Oppgåve: Yrkessituasjon

Kåre seier at han ikkje fekk delta

Publisert: 18.04.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Orienteringspost

Tredje- og fjerdeklassingane ved Sandhaugen SFO løyser ein rebus ved ei hinderløype i skogen. Kåre er på lag saman med tre andre. Då dei kjem i mål, seier Kåre at dei andre sprang frå han, og at han ikkje fekk vere med på å løyse rebusen.

Han fortel det til Nora, for ho er den han har mest tillit til.

1. Tenk deg at du er Nora
  • Kva gjer du?

2. Nora reagerer med å stille spørsmål rundt situasjonen.

  • Korleis bør spørsmåla formulerast?
  • Lag forslag til spørsmål.
  • Korleis kan du sikre at du får med alle sidene ved saka?

3. Har du andre forslag til korleis ein slik konflikt kan løysast?

  • Diskuter i klassen og grunngi forslaga dine.