Fagstoff

Nyttige adresser når du jobbar med temaet nedsett funksjonsevne

Publisert: 29.03.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Fysisk aktivitet

Her finn du nokre nettstader som kan vere nyttige når du jobbar med temaet nedsett funksjonsevne. Nedsett funksjonsevne er eit stort og viktig område som du kan bruke mykje tid på å fordjupe deg i dersom du ønskjer det.

Gutt som jobbar med PC. Illustrasjon.Niels Henrik jobbar med pc 

 

 

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du halde deg fagleg oppdatert. Det vil seie at du heile tida må følgje med slik at du får med deg dei endringane som skjer.

 

 

Teikning av gut som skriv. Illustrasjon.Å søkje informasjon 

Du finn mengder med fagstoff når du søkjer på nettet. Hugs å vere kritisk til det du finn, for det er ikkje alt som er like seriøst.

Det finst interesseorganisasjonar for fleire typar funksjonshemmingar. Dei sidene du finn her, er difor berre eit lite utval.

Unge funksjonshemmede
«Unge funksjonshemmede» er eit samarbeidsorgan for ungdomsorganisasjonane til dei funksjonshemma i Noreg.

Blindeforbundet.no
Norges Blindeforbund er organisasjonen for alle som ser dårleg.

Ung.no - funksjonshemmet
Her får du svar på det du lurer på. Nettstaden er driven av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Under temaet «rasisme» finn du fagtekstar og spørsmål med svar. Her finn du også testar og quizar.

Forskning.no

  • Ifølgje Forskning.no er dette den største nettbaserte kanalen i Norden for formidling frå norsk og internasjonal forsking.
  • Søk på funksjonshemming, funksjonsnivå og funksjonsevne. Då finn du ulike artiklar om forsking på området.

Hørselshemmedes landsforbund
HLFU (Hørselshemmedes Landsforbunds Ungdom) er organisasjonen for unge og unge vaksne (0–35 år) med ulike former for hørselsutfordringar som nedsett hørsel, tinnitus, Ménières og CI.

«Vårt mål er et samfunn der unge med hørselsutfordringer har like muligheter som normalthørende.» (hlfu.no)

Helsedirektoratet
Her finn du mange spennande sider både om funksjonshemmingar, nedsett funksjonsevne, psykisk helse og kostrelaterte sjukdommar.

Utfordringar til deg

  1. Gjer deg kjend på nettstadene over.
  2. Noter ned adresser på andre gode nettstader du finn.