Hopp til innhald

Fagstoff

Handhygiene som grunnleggjande smittevernrutine

Handhygiene er det enklaste, rimelegaste og beste tiltaket for å hindre overføring av smitte. Dessverre er det slik at helsepersonell reingjer hendene sine i mindre enn halvparten av dei tilfella der dei bør gjere det.
Hender som blir vaska under rennande vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handhygiene

Hendene er den nyttigaste reiskapen vi har som helsearbeidarar, i tillegg til evna vår til å kommunisere og observere. Hendene er samtidig den reiskapen som kan gjere mest skade, fordi dei medfører ein risiko for direkte og indirekte kontaktsmitte.

Truleg er 20–30 prosent av alle nosokomiale infeksjonar (sjukehusinfeksjonar) eit resultat av for dårleg eller manglande handhygiene. Riktig utført handhygiene fjernar opptil 99 prosent av bakteriane frå hendene.

Tenk over

Hendene blir forureina av alt vi tek i, og vi forureinar hendene våre både medvite og umedvite. Medvite vil seie at vi veit at hendene våre blir forureina når vi nyttar dei i arbeidet vårt. På kva måtar forureinar vi hendene våre umedvite?

Handdesinfeksjon

Handdesinfeksjon er førstevalet for handhygiene når hendene er tørre og ikkje synleg forureina. Hugs at ved handdesinfeksjon er det viktig at hendene er tørre. Fukt reduserer effekten av desinfeksjonsmiddelet.

Fordelane med handdesinfeksjon er at

  • det drep mikroorganismar meir effektivt enn såpe og vatn
  • det er enklare
  • det er lettare tilgjengeleg
  • det sparer tid (tek berre halvparten av tida det tek å vaske hendene med såpe og vatn)
  • det er hudvenleg

Handvask

Vi skal vaske hendene med såpe og vatn når dei er synleg tilsølte eller forureina med blod eller andre kroppsvæsker. Handvask er derfor naudsynt når vi har vore i kontakt med kroppsvæsker, ekskrement, slimhinner eller hud som ikkje er intakt, og dessutan sårbandasjar.

Vi vaskar òg hendene når vi nyttar hanskar, handterer mat eller har vore på toalettet. Handvask er viktig fordi desinfeksjonsmiddel ikkje fysisk fjernar ureinskapar frå desse aktivitetane, og fordi organisk materiale reduserer effekten som desinfeksjonsmidla har på mikroorganismar.

Personleg hygiene

For at handhygienen skal ha ønskt verknad så hendene blir reine nok, er det viktig at negler er korte og avrunda, og at ikkje vi nyttar ringar eller armband på jobb.

Dersom vi har lange negler, festar det seg skitt under neglene som vi ikkje får fjerna ved vanleg handhygiene – verken ved å vaske hendene eller nytte handdesinfeksjon. Det same gjeld for ringar, armband og armbandsur. Under smykke får vi heller ikkje tørka godt nok når vi har reingjort hendene våre, og det gir grobotn for mikroorganismar.

Langt hår skal setjast opp eller bindast saman bak. Hår og hårbotn inneheld mange mikroorganismar, òg ofte gule stafylokokkar som kan gi infeksjonar hos pasientar.

Hostehygiene

Når vi hostar eller nys, og når vi har auka sekresjon frå luftvegane, er det viktig at vi – både helsepersonell, pasientar og pårørande – er svært forsiktige for å hindre smitte.

Vi må unngå å nyse eller hoste direkte mot andre. Vi skal då dekkje munn og nase med papir som vi kastar med ein gong. Vi bør òg vurdere om den som hostar eller nys, skal nytte munnbind i bestemde situasjonar. Vi skal alltid reingjere hendene når vi har vore i kontakt med luftvegssekret.

Utfordringar til deg

  1. I kva tilfelle skal du vaske hendene med såpe og vatn, og når skal du desinfisere hendene?
  2. Gjer greie for korleis covid-19-pandemien har endra haldningane dine til

    1. handhygiene

    2. hostehygiene

    3. bruk av munnbind

    4. personleg hygiene

Relatert innhald

Kunnskapane til fagarbeidaren om kor viktig god handhygiene er, er avgjerande for helsa og velværet til brukaren.

CC BY-SASkrive av Jørn Stordalen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2021

Læringsressursar

Grunnleggjande smittevernrutinar