Hopp til innhald

Fagstoff

Eit godt liv med nedsett funksjonsevne

Vi ønskjer å presentere ulike former for funksjonshemmingar, og å belyse kva som er utfordrande, og kva som er mogleg, når ein har desse funksjonshemmingane.


Utfordringar til deg

Oppgåver til filmen «Å leve med synshemming»

Sjå dokumentaren Å leve med synshemming Her møter du Kristine som har augessjukdommen Retinitis pigmentosa og er i ferd med å bli blind.

  • Kristina har lært seg ADL-ferdigheiter på vanleg måte gjennom oppveksten. På kva måtar kan sjukdommen påverke dei daglege aktivitetane i livet hennar i tida framover?
  • Kva trur du håpet og det positive synet på livet har å seie for korleis Kristine meistrar kvardagen?
  • Kva hjelpemiddel og anna form for tilrettelegging er nyttige for at ein blind person skal vere mest mogleg sjølvhjelpt i kvardagen? Du finn forslag til hjelpemiddel på NAV Hjelpemiddeldatabasen.
  1. Kva er det første Kristine fortel nye folk ho møter?
  2. Kvifor synest ho det er viktig å fortelje andre om synshemminga si?
  3. Kva for utslag gir synshemminga hennar?
  4. Kva for moglegheiter ser Kristine, trass i synshemminga?
  5. Kva har musikk å seie for Kristine?
  6. Korleis klarer ho å spele teater?
  7. Kvifor er det viktig for henne å få barn så fort som råd?
  8. Kva for verdi har det å finne andre som har den same diagnosen som deg sjølv?
  9. På kva måte viser Kristine at ho er positiv til at livet skal gå bra?
Oppgåver til filmen «Å sjå kva som er mogleg når du er rørslehemma»
  1. Kva gjorde Lars tidlegare?
  2. Kva skjedde med Lars?
  3. «Jeg regnet med at det skulle ordne seg som det alltid gjør.» Kva tenkjer du om denne utsegna?
  4. Kva for nye interesser har Lars fått etter ulykka?
  5. Kva fortel denne filmen deg om å fokusere på det som er mogleg?
Oppgåver til filmen «Møt Katry som har cerebral parese»
  1. Kva har Katry gjort?
  2. Kva handlar boka om?
  3. Kva gjer Katry på aktivitetshuset?
  4. Kva er cerebral parese?
  5. Kva gjer Katry for å møte andre, og kva gjer ho for å få dekt behovet for sosialt fellesskap?
  6. Korleis har Katry brukt ressursane sine?
Oppgåver til filmen «Å leve med sjukdom»
  1. Korleis forklarer legen forskjellen på korleis menneske taklar sjukdom?
  2. Kva er meint med å tone ned sjukdommen?
  3. Kvifor er meistring så viktig?
  4. Han seier: "Noen sykdom har jeg ikke fått.» Kva kan han meine med det?
  5. Kvifor er det viktig å tenkje smått når ein blir skadd?
  6. Kva er meint med «frisk nok for livet»?
  7. Kva er forskjellen på ein sjukdom og ei funksjonshemming?
Oppgåver til «Eit godt liv med nedsett funksjonsevne»
  1. Sjå filmen øvst på denne sida. Kva for tankar gjer du deg etter å ha sett han?
    Diskuter innhaldet i filmen med klassen din.
  2. Gjer deg kjend med relasjonane du finn i lenkjesamlinga.
  3. Kvifor er det viktig for deg som barne- og ungdomsarbeidar å ha kunnskapar om funksjonshemmingar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Gro Nedberg Grønlid og Lene Fossbråten.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar