Hopp til innhald

Fagstoff

Kringkasting i tida før 1933

Guglielmo Marconi fekk Nobelprisen i 1901 for å ha funne ut korleis ein ved hjelp av radiobølgjer kunne overføre lyd over store avstandar. Ordet kringkasting er ei omsetjing av det engelske ordet broadcasting.
Paven og fleire andre menn er samla for å lytte til Guglielmo Marconi si radiosending i 1909. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er viktig å hugse at i radioen sin spede barndom var det teknologien som stod i sentrum. Kva slags innhald som skulle overførast, var mindre viktig.

Framleis kan ein oppleve det som eit mirakel at informasjon kan fraktast frå ein sendar til ein mottakar tusenvis av kilometer borte.

I gamle dagar snakka folk om at "sendinga går på eteren". Dette var ei poetisk omskriving av at det i dei høgare luftlaga måtte finnast eit stoff som fylte verdsrommet, og at lyden kunne forplante seg i dette stoffet som bølgjer i vatn. Biletet var så godt at fenomenet fekk namnet radiobølgjer.

Dei første radiosignala

Frå sendarantenna strålar det ut eit elektrisk og eit magnetisk felt som spreier seg utover i rommet. Den matematiske teorien for denne utstrålingsprosessen blei først utvikla av den skotske matematikaren James Clerk Maxwell omkring 1864. I 1887 klarte den tyske fysikaren Heinrich Rudolf Hertz å rekne ut utstrålinga frå ei antenne og viste at radiobølgjer verkeleg eksisterte.

Kven arrangerte den første radiosendinga?

Den praktiske utnyttinga av dette fenomenet begynte likevel først med den italienske fysikaren Guglielmo Marconis forsøk i 1895, då han klarte å sende trådlause signal over ein avstand på tre kilometer. Han reiste til England og tok der i 1896 ut sitt første patent på trådlaus telegrafi.

I 1901 lykkast han med den første transatlantiske trådlause overføringa. Omtrent samtidig, 23. desember 1900, klarte den kanadiske oppfinnaren Reginald Fessenden å overføre tale over ein avstand på 1,6 kilometer. Kringkasting er altså ei av dei verkeleg store tekniske nyvinningane i det 20. hundreåret.

Les meir

Det var likevel ei sending tjue år seinare, 15. juni 1920, som skulle gjere den nye teknologien kjend for lyttarar i mange land. Sendinga fann stad i Marconis prøvestudio i Chelmsford utanfor London. Det var den verdskjende australske sopranen Dame Nellie Melba som skulle opptre. Ho song fire operaariar og avslutta med "God save the King". Den annonserte sendinga kunne ein følgje over heile Europa, også i Noreg. Dagen etter hadde Aftenposten eit fyldig referat frå denne hendinga under overskrifta "Et teknikkens vidunder – Madame Melba synger pr. traadløs". Vidare heiter det: "Fra Kristianias Radiostasjon på Tryvandshøiden hørte man igaar tydelig primadonnaens nydelige sang." I verkelegheita hadde ikkje Aftenposten sin journalist vore ved Tryvann, men signala som dei tok imot der frå London, var så tydelege og sterke at telegrafisten kunne sende songen vidare med telefon til avisredaksjonane i byen.

Den første kringkastinga med regelmessige sendingar var PCGG i Haag, som begynte i november 1919. Hovudføremålet med stasjonen og musikkprogramma deira var å selje radiomottakarar. Hausten 1920 opna kringkastingsstasjonen Westinghouse i Pittsburgh i USA, og dette la grunnlaget for ei eksplosiv interesse for radiomediet i USA. I løpet av eit par år blei det etablert meir enn tusen radiostasjonar, og etterspørselen etter radiomottakarar auka i minst same takt.

Tidlege radiosendingar i Noreg

Hausten 1923 gjekk dei første norske radiosendingane på lufta. I 1925 starta faste radiosendingar i regi av Telegrafverket og det private selskapet Kringkastingsselskapet.

Radiosendingane inneheldt mykje musikk. Men radioen blei også brukt til opplesing, dramatisering, nyheitsmeldingar og undervisning. I 1933 etablerte Stortinget Norsk rikskringkasting, med monopol på utsending av kringkasting i Noreg.

Frå 1923 starta Telegrafstyret prøvesendingar frå Kongens gate i Oslo. Og hausten 1924 starta Kringkastingsselskapet A/S sine prøvesendingar, mellom anna med ein laurdagsbarnetime. Det er i dag det eldste radioprogrammet i verda, kontinuerleg sendt kvar laurdag gjennom meir enn 85 år.

Sjølve ordet kringkasting har telegrafdirektør Niels Nickelsen fått æra for å ha skapt, som ei direkte omsetjing av det engelske broadcasting. Han blei medlem av styret i Kringkastingsselskapet frå 1928 og heldt seinare fram som styremedlem i NRK heilt til krigen kom.

Også i Noreg var det stor interesse for det nye mediet. Ein reknar med at ca. 20 000 radioamatørar hadde bestilt komponentar til å byggje sin eigen radiomottakar i løpet av første halvdel av 1920-åra. Det blei i alle land gitt ut tidsskrift og handbøker om fenomenet. Og skjemteblad og revyar skildra "radiotane" og deira fanatiske jakt på stasjonar dei kunne lytte på.

Den offisielle opninga av dei første radiosendingane i Noreg skjedde 29. april 1925. Det var det statlege Telegrafverket som stod for teknisk utsending av radiosignala, og det private Kringkastingsselskapet A/S som hadde fått konsesjon frå Handelsdepartementet til å drive ein radiostasjon for eit område på ca. 150 km rundt Oslo. Kringkastingsselskapet heldt til i lokale i Oslo sentrum som tidlegare hadde husa Brødrene Hals’ pianofabrikk – der Hotel Continental no ligg.

Det første programtilbodet

Også i Noreg blei sendingane på radioen først og fremst nytta til musikk. I tillegg kom radioføredrag, opplesingar, dramatiseringar, nyheitsmeldingar og vêrvarsel. Børsnoteringar og prisen på landbruksprodukt var også faste postar.

Radioen blei brukt til undervisning i form av språkkurs og føredrag om ulike emne. Den første sportsoverføringa i norsk radio var Holmenkollrennet i 1925.

Les meir

Av totalt 1 195 sendetimar i 1925 var nærare 60 % musikk. Men nesten ingenting av det var grammofonmusikk. Det var levande musikk: frå starten Oslo Radioorkester, som var ein sekstett av restaurantmusikarar frå Oslo leidd av fiolinisten Trygve Christiansen, og frå hausten 1927 Radioorkesteret, med tolv musikarar frå Filharmonien og Øivin Fjeldstad som konsertmeister. I 1930 var musikken sin del av sendetida blitt redusert til 45 %, og av dette var vel 10 % grammofonavspelingar. Den totale sendetida var auka til 2 831 timar, noko som utgjer nærare åtte timar dagleg.

Av dei verbale innslaga var radioføredraget det viktigaste. Kvart føredrag varte ein halv time, og det var minst eitt kvar dag, to frå 1929. Deretter kom opplesingar, som hadde ein halv time annankvar dag. Barnetimen er allereie nemnd. Dei første sendingane med dramatikk, Radioteatret, var også ei tidleg programform. Det same var vêrvarsla, som blei lesne av hallomannen med utgangspunkt i pressemeldingar frå Meteorologisk institutt.

Tre meldingstenester av meir kommersiell natur blei også tidleg faste postar på programskjemaet: børsnoteringane, valutakursane og prisane på landbruksprodukt. Mens desse meldingstenestene samla tok meir enn ein halv time av den daglege sendetida, var nyheitssendingane heller korte.

Det var to nyheitssendingar dagleg, klokka 17:15 og klokka 22:00, og dei tok mellom fem og ti minutt. Nyheitene blei produserte av Norsk Telegrambyrå og blei lesne opp av hallomannen. Kringkastinga hadde ingen eigenproduserte nyheiter.

Søndag 12. september 1926 framførte eit ensemble av norske skodespelarar Peer Gynt av Henrik Ibsen. Kringkastingsselskapet hadde rett nok sendt einaktaren Marianne av Anders Stilloff eit år tidlegare, men denne storsatsinga blir likevel rekna som Radioteatret sitt verkelege gjennombrot i Noreg. Sjefsekretær Thorstein Diesen og disponent Per M. Jespersen hadde vore på studietur til Berlin, London, København og Stockholm, og overalt hadde dei blitt imponerte over radiostasjonane sine framføringar av nasjonal dramatikk. I 1928 blei Gunnar Neels-Hansson tilsett som teatersjef, og programtilbodet fall etter kvart inn i meir ordna former sjølv om arbeidsforholda var kummerlege.

Undervisning var tidleg ein viktig del av programtilbodet i radioen. Det var språkkurs etter "Linguaphone-metoden" i engelsk, fransk, tysk og esperanto, og dessutan reine opplesingsseriar av originallitteratur på desse verdsspråka. Føredrag med sterkt pedagogisk tilsnitt retta mot bestemte målgrupper, som Landbrukshalvtimen og Husmortimen, var også ein del av undervisningstilbodet. Undervisningsprogramma hadde sendetid på åtte til ti timar i veka i sesongen.

Den første sportsoverføringa i norsk radio var Holmenkollrennet i 1925. Det var Carl Bødtker som kommenterte rennet, og overføringa vekte stor begeistring hos lyttarane. Overføring frå Holmenkollrennet har vore eit fast innslag i norsk radio sidan. Frå og med sommar-OL i 1924 kommenterte Aftenpostens sportsredaktør Peder Chr. Andersen fotball på sin særeigne måte. Men i 1928 kravde Norges Fotballforbund så mykje for rettane til å overføre kampane at det blei eit opphald i sendingane. Grunngivinga var frykt for publikumssvikt ved dårleg vêr. Striden blei løyst allereie året etter.

Krav om ei rikskringkasting

Det blei etablert private kringkastingsselskap også i Bergen (1925), Ålesund (1926), Tromsø (1927), Stavanger (1930), Trondheim (1930), Kristiansand (1930) og Bodø (1931). Men den private ordninga av kringkastinga kom under åtak frå fleire hald. Telegrafverket ønskte eit riksnett bygd ut på same måten som for telefoni, der utbygginga i distrikta kunne subsidierast av dei meir folkerike områda i landet. Kunstnarorganisasjonane, målfolket og skuleverket kritiserte dei private kringkastingsselskapa for å satse einsidig på underhaldningsstoff.

Konsekvensane av dette – kombinert med rykte om økonomisk rot – førte til at kringkastinga sin samfunnsmessige karakter blei sett i fokus då Stortinget i 1933 etablerte Norsk rikskringkasting, med monopol på utsending av kringkasting i Noreg. Tilsvarande institusjonar var under etablering over heile Europa. Allmennkringkastinga med føremål å drive "public service" var etablert.

Hanne Kari frå Schrødingers katt tek oss med når ei av landets siste radiomaster for mellombølgjesendingar blir fjerna i 2011. Sjå reportasje om norsk radiohistorie på NRK Skole: Norsk radiohistorie

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2020

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)