:00
-0:00

Framleis utgjorde musikken eit vesentleg innslag i radiokvardagen. Musikkdelen i sendingane steig faktisk frå 43,9 prosent i 1933 til 47,7 prosent i 1938. Berre rundt ein tredjedel av dette var grammofonmusikk, men denne delen var aukande. Prinsippet om at det norske skulle ha forrang, viste seg likevel vanskeleg å oppfylle på musikken sitt område. Ei oppteljing frå 1933 viste at av dei 1 402 komposisjonane som vart spelte, var berre 320 norske. Norske komponistar var lite tilfredse med tilstanden. Men så lenge radioorkestret berre stod for rundt 7 prosent av musikksendingane, var det vanskeleg å gjere noko med det på kort sikt.

Det var eitt viktig unntak, og det gjaldt norsk folkemusikk. Hardingfela hadde vore eit sikkert innslag i norske radiosendingar heilt sidan 1925, og NRK oppretta ei eiga konsulentstilling for folkemusikk, som komponisten Eivind Groven vart tilsett i. Han kunne føre vidare det arbeidet Per Reidarson hadde starta i privatselskapet si tid, med innsamling av norsk folkemusikk. Gjennom åra har dette arbeidet gjort NRK til ein leiande og uunnverleg institusjon for å ta vare på denne delen av kulturarven.

Meir vekt på nyheiter og kommentarar

Reporter intervjuar skøyteløpar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein av dei nye medarbeidarane i NRK var Toralv Øksnevad, tidlegare utanriksredaktør i Dagbladet. Mens nyheitssendingane i radioen tidlegare hadde bestått av opplesing av meldingane frå Norsk Telegrambyrå (NTB), vart det no slege fast at aktualitetsavdelinga skulle redigere nyheitene sine sjølv. Fordi ein var usikker på avtalen med NTB, som var eigd av avisene, vart denne supplert med ein avtale med United Press (UP).

Kvar enkelt nyheitsmelding vart korta ned til fem–seks linjer, og dei skulle vurderast ut frå sin direkte nyheitsverdi. Etter Øksnevad si oppfatning betydde det neddemping av pressa sitt tradisjonelle sensasjonsstoff knytt til ulykker og brotsverk, og oppgradering av politisk kommentarstoff, ikkje minst utanriksstoffet.

Brann på Frydenlund Bryggeri, Julius Hougen 1936

0:00
-0:00

Kåseri om skikkar til sjøs med med T. Stamsø

0:00
-0:00

Dei første radiomottakarane

Mann lyttar til gammalt radioapparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste radiomottakarane var i 1920-åra og første halvdel av 1930-åra produserte i utlandet. Dei tre største fabrikkane, Jan Wessel Radiofabrikk, Salve Staubo Radiofabrikk og Tandberg Radiofabrikk, hadde alle i 1940 produsert rundt rekna 100 000 mottakarar kvar.

NRK var likevel ikkje tilfreds med veksten i talet på lisensbetalarar, og trudde kanskje prisen på mottakarapparata kunne vere ei av årsakene. NRK sette derfor i gang produksjon av den rimelege folkemottakaren, som det i siste halvdel av 1930-talet vart selt 35 000 eksemplar av, mellom anna gjennom samvirkelaga.

Reklame i eteren

I tillegg til lisensinntektene knytte til kjøp av radiomottakarar hadde kringkastinga i Noreg heilt sidan 1925 hatt reklamesendingar. Og det vart heller inga endring av dette etter sommaren 1933. Reklamesendingane utgjorde rundt tre prosent av total sendetid og ein tilsvarande del av dei totale inntektene.

For programmedarbeidarane i NRK var reklamen ein uting. Dei meinte reklamesendingane opna for ein utilbørleg innverknad på innhaldet i sendingane. Heller ikkje pressa var glad i radioreklame, først og fremst fordi han reduserte deira eigne annonseinntekter. Kyrkje- og undervisningsminister Nils Hjelmtveit sa i 1939 at reklamen "med tid og stunder bør bort fra vårt kringkastingsprogram" (henvist i Dahl, 1999, s. 329).

Styret gjorde likevel ingenting med saka, og det vart korvettenkapitän Hahn frå den tyske okkupasjonsmakta som 10. april 1940 skar gjennom alle omsyn med eit kategorisk og omgåande forbod mot all radioreklame. Tyskarane frykta at reklamesendingane kunne innehalde skjulte meldingar.

Då NRK vart etablert i 1933, var det rundt 131 000 lisensbetalarar i Noreg. Våren 1940 hadde talet stige til rundt 420 000.

Radioreklame for vaskemiddelet Persil frå 1930-åra

0:00
-0:00
Kjelde

Dahl, H. F. (1999). Hallo-hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940. J.W. Cappelen Forlag.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)