Fagstoff

Nyttige adresser når du jobbar med leik

Publisert: 05.04.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Bøtte og spade

Leiken til barn er eit stort og viktig område som du kan bruke mykje tid på å fordjupe deg i dersom du ønskjer det. Du finn mengder med fagstoff når du søkjer på Internett, men hugs å vere kritisk til det du finn, for det er ikkje alt som er like seriøst.

Teikning av gut som skriv. Illustrasjon.Å søkje informasjon 

 

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du halde deg fagleg oppdatert. Det vil seie at du heile tida må følgje med slik at du får med deg dei endringane som skjer.

Her finn du nokre nyttige adresser. Somme av adressene har innlogging til nokre av sidene sine, men har andre sider opne.

Forskning.no 

På denne sida kan du søkje på «leik» og finne mange fine artiklar om temaet.

 

 Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver, kapittel 2 

Her finn du kapittelet om omsorg, leik og læring i «Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver».

 Leikar i friluft 

Her finn du forslag til ulike leikar og aktivitetar.

Leikar frå mange land  

Her finn du leikar frå 19 land over heile verda. Det er barn frå SOS-barnebyar i desse landa som har lært bort leikane.

 NOU 2010: 8 Med forskertrang og lekelyst

Gjer deg kjend på nettstadene over og noter ned adresser til andre gode nettstader du finn.