Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk reklamehistorie 1850–1920

Rundt 1850 byrja avisene å trykkje små produktannonsar, og annonsane blei eit viktig innteksgrunnlag for avisene. Marknadsføring som fag blei til i USA, og visuelle verkemiddel blei brukte målretta for å påverke kunden.
Annonse for julegave til fattige i Aftenposten 1888.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei første eigentlege reklamane i Noreg kom som små produktannonsar i aviser frå 1850-talet og utover. Det var gjerne ein tekst som skrytte uhemma av eit produkt. Etter kvart blei reklameannonsane illustrerte av enkle teikningar. Overskriftene voks i storleik, og annonsane kom til å ha mykje å seie for avisøkonomien.

Annonsøren sa i grunnen berre ”kjøp varene mine”, eit motto som også gjeld annonsane i vår tid. Dårleg trykkvalitet og dårleg avispapir gjorde sitt til at annonsane frå den tida står fram som enkle og primitive, men like fullt hadde dei stor verknad på publikum.

Reklameplakatar

Lautrec ambassadeurs, aristide bruant (poster) 1892

Frå 1880-talet førte betre framstillingsteknikkar til at kvaliteten på bileta blei merkbart betra, og dei første reklameplakatane dukka opp.

Emballasje blei kosta på frodige og fargestrålande bilete, og alt frå hermetikk til tobakk fekk øskjer som små kunstverk. Det voks fram ein eigen grafisk industri som hadde reklame som ei viktig produktgruppe.

Annonsane på byrjinga av 1900-talet hadde ofte bilete av produktemballasjen, eller inneheldt symbol som briller for optikar og nål og tråd for skreddartenester. Framleis var utforminga stort sett enkel og grei.

Påverknad frå USA

Men snart byrja påverknaden frå USA for alvor å gjere seg gjeldande. USA var det store reklamelandet, som utvikla marknadsføring og nye reklameformer for eit kjøpesterkt publikum. Ikkje minst byrja ein å forstå kor viktig bilete og det visuelle uttrykket var i reklame og annonsar.

Vi fekk eigne reklameforeiningar, reklameblad og reklameskule. Fleire dyktige norske teiknarar tok i bruk humor i reklamen, og med bakgrunn i vekeblada og humorblada som kom ut på denne tida, laga dei mykje underhaldande reklame.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 20.06.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)