Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk reklamehistorie 1945–2011

Vareutvalet auka kraftig i etterkrigstida, og det blei kamp om merksemda til forbrukarane. Reklamen utstyrte produkta med tilleggsverdi, og kjendisar som rollemodellar gav reklamen truverde. I vår tid dominerer reklamen media og bybiletet.
Engelsk sigarettreklame fra 1940-tallet

Etter krigen var det tid for å byggje landet opp att. Rasjonering og det magre vareutvalet frå krigen blei smått om senn erstatta av stadig nye produkt i varehandelen, noko som kravde ein aktiv marknadsføring. Etter krigen blei foto av krigsheltar brukte for å gi produkta ein tilleggsverdi.

Varer innan same produktgruppe konkurrerte med kvarandre, og produkta blei stadig meir spesialiserte. Der ein tidlegare hadde ei universalsåpe som dekte dei fleste behova (Sunlight), fekk ein no eigne såper for oppvask, handvask, kroppsvask, hårvask, barnevask osb.

Dette finn vi att i reklamen, som skulle gjere folk merksam på kor viktig det var å kjøpe eigne såper for ulike behov. Tannkremen fekk tilførd all verdas tilleggsverdiar og var ikkje lenger ”berre” tannkrem, men eit vitskapleg utvikla produkt som skulle ta vare på tennene dine på beste måten og gi deg ein eigen ring av sjølvkjensle.

Fotografiet lyg ikkje

Reklame for Nilfisk støvsuger 1970

Den individuelle teiknaren blei etter kvart erstatta av profesjonelle marknadsførarar og salspsykologar som innførte spesialdesigna annonsar for dei ulike målgruppene. Foto blei stadig oftare tekne i bruk, og reklamen blei i større grad resultatet av teamarbeid. Foto blei rekna for meir truverdige i reklamen, og ein fann ut at dei trekte til seg større merksemd enn teikningar.

Det var ikkje noko nytt at kjendisar frå idretts- og kulturliv blei utnytta i reklamen, men dette blei no sett i system. Kjende figurar som Wesenlund og Heide Steen stod fram i mange reklamar, og nye reklameord og omgrep som "sjekkis" gjekk inn i daglegspråket.

Påverknad frå utlandet

På 1960-talet blei norsk reklamebransje internasjonalisert, og dei store verdsomspennande reklamebyråa etablerte seg i Noreg, gjerne ved at dei kjøpte opp dei norske byråa. I dag dominerer dei internasjonale reklamebyråa i den norske marknaden.

Reklamefilm på kino blei ein viktig marknadskanal for produsentane, og dei utanlandske reklamefilmane dominerte den stadig viktigare marknadsføringa av livsstilsprodukt for ungdom. På 80-talet byrja dei reklamefinansierte TV-kanalane å vinne innpass i norske heimar via parabolantenner, og reklamen blei eit fast innslag i mange av dei mest populære kanalane.

Reklame i alle kanalar

Nye former for reklame blei innført, eller reklamen blei gjort meir synleg enn før, som produktreklame i spelefilmar og TV-seriar. Musikkvideoar opna ein ny reklamemarknad for musikk, og for barn kom teiknefilmane som berre hadde som føremål å marknadsføre leikeprodukt (He-Man, Pokemon). Direktereklame i postkassa (DM) auka i omfang, og stadig tjukkare papiraviser med mange annonsebilag blei vanleg.

Sen kveld på Piccadilly Circus i London
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utandørsreklame er ikkje noko nytt, men han er stadig blitt meir dominerande og påtrengjande i det offentlege rommet, i form av lysreklamar, reklamesøyler, reklamar på bilar og bussar, veggflater osv.

Klede som reklamerer for sitt eige produktnamn, er òg noko forholdsvis nytt i reklameverda.

Internett og sosiale nettverk har ført til at reklamen rettar seg direkte til deg, skreddarsydd til deg og dei interessene du har.

Eit bilete på vår tid

Ein analyse av reklamar frå ulike tidsperiodar vil vise at dei på godt og vondt er eit spegelbilete av tida dei blei til i. Reklamen viser ideal og verdiar i samfunnet, men reklamen er samstundes noko meir. Dei ulike reklameuttrykka påverkar haldningane og ønska våre, og er med på å forme kvardagen og tilhøvet vårt til verda omkring oss. Reklame kan også spele på nasjonal identitet.

Reklamen påverkar oss som enkeltpersonar og som grupper, og ofte spelar han på nasjonal identitet, noko vi kan sjå av reklamehistoria. Samstundes er reklamen i Noreg prega av stadig meir internasjonal reklame, noko som styrer utviklinga av språk og haldningar bort frå det norske.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 28.06.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)