Hopp til innhald

Fagstoff

Legemiddel og legemiddelhandtering

Medisinering av pasientar er eit stort ansvar. Feilmedisinering, biverknader og interaksjonar kan i verste fall medføre tap av liv. Det er difor viktig at helsefagarbeidaren har gode kunnskapar på fagområdet legemiddel.
Jente har vondt i hodet, får tablett, blir bra. Tegneserie.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste pasientar bruker ei eller anna form for legemiddel, og gjennom yrkesutøvinga di som helsefagarbeidar får du difor med legemiddel å gjere. Andre ord for legemiddel er medikament, medisin og preparat.

Sidan helsefagarbeidaren er så mykje i lag med pasienten, har han eller ho oppgåva å observere verknaden og biverknaden av legemiddel. Helsefagarbeidaren har fått opplæring i å handtere legemiddel på ulike yrkesarenaer, og mange har fått delegert ansvar for å dele ut legemiddel.

Kva er legemidler?

Legemiddel er stoff (oftast kjemiske middel) som blir brukte til:

  • kurativ behandling, det vil seie å kurere: til dømes Penicillin
  • palliativ behandling, det vil seie å lindre: til dømes Paralgin Forte
  • symptomatisk behandling, det vil seie å behandle symptoma: til dømes insulin
  • profylaktisk behandling, det vil seie å førebyggje sjukdommar: til dømes vaksinar
  • substitusjonsbehandling, det vil seie å erstatte stoff som kroppen har for lite av: til dømes vitamin B-12
  • diagnostikk, det vil seie å diagnostisere sjukdom: til dømes kontrastmiddel for røntgen

Legemiddelindustrien utviklar og marknadsfører medisinar. Forsking på og utvikling av legemiddel er svært omfattande. I gjennomsnitt tek det 13 år å forske fram eit nytt legemiddel, og kostnadene ligg på rundt fem milliardar norske kroner.

Legemiddel må godkjennast av styringsorganet i det landet som gjeld, for å få marknadsføringsløyve og kunne takast i bruk. I Noreg er det Statens legemiddelverk som godkjenner nye legemiddel.

Korleis virker legemidler?

Dei fleste legemiddel verkar ved at dei bind seg til mottakarmolekyl for deretter å utløyse ein effekt – direkte eller meir indirekte – gjennom tallause reaksjonar.

Det gjeld for alle legemiddel at dei må vere til stades i ein passeleg konsentrasjon for at legemidlet og mottakarmolekylet skal reagerer med kvarandre og dermed gi ønskt verknad. Somme legemiddel verkar direkte på DNA (arvestoffet). Andre legemiddel verkar direkte på fysikalske eller kjemiske reaksjonar, slik syrenøytraliserande legemiddel gjer i magesekken.

Når legemidla har systemisk verknad, verkar dei på heile kroppen ved at dei blir sogne opp i blodet og følgjer blodstraumen. Dei verkar då også på dei cellene og det vevet som dei ikkje skal behandle. Legemiddel som vi tek gjennom munnen eller rektalt, vaginalt og som injeksjonar, har systemisk verknad.

Legemiddel som har lokal verknad, blir tilført direkte til den staden der ein ønskjer det skal verke. Nasedropar, salver og lokal bedøving er døme på legemiddel som verkar lokalt. Noko av verkestoffet i dei legemidla som verkar lokalt, blir likevel sogne opp i blodet.

Biverknader og interaksjonar ved bruk av legemiddel

Med biverknad meiner vi ein uønskt verknad av legemiddelet. Vi kan få biverknader på grunn av allergi, at vi tek legemidlet i for stor dose eller på feil måte. Antibiotika kan til dømes gi biverknader i form av kvalme, utslett og diaré. Moglege biverknader er skildra i pasientinformasjonen som følgjer legemidlet.

Med interaksjon meiner vi at eit legemiddel forandrar effekten av eit anna legemiddel. Forandringane kan vere at eit legemiddel forsterkar, svekkjer eller opphevar verknaden av eit anna legemiddel. Til dømes kan legemiddelet Marevan få forsterka effekt dersom pasienten i tillegg tek Ibux.

Etiske utfordringer innanfor handtering av legemiddel

Det hender at pasientar nektar å ta legemiddel. Pasientar med samtykkekompetanse kan velje å avstå frå helsehjelp og legemiddelbruk. Vel dei å avstå frå helsehjelp, skal dei bli forklarte kva konsekvensar det kan få. Det er ikkje lov til å tvinge eller «lure» i pasientar legemiddel. Å blande tablettar og miksturar i til dømes syltetøy eller annan mat utan samtykke frå pasientane blir rekna som tvang.

Dersom pasienten ikkje har samtykkekompetanse og nektar å ta imot helsehjelp eller legemiddel, kan vi likevel gi helsehjelp med heimel i kapittel 4A i pasient- og brukarretsslova. Lova omfattar personar med demens, psykisk utviklingshemming eller fysiske eller psykiske forstyrringar som svekkjer samtykkekompetansen.

Det er berre lov å gi helsehjelp med tvang dersom det kan føre til stor helseskade å ikkje gjere det, og dersom helsehjelpa er nødvendig. Vedtak om tvungen helsehjelp skal fattast av helsepersonell som er ansvarleg for pasienten, og vedtaket er gyldig i eitt år. Pasienten skal få informasjon om vedtaket, og dei pårørande og eventuelle verje skal også bli informerte.

Legemiddel kan takast på ulike måta

  • gjennom munnen (per os): ulike typar tablettar og miksturar
  • rektalt: stikkpillar (suppositoriar), rektiolar og salver
  • vaginalt: stikkpillar (vagitoriar) og salver
  • inhalasjonspreparat: aerosol, Turbuhaler, diskus og væske via forstøvarapparat
  • injeksjonar: intravenøs injeksjon, intravenøs infusjon, intramuskulær injeksjon og subkutan injeksjon
  • på huda: kremar, salver, liniment, oljar og depotplaster
  • i auge, øyre og nase: nasespray, augesalve og dropa

Utfordringar til deg:

  1. Kva er eit legemiddel?
  2. Forklar kva det vil seie at eit medikament har systemisk eller lokal verknad.
  3. Gi døme på medikament som verkar systemisk, og medikament som verkar lokalt.
  4. Gi døme på biverknader etter eit legemiddel. Bruk gjerne Felleskatalogens pasientutgave og slå opp på legemiddel du kjenner til.
  5. Kvifor er det viktig for deg som helsefagarbeidar å ha kunnskap om verknad og biverknad av eit medikament?
  6. Kvifor er det viktig å observere særleg dei eldre for å sjå etter biverknader? Grunngi svaret.
  7. Eldre pasientar har ofte vanskeleg for å svelgje tablettar. Kva kan vere årsaka til det?
  8. Diskuter med ein medelev korleis ein på best mogleg måte kan administrere og gi medikament til eldre menneske?
  9. Kva er ansvaret ditt som helsefagarbeidar dersom du oppdagar avvik i bruken av legemiddel?
  10. Kva seier pasientrettsloven § 4A om samtykke og bruk av tvang ved legemiddelhandtering?
  11. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar er medviten om dine eigne haldningar til å bruke legemiddel? Diskuter dette i klassen.
  12. Leiaren for verksemda skal vurdere kompetansen til den enkelte helsefagarbeidaren og har ansvaret for at forskriftene for å handtere medikament blir følgde. Kva inneber det for deg som helsefagarbeidar at du har kompetanse til å handtere legemiddel?
  13. Korleis kan du som helsefagarbeidar observere verknader og biverknader av eit medikament? Kvifor er det viktig for deg som helsefagarbeidar å ha kunnskap om dette?

Gruppeoppgåver:

  1. Lag ein plakat av menneskekroppen. Merk av på plakaten kva område som kan behandlast med ulike legemiddel. Kva former for legemiddel kan brukast på dei avmerkte områda?
  2. Vi skil mellom reseptfrie og reseptpliktige legemiddel. Lag ei oversikt over nokre av dei mest brukte reseptfrie legemidla og presenter dei på ein plakat eller i eit hefte. Bruk Felleskatalogens pasientutgave eller Pasienthåndboken og finn ut kva verknader og biverknader dei ulike reseptfrie legemidla har.

Informasjon om legemidler:

Felleskatalogen, Felleskatalogens pasientutgave og Legemiddelhandboka kjem ut både i papirutgåve og elektronisk versjon. Her finst all informasjon om legemiddel, og det er nødvendig at helsefagarbeidaren lærer seg å bruke desse oppslagsverka. I kompendiet Legemiddellære og i lenkja til Fagforbundet og legemiddelhåndtering finn du meir informasjon.

Filer

Relatert innhald

Legemiddel er den vanlegaste medisinske behandlingsforma i norsk helsevesen. På eitt år får to tredjedelar av den norske befolkninga legemiddel på resept. Behandling med legemiddel speler ei viktig rolle for å førebyggje og redusere sjukdom og død, men kan også skape biverknader og andre problem som er relaterte til legemidla. Legemiddelbehandling spiller en viktig rolle i å forebygge og redusere sykelighet og dødelighet, men kan også forårsake bivirkninger og andre legemiddelrelaterte problemer.

Astmaanfall kan førebyggast ved å unngå det som utløyser anfallet, og ved å bruke legemiddel som hemmar betennelsesreaksjonen i slimhinnene i bronkiane.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Ingrid Sciefloe Myhre og Marit Smith Sørhøy. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.11.2018

Læringsressursar

Legemiddel og ansvarsområda til helsefagarbeidaren