Fagstoff

Nedsett funksjonsevne

Publisert: 28.03.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Fysisk aktivitet

Her finn du ei samling av fagstoff, filmar, lenkjer og oppgåver knytte til temaet nedsett funksjonsevne. Mykje av det du finn her, er også knytt til andre tema i læringsressursen, men då som enkeltoppslag.

Barn leker i sanden. Foto.Kven har nedsett funksjonsnivå?   

 

Person med bind for øynene. Foto.Moglegheiter eller avgrensingar? 

Som elev på Vg1 helse- og oppvekstfag las du blant anna dette:

Vg1 meny - Ulike føresetnader

Sjå om du treng å repetere noko av dette før du går vidare.

Dei aller fleste menneske opplever å ha nedsett funksjonsevne i kortare eller lengre delar av livet sitt. Kor nedsett funksjonsevna er, og om ho er varig eller forbigåande, kan variere.

Nokre menneske har så store funksjonshemmingar at dei treng hjelp frå andre for å meistre kvardagen.

 

Universell utforming  

Du finn eit eige kapittel om universell utforming under   «oppvekstmiljø».

Tenk over

  1. I læreplanen din er ikkje omgrepet funksjonshemming eller nedsett funksjonsevne nemnt i noko kompetansemål.
    – Kva kan vere grunnen til det?
    – Kvifor skal du då lære noko om dette emnet?
  2. Lag eit tankekart over det du kan om nedsett funksjonsevne. – Samanlikn tankekartet med fagstoffet på Vg1.
    – Undersøk om det er fagstoff frå Vg1 som du treng å repetere før du går i gang med fagstoffet på Vg2.
    – Ta fram tankekartet på slutten av skuleåret og sjå om du har lært noko.
  3. Bruk bileta og videoen på sida som inspirasjon til ein tekst om nedsett funksjonsevne.
 

Oppgåver

Praktisk stoff for

Generelt