Hopp til innhald

Fagstoff

Sukkerbrød

Eit luftig og flott sukkerbrød er eit perfekt utgangspunkt for å lage blautkake og marsipankake, men kan òg nyttast til andre kaker og dessertar.
Sukkerbrød med glasur, det er skore ut eit stykke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sukkerbrød blir laga av ein piska masse. Piska massar består av egg, sukker, mjøl og eventuelt bakepulver.

Framgangsmåte:

  • Pisk romtempererte egg og sukker til stiv eggedosis.
  • Sikt mjøl og bakepulver for hand, bland varsamt ved å "løfte" inn mjøl og bakepulver med ein sleikjepott.
  • Ikkje rør for mykje, då risikerer du at lufta blir slått ut att og at massen fell saman.
  • Smør kakeforma og steik kaka i omnen.
  • Avkjøl kaka i forma før du losnar ho.

Video

Denne videoen viser korleis vi lagar eit sukkerbrød.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020

Læringsressursar

Massar