Hopp til innhald

Fagstoff

Propagandaverksemd under den andre verdskrigen

Tysk propaganda under den andre verdskrigen var konsentrert om få og enkle bodskap, éin hovudfiende, myten om det store folkefellesskapen og myten om at den ariske rasen er overlegen.
Plakatar med bilete av marsjerande tyske soldatar, den sovjetiske fienden og eit portrett av Adolf Hitler med teksten Ein kamp for Tyskland. Illustrasjon.

Tysk propaganda

Hitler såg opp til den allierte propagandaen under den første verdskrigen. Han forma derfor ein effektiv propaganda som gjekk ut på å hamre inn få og enkle bodskapar gong på gong. Det overordna omgrepet var rase, og det handla om den store folkefellesskapen og om konkrete hovudfiendar som fekk all skyld.

Det fremste propagandamediet for Hitler var radioen og folkemøta. I motsetnad til Hollywood klarte aldri tyskarane å skape god propaganda gjennom spelefilm. Derimot var propagandaeffekten av dei tyske filmavisene svært stor.

Alt i alt gjorde det nazistiske propagandaapparatet ein imponerande jobb, med propagandaminister Goebbels i spissen. På ein måte kan vi seie at Hitler vann propagandakrigen, men tapte den militære krigen.

Sjå filmen German Youth Parade frå 1937 på YouTube.

Engelsk og amerikansk propaganda

Den engelske propagandaen la etter kvart stor vekt på å konfrontere den dyktige propagandaen til Goebbels med verkelege fakta frå frontane for å skape tillit til resten av informasjonen. Denne vektlegginga av fakta og sanning gjaldt også fronten heime.

Den amerikanske propagandaleiinga hadde heilt andre problem. Det var ikkje vanskeleg å forklare amerikanarane kvifor dei måtte kjempe mot japanarane, sidan det var dei som hadde gått til åtak først. Verre var det å få folk til å forstå kvifor amerikanarane òg måtte kjempe krigen i Europa.

Oppskrifta for amerikansk propaganda vart tesen om at USA hadde ei moralsk plikt til å kjempe ein overlevingskamp for demokratiet og den amerikanske levemåten, ein kamp som ville gjere USA moralsk og politisk sterk. Ikkje minst vart filmindustrien i Hollywood trekt aktivt inn i den psykologiske krigføringa.

I videoklippet nedanfor frå 1944 møter vi meinig Donald Duck i kamp mot japanske soldatar som blir framstilte som både feige og dumme.

Sjå filmen Commando Duck på YouTube.

Norsk propaganda

Norsk nazistplakat for verving av frontkjemparar. Foto.

Propagandaen i Hitler-Tyskland spelte i stor grad på antisemittisme. I Noreg var det ikkje mogleg å gjere det same, men all propaganda har bruk for ein ytre fiende. For Nasjonal Samling vart det kommunismen (bolsjevismen) som fekk denne rolla. Dei allierte vart òg framstilte som kyniske utnyttarar av små land.

Dei norske plakatane nytta sterke symbol, og overalt såg ein det gule solkorset som var NS-symbolet. Eit viktig motiv var frontkjemparane.

Plakatar, frimerke og brosjyrar propaganderte for å få norsk ungdom til å melde seg til frontteneste på Austfronten. Det meste av propagandaen vart styrt frå Kultur- og folkeopplysningsdepartementet.

Norsk propaganda frå London

Propaganda frå den norske eksilregjeringa for Noreg og Noreg si sak gjekk gjennom Statens informasjonskontor i London. I alliert språkbruk vart propaganda retta mot eigne, kalla "information", mens propaganda mot fienden fekk nemninga "enemy propaganda".

Størst verknad for publikum heime i Noreg hadde sendingane frå BBC. Det var svært populært å høyre på dei, trass i at dei fleste radioapparata var konfiskerte tidleg under okkupasjonen og det var strengt forbode å høyre på sendingane frå London.

Toralv Øksnevad føre ein mikrofon. Foto.

Tyskarane gjorde ofte razziaer for å stanse radiolyttinga, men folk fann alltid på løysingar som gjorde det mogleg å halde fram med å lytte til "Stemma frå London" og spreie nyheitene og bodskapen som vart formidla der.

Toralv Øksnevad var ein av personane bak Stemma frå London som formidla norsk propaganda i form av "informasjon" til det norske folk frå den norske eksilregjeringa i London. Det var viktig for å halde moralen oppe i den norske motstandsrørsla.

Stemma frå London

0:00
-0:00
CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne og Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2021

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda