Hopp til innhald

Fagstoff

ADL – aktivitetar i dagleglivet

ADL er forkorting for "Activities of Daily Living", som vi på norsk kallar aktivitetar i dagleglivet. ADL omfattar alle dei aktivitetane og handlingane vi utfører frå vi vaknar om morgonen til vi legg oss om kvelden.
Bebuar og helsefagarbeidar som ler saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er vanleg å dele ADL i to ulike kategoriar: primære ADL og instrumentelle ADL.

Primære eller personlege ADL

Primære eller personlege ADL vil seie dei aktivitetane som er ein del av privatlivet vårt. Det kan vere å stå opp av senga om morgonen, gå på toalettet, vaske oss, ta ein dusj, kle på oss og ete. Dette er dei grunnleggjande aktivitetane vi gjer for å ta vare på oss sjølve.

Instrumentelle ADL

Instrumentelle ADL handlar om meir krevjande aktivitetar. Det kan vere å ta hand om hus og heim ved å lage mat, dekkje bordet, gjere husarbeid, passe barna og halde orden på økonomien.

Instrumentelle ADL omfattar òg aktivitetar vi gjer utanfor heimen og i samhandling med andre: gjere innkjøp, ta bussen, køyre bil, gå på skulen, vere på jobb og delta i ulike aktivitetar på fritida.

Dei fleste aktivitetane i kvardagen, til dømes aktivitetar på skulen, arbeidsplassen eller i fritida, inneheld fleire ADL-komponentar frå både primære ADL og instrumentelle ADL.

Utfordringar til deg

  1. Lag ei oversikt over alle aktivitetane du gjennomfører kvar dag, frå du står opp til du legg deg om kvelden. Del desse aktivitetane inn i primære ADL og instrumentelle ADL.
  2. Kva ADL-ferdigheiter har du som gjer at du meistrar alle desse aktivitetane?
    Oppsummer erfaringane i samla klasse.
  3. Kvifor er det nyttig for ein framtidig helsefagarbeidar å lage ei slik liste?
CC BY-SASkrive av Lene Fossbråten.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021

Læringsressursar

Kvardagsmeistring